Berre ideen om at ein mann samla songar og skreiv dei ned i ei bok til seg sjølv, er poetisk. Til trøyst, styrke – ein eigenterapi i ei verd som er hard å vere menneske i. Tekstane handlar om Gud, arvesynd og brutal natur, men også takksemd over velskapte born. I boka teiknar Mette eit bilete av verda rundt Kjørren, slik at vi i dag får tilgang til denne verda.

Dramatiske hendingar står sentralt i tekstane. Nattefrosten i 1772, Storofsen i 1789, svolt og naud som fylgde etter desse, og den siste store koppeepidemien i Noreg. Kjørren skriv også om sorga etter å miste kona si, og sjølv om han ikkje skriv om det direkte, så veit vi at han også miste mange barn, noko som ikkje var uvanleg på den tida. Ein kamp for tilværet.

Boka: ein filosoferande handverkar

«Til leseren» stod det ofte i eldre bøker (…) Dette arbeidet har resultert i prosjektet Vor Suplicas, vår bønn, og denne boken er vår leserveiledning til andre som vil bli bedre kjent med Østen og sangboken hans.

Slik skildrar Mette prosjektet sitt. Tekstane til Kjørren er djupt religiøse, og både språk og biletbruk treng ei tidsreiseomsetjing for å gi ordentleg meining for oss i dag. Dette får vi heldigvis frå Mette Vårdal. På tidleg 1900-tal vart forresten Kjørrens tekstar beint fram «slakta» av folkeminnesamlar og målmann Ivar Kleiven – dei var enkle, plumpe og skrivne i eit stivt dansk språk, meinte han.

Kjørren var handverkar, treskjerar, og har mellom anna utforma fleire altertavler i Gudbrandsdalen, Valdres og Østerdalen. I møte med tekstane aleine, hadde eg kanskje kjent på ein avstand til mannen, kanskje fått eit inntrykk av at dette var ein streng, mørk mann. Men i lesinga av tekstane, gjennom møtet med treskjeringane og med korleis Vårdals skildrar verda hans, så ser eg no Østen levande for meg som ein kjenslefull, filosoferande og poetisk mann.

Boka har fått ei vakker utforming, i matt papp, jordfargar. Vekslinga mellom songtekstane presentert side om side med treskjerarkunsten gir ei kvile, og tilfører ein god rytme i lesinga. Mellom enkle, ordna tekster om «barndommen», «omvendelsen», «herkomsten» og så vidare, står tekstane til Kjørren tydeleg for seg sjølv. Denne vekslinga fører oss nærare mannen og inn i tekstane, steg for steg, på ein engasjerande måte. Språket er lett og effektivt, og blandar fint tørre fakta og levande, biletlege skildringar. Og akkurat dette er ekstra viktig når språket i Kjørren sine songar nettopp står i tungt dansk.

Ved tekstane er også Vegar Vårdal sine nye melodiar og refleksjonar rundt dei. Melodiane er presentert med notar og besifring slik at ein kvar heimemusikar kan spele songane og gjere dei til sine eigne. Dette er ei bok som skal brukast, akkurat slik som Østen sjølv gjorde med si bok.

Skal ein pirke på noko, så er det difor synd at boka heng noko tynt i hop. Dei første sidene losna frå permen tidleg i lesinga.

Vor Suplicas - bok og plate
Mette & Vegar Vårdal: Vor suplicas. Østen Kjørren og hans sangbok (Bok)
  • Kultivator, 2022
  • 192 sider, hefta
  • Tekst ved Mette Vårdal; musikknotasjon ved Vegar Vårdal

Plata: tek Østen på alvor

Eg leste halve boka før eg sette på musikken. Dette var eg eigentleg glad for. Slik fekk eg eit forhold til tekstane først, og høyrde kanskje for meg ei toneverd allereie. I lyttinga av Vor Suplicas, så kjenner eg at Vegar og musikarane han har med seg har teke Østen på alvor.

Eg må berre opne med å snakke om Vegar Vårdal sitt spel, for det er det første som slår i mot meg. Det er umiskjenneleg. Det er akkurat som fingertuppane dansar på strengane, han har ein slik lett og presis frasering som hoppar av garde i melodiar og tonebroderi. På «Ild» høyrer du fingerdansen tydeleg, Mari Midtli spelar også fele her, og i samspel fargar dei ei rik klangverd på instrumentalen.

Vor Suplicas - bok og plate
Vegar Vårdal, Mari Midtli & Oddrun Lilja Jonsdottir: Vor suplicas (plate)
  • Talik, 2022
  • 12 spor, 49 min.
  • Produsert av Vegar Vårdal og Mette Vårdal

Vårdal gjorde lurt i å invitere den musikalsk altetande gitaristen Oddrun Lilja Jonsdottir med på dette. Ho har etter kvart ein rik CV når det kjem til tradisjonsmusikk frå heile verda, og har med seg eit ope sinn frå improvisasjonsmusikken. Det er imponerande korleis ho klarer å få klangen av gitaren til å passe naturleg inn i lydbiletet. Ho har også eit vakkert koral-aktig spel på gitaren, på for eksempel «Jordens orden og rikdom», der den akustiske gitaren nærmast blir behandla som eit trøorgel.

Hennar sterkaste kvalitet er kanskje å lime seg tett på songen og fela. Frasering og dynamikk er heile tida medvite, naturleg og intuitivt. Ho står heller aldri i vegen for den enkle framføringa av teksten. Det er ikkje føleri, som fort hadde vorte eit forstyrrande element.

Høgdepunktet kjem tidleg på plata – å høyre Midtli synge «Med glade rop» går rett i nerven. Intimt, ljost og med ei naturleg menneskeleg luft på stemma. Ikkje alle melodiane er Vårdal sine nye. Ein av dei som er lånt, er Bach sin tidlaust sterke melodi som kanskje er mest kjent med teksten «Velt alle dine veie». Her har den fått Kjørrens tekst «Verden vil forgå», der Oddrun Lilja igjen spelar underleg vakkert og nedpå til.

På «Redsel» kastar Vegar seg på pianoet i samspel med vrengt gitarsolo. Denne er meir teatralsk tolka, og skil seg nok mest ut frå resten av plata. I mine øyrer kolliderer dette i for stor grad med resten av uttrykket på plata. Vegar Vårdal er nok heller ikkje like sterk på piano som han er på fela.

Vor Suplicas er eit ambisiøst prosjekt. Mette og Vegar Vårdal har lagt ned eit imponerande stykke arbeid i å samle informasjon, komponere nytt, omarbeide tekstar og presentere alt i ei engasjerande form. Men etter å sjølv no ha dykka ned i bok og musikk, sit eg igjen med eit inntrykk av at dette fekk dei til. Det er omtrent som eg har besøkt Østen sjølv, snakka med han og høyrt på han.

I omslaget til plata skriv musikarane om at dette er deira bøn, og låner frå Østen Kjørrens Vor Suplicas (Vår bøn). På plata ligg fokuset på Kjørrens tekstar om naturen og korleis han held seg til den, og knyter soleis tekstane til vår dag i dag der verda er i ubalanse med elementa. Det er slike refleksjonar som opnar opp tekstar frå 1700-talet – og desse tekstane opnar opp nettopp slike refleksjonar.