Tekst og foto: Jostein Aardal

- Dette har vorte eit av dei viktigaste prosjekta mine. Vi har laga noko eg føler er veldig mektig og følsomt. Eg trur vi får fram superkrafta i folkemusikken og folkedansen, seier Silje Onstad Hålien etter nok ei sterk framsyning saman med Sivert Holmen, denne gong i Steinkjer kulturhus.

Framsyninga var ein del av tilbodet «Hilmar året rundt» i regi av Hilmarfestivalen. Duoen Hålien-Holmen kjem forøvrig tilbake til Steinkjer under Hilmarfestivalen i starten av november. Men først skal dei ha framsyning under Folkemusikkveka i Ål i slutten av mai. Og så drar Hålien og Holmen til Rudolstadt i Tyskland der dei skal ha tre framsyningar.

Smeltar saman: - Eg har jobba med musikarar på golvet i mange forestillingar før, men har aldri opplevt å kunne gå så lang med som med Sivert. Det er så spennande at vi kan få dansen og musikken til å smelte stå saman, seier Silje Onstad Hålien.

- Vi trur ÒME kan fungere også utanlands. Det har fleire sagt til oss. Folk kjenner seg igjen i det dei ser og høyrer. Det er liksom universelt, seier Hålien.

- Det blir spennande å opptre i Rudolstadt. Kanskje blir dette starten på eit langsiktig prosjekt. Vi håpar at ÒME vil ha eit liv over ei viss tid, seier Holmen.

Begge har hatt prosjekt kvar for seg men også arbeidd mykje ilag. Dei nøler ikkje med å dele ut kompliment til kvarandre.

- Å vere saman med Silje er som å ha tilgang til ein konstant straum av kreativitet. 

- Sivert er ikkje berre eit heilt vidunderleg menneske. Men han skriv dansar. musikk som kryp heilt inn i sjela di. Han er den musikaren eg har jobba med som eg har kunne gå lengst med som 

Starta med minnekonsert

- Korleis vart ÒME til?

­­Hålien: - Det starta i Valdres for ganske mange år sidan. Då skulle eg og Sivert lage ein duett på minnekonserten etter Torleiv Bolstad. Mange spelemenn fekk i oppdrag å tolke ein låt. Det skulle også vere dans på ein slått. Vi laga ein duett og kjende at dette var noko vi hadde lyst å utvikle til ei full forestilling.

Tradisjon: Publikum fekk også sjå tradisjonell bygdedans i forestillinga som starta etter at Sivert Holmen og Silje Onstad Hålien deltok saman i ein minnekonsert for Torleiv Bolstad.

Holmen: - Silje spurde ikkje om eg kunne sitje eller stå, for det likar spelemenn, men om eg kunne bevege meg rundt omkring. Begge fekk vi ei kjensle av at det var materiale som gjekk an å utforske vidare.

Hålien: - Sivert er også dansar som jobba med å kombinere spel og dans. Eg har jobba med musikarar på golvet i mange forestillingar før, men har aldri opplevt å kunne gå så lang med som med Sivert. Det er så spennande at vi kan få dansen og musikken til å smelte saman. Eg kan gjere noko som han plukkar opp på fela. Så kjem dette tilbake, og eg tolkar det på min måte. Det blir lag på lag med dans og musikk. Vi opplever så mange frie assosiasjonar som publikum kan relatere til sine liv. Det oppstår noko i desse situasjonane og augneblinkane.. 

Holmen: - Eg har vore musikar på andre forestillingar som Silje har gjort. Vi har samarbeidd blant anna i «Dei gamle er eldst» med pensjonerte hallingdansarar og i barneforestillingar.

Etterklangen - òme

Hålien: - Og så fann vi òme, dette ekkoet som ligg att i eit rom. Vi utforskar det med mange tilnærmingar. Eg kan danse i stillheit utan musikk, og denne dansen kan vere like viktig som dans med lyd.

Holmen: - Som spelemann kan du få ein impuls eller apell frå dansaren. Så svarar du på dette, og det skjer innanfor eit lite sekund. Det er noko anna å få ein impuls som varer lenger, eit dansestrekk som ein ikkje har lyd og så kan vi setje lyd på det etterpå. Det er for oss òme. Å spele på det du har sett eller danse til det du har høyrt. Òme er etterklang.

Impuls: - Som spelemann kan du få ein impuls eller apell frå dansaren. Så svarar du på dette, og det skjer innanfor eit lite sekund. Det er noko anna å få ein impuls som varer lenger, eit dansestrekk som ikkje har lyd, konstaterer Sivert Holmen.

Hålien: - Vi utnyttar stilla og lar melodien få lande i rommet. Vi stoppar opp litt og tar oss ein pust imellom. Det blir noko menneskeleg ved det.

Holmen: - Dette var inngangen. Så har vi jobba fram ei forestilling som har mange ulike element. Det fine er at folk opplever dette med seg sjølve som utgangspunkt og ser sine eigne liv i forestillinga. Det har vi fått mange tilbakemeldingar om. ÒME er så åpen at folk kan lese det dei vil inn i dette, alt etter kven du som publikum er, kva du har i ryggsekken din og kva du tenkjer på.

Hålien: - Vi vil gjerne føre publikum inn i ein tilstand av nærver, ei «nedpå»-forestilling med pust og rom for refleksjon. Eg opplever at mange blir berørt.

Kjem tilbake: Fesitvalsjef Majken Lien Jørgensen og dansemedarbeidar Embla Olsen er glade for å få Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen tilbake til Steinkjer under Hilmarfestivalen i starten av november. Men først skal duoen til Folkemusikkveka i Ål i slutten av mai og så til Tyskland.

- Korleis opplevde de dette i Steinkjer?

Hålien: - Det var eit heilt nydeleg publikum. Vi merka så godt at det fanst ei lading i rommet. Dette kan vi ta inn i stykket og lade oss sjølve på. Det var eit veldig gjensidig møte. Vi merka at publikum er til stades og pustar med oss på ein måte. Det var liksom heilt stille, ein lada stillheit.

Holmen: - Og så herleg når nokre humrar, ler litt eller dultar i sidemannen.

Hålien: - Og nokre som held pusten før det kjem ein lang utpust. Det er berre magisk, skikkeleg mektig. 

Nyskriven musikk

- Er all musikken i stykket nyskriven eller er noko henta frå gammalt materiale?

Holmen: - Det er masse element frå tradisjonsmusikken. Eg lagar musikk som tradisjonsmusikar. Ein melodi - ein lyarlått som eg har gjort om til halling og bearbeida ein del - kan reknast som rekomponert. Men alt anna i forestillinga er ny musikk.

Refleksjon: - ÒME har vorte eit av dei viktigaste prosjekta mine. Eg trur vi får fram superkrafta i folkemusikken og folkedansen, seier Silje Onstad Hålien etter nok ei sterk framsyning saman med Sivert Holmen, denne gong i Steinkjer kulturhus.

- Dette er nydeleg, altså. Sivert skaper musikk som kryp inn i sjela mi.

- Har de nye prosjekt på gang?

– Det har vi, både saman og på kvar vår kant. Men det er litt tidleg å røpe noko av dette.