Tekst og foto: Bjørn Karsrud

Ådne Geicke Kolbjørnshus baud verkeleg på seg sjølv i eit nær fullsett kulturhus på Fagernes – som ein del av «Hilme året rundt». Saman med to dyktige utøvarar, Sivert Holmen på hardingfele og vokal og Andreas Bratlie på tangent, perkusjon og vokal, skapar han godt folkedansteater som fortener eit stort publikum.

– Det er kjekt å oppleva god respons på heimebane, seier Kolbjørnshus, som sjølv står for både manus, idé og konsept – og som har hatt med Vetle Springgard som dramaturg og Morten Kjerstad på regi.

Mange valdrisar har opplevd Kolbjørnshus som hallingdansar opp gjennom åra, men slett ikkje alle har møtt han som både dansar og skodespelar. Heil ved-framsyninga er tidlegare sett opp på Riksscenen i Oslo, på Sprang – Landsdelsscenen for dans på Ål og på Rosendal Teater i Trondheim i regi av Trondheim Folk.

Svinging: Sivert Holmen bidrog ikkje berre på hardingfele, men også med replikkar og dans. Her svingar han på Ådne Kolbjørnshus i ein sekvens med akrobatisk dans.

 Dating, kjærleik og ved

Det er ei danseframsyning som handlar om dating, kjærleik, ved, erkjenning og sjølvrespekt. Gjennom dans, akrobatikk, vedkløyving, musikk og underfundige replikkar deler hovudpersonen den sjølvransakande reisa si mot det store, utfordrande målet: å få seg kjærast. Eller som han sjølv seier frå scenen: Framsyninga er ein gedigen kontaktannonse etter fem års singelliv.

«Heil ved» er på sett og vis ei form for folkemusikkteater, men i framsyninga står han også fram som ein solo standup-artist som vekslar mellom både det humoristiske og det djupt alvorlege. – Målet har vore å bruke eigne erfaringar for å syne fram ein problematikk som fleire vil kjenne seg att i, seier Kolbjørnshus.

I framsyninga spelar han på eit vidt register, der han er både sjølvironisk, humoristisk og utleverande om sin eigen folkemusikk-karriere. Han viser oss den personlege lidenskapen sin for ved og vedhogst som nærmast vart som ein terapi då mor hans vart dødssjuk og gjekk bort. Og ikkje minst dreier det seg om jakta på kjærleiken.

Det handlar også om vegen fram for ein ungdom frå Vestre Slidre som har drive både med turn og snøbrettkøyring før folkemusikken tok tak i han og løfta han fram på dei folkemusikalske scenene. Gjennom prosjektet Bygda dansar fekk han som 16-åring full tenning på folkemusikken. Og deretter gjekk det slag i slag.

Mange prosjekt

Som dansar i Frikar fekk han blant anna sjansen til å reise på turné med ingen ringare enn Grand Prix-vinnaren Alexander Rybak. Stikkord elles er blant anna dansekompania Villniss og Kartellet, eigenproduksjonen Døgeniktenes debatt og Putti Plutti Pott.

– Du har også vore dansar, skodespelar og instruktør på det suksessrike Västanå Teater i Sverige i fem-seks år. Ser du for deg at du kan vera med og skapa eit tilsvarande folkemusikkteater i Valdres?

– Eg er veldig glad i den forma for scenekunst og har nok tenkt i dei banar. Men akkurat no er eg mest oppteken av den nye jobben min som dagleg leiar for Strunkeveko og har fullt fokus på dette. Og det ser ut til å bli bra. Så langt er det bra med påmeldingar.

Kast: Eit tradisjonelt hallingnummer var sjølvsagt også ein del av framsyninga.

Stiller på Landskappleiken

– Du har vunne Landskappleiken i lausdans to gonger. Stiller du opp også i år?

– Ja, det er planen, seier Ådne Kolbjørnshus.

For dei som lurer, framsyninga til Ådne Geicke Kolbjørnshus er ikkje noko plagiat av framsyninga med det tilnærma same namnet på Det Norske Teatret.

– Vi hadde planlagt dette over lengre tid og var i ferd med å sleppe tittelen då framsyninga på Det Norske Teatret vart lansert, seier Kolbjørnshus, som også ynskjer å presisere at framsyninga alt var bestilt av «Hilme året rundt» før han fekk jobben som kurs- og arrangementsansvarleg i Valdres Folkemusikkarrangement AS.

Utøvarane: Dette trekløveret beståande av (frå venstre) Ådne Geicke Kolbjørnshus, Sivert Holmen og Andreas Bratlie framførte glimrande scenekunst.