Spelemannen Sjur Berge har vore so godt som heilt vekkgløymd i munnleg tradisjon. Vidar Underseth presenterer her gjennom notar og CD ein spelemann med eit enkelt, litt alderdommeleg og på mange måtar primitivt slåtterepertoar – men utan at uttrykka «enkelt» og «primitivt» vert tillagt noko negativt. Me kan soleis sjå korleis det alderdommelege har utvikla seg fram til i dag. Men slåttane kan sjølvsagt brukast og spelast nett slik dei er noterte, både i solo og samspel.

Sjur Berge og Anders Sagen kom begge frå Berge i Vadheim/Høyanger. Det er ikkje urimeleg å tru at dei begge var prega av det same spele-idealet, og at dei delvis spelte dei same slåttane. Det kan òg nemnast at spelemenn på Berge hadde spel og slåttar etter Knut Lurås, Tinn, og Anders Haga, Voss.

I mange av ristetaka – triolane – kling alle dei tre tonane likt i same tonehøgde, eller i alle fall to påfølgjande kling likt. Denne spelemåten var nok brukt endå meir tidlegare.

Berge brukar dobbeltgrep, men ofte er det berre ein laus nabostreng som kling med som bordun. Sameleis brukte Berge «opne klangar» med to lause nabostrenger, der spelemenn i dag gjerne ville ha brukt veslefingeren.

Ut frå notane kan det sjå ut som om at Berge brukte ein del eintonig spel, altså pauseteikn der ein forventar ei medklingande stemme. Men dette kan òg vera ein måte å forenkla noteringsarbeidet og notebildet.

Når det gjeld spelemåten, er det somme stader markert pausar, påfallande ofte etter nedstrøk. Denne noteringsmåten som me finn i nokre av slåttane etter Berge, finn me òg hjå Anders Sagen, og ikkje berre i springarane. I oppskriftene etter Lars Sande finn me det ikkje.

Vidar Underseth har gjennom dei skriftlege kommentarane i heftet gjort eit påliteleg arbeid. Viss ein likevel skulle peika på noko som kunne vore annleis, kunne han nok ha skrive fyldigare tekstar – teke med meir av eit rikhaldig stoff om dei gamle spelemennene og tradisjonane. På den andre sida: Det viktigaste med dette arbeidet som Underseth har gjort, er at det i stor grad er ærleg, refererande og nøytralt. Me finn lite og inkje av forfattaren og spelemannen sine eigne vurderingar, synsingar og meiningar. Dette skulle gjera heftet og CD-en ekstra godt egna for vidare arbeid og forsking, både frå utøvarar, historikarar og andre interesserte.

Vidar Underseth: Slåttar etter Sjur Berge
Vidar Underseth: Slåttar etter Sjur Berge
  • Sjølvutgjeve notehefte med CD, 2021
  • Notehefte: 24 sider, hefta
  • CD: 17 spor, 26 min.
  • Lyd ved Tom Karlsrud

Kommentarar til nokre av slåttane på CD-en:

B 527 – Gangar i 6/8 takt, på oppstilt ters, lært av Per Berge: Den same slåtten er i seinare tid spelt inn på lydband av Nils Johannesen Nesse.

B 542 – Springar lært av Skrangle-Jens: Dette er ein særmerkt melodi der siste veket går over i moll. Dette er uvanleg for ein hardingfeleslått. Arne Moslåtten har spela inn denne slåtten, visstnok utan at han hadde nokon annan tilknyting til spelemannen eller slåtten enn at slåtten høvde godt for fløytespel.

B 634 – Springar lært av Per Berge: Dette må vera ein eldre variant av «Springar etter Klaus Sande», som den underkjende spelemannen Jostein Fjærestad tok i bruk og gjorde kjend, og som seinare har vore bruka både av einskildspelemenn og i lagspel.

B 635 – Springar lært av Per Berge. Anders Svartemyr spelte i 1976 ein variant av denne springaren inn på lydband.

B 651 – Springar lært av Per Berge: Denne springar er i band VI av Hardingfeleverket plassert i same variantgruppa som valdresspringaren «Stundo æ mi kjering go».

B 667 – Storlien lært av Per Berge, Hardingfeleverket Band IV, nr 48. Dette må vera same springaren som Klaus Sande kalla «Blekafossen». Me kan rekna med at han lært har lært slåtten av far sin, Lars Sande, som tidlegare må ha lært den av Sjur Berge.

B 637 – Springar etter Lars Sande, lært av Sjur Berge. I «Semjarslåtten» (N 1975. Td 455) ser det ut til at Klaus Sande har sett inn denne springaren frå takt 38 og utover.

B 675 – Springar etter Lars Sande, lært av Sjur Berge NF 6 Nr. 495. I Hardingfeleverket er denne oppskrifta plassert gruppe med valdresspringarane «Jonsokdagen» og «Perigard-lått». Klaus Sande sette denne springaren saman med B 669 – ogso etter Lars Sande – og kalla då slåtten «Stemnesmiten».