Eg har følgt ulike debattar i sosiale medium etter Landsfestivalen i gammaldansmusikk i år. Det som utløyste debatten var nye samspelsformer i klassen gruppespel, og korleis dommarkollegiet valde å premiere aktørane. Eg finn denne, som fleire andre debattar som er blitt prøvd starta i folkemusikkmiljøa, nødvendige og viktige. Det problematiske er at dei skjer i det private og på sosiale medium. Der er ikkje samtale eller dialog som treff større miljø, og dei ulike innlegga er somme tider prega av forsvar eller angrep. Der er òg tendens til personangrep, noko som er heilt irrelevant.

Skal der vere angrep, må det eventuelt bli retta til FolkOrg som har gitt fagleg tillit til eit dommarkollegium. Då må vi løfte debatten til dommarskjema og kva faglege kriterier som ligg til grunn for å få den ærefulle oppgåva å vere dommar. FolkOrg prøver stadig å arrangere dommarkurs, men eg har registrert at dei fleire gonger har blitt avlyst grunna låg påmelding. Det kan vere ulike grunnar til dette, men dei grunnane må den enkelte av oss seie direkte til FolkOrg slik dei får moglegheit til å betre tilbodet. Vi alle er miljøet, du har innverknad om du tør å ta samtala direkte.

Vi treng å lytte og snakke saman
Vi treng diskusjonar som den vi fekk etter at Madam Jam spelte finale på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i år. Men debatten og dialogen må finne stad i offentlege rom, skriv Unni Løvlid, fyrsteamanuensis og leiar av folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole. Her tevlar ho i vokal klasse A på Landskappleiken 2016.

Den einaste eg har opplevd å få snakke heilt fritt om dømming og trendar i folkemusikken med, var Jan Petter Blom på 1990-tallet. Han leia eit dommarkurs på Prestfoss der eg deltok. På kurset fekk vi dømme ulike opptak frå kappleikar oppgjennom, og samtale om kvifor vi satte dei poengsummane vi gjorde. Resultata våre var ganske annleis enn rangeringa frå dei ulike kappleikane opptaka var henta frå.

Jan Petter Blom leia samtalene, lytta, stilte spørsmål, provoserte, fekk oss til å reflektere og sette ord på ting vi ikkje hadde gjort før. Han sette i gang tordnande diskusjonar som vart landa i godheit, og vi reiste frå kurset med meir kunnskap, refleksjon, med meir forståing for kvarandre og like ulike.

Eg saknar hans samtaleform, og hans verd inn i vår tid sine diskusjonar. Vi må tole å vere ulike. Vi må ta med oss og sette høgt det som var, det som er, og det nye som kjem til. Vi må tole å stå i mangfald og at vi alle har verdi og ulike roller i dette store folkemusikklandskapet. Det at den enkelte av oss held på, lever sin folkemusikk og gjev den vidare til dei vi får, det er nok. Vi må stole på neste generasjon, og la dei få lov til å vere unge og gå sine vegar, slik det alltid har vore.

Eg har sjølv vakse opp i kappleikskulturen, og veit kor viktig den er for å halde motivasjonen oppe gjennom året. Men elles er det ikkje i vår kultur å konkurrere og måle oss i det som er synleg. Det at vi finst, er nok. Mine førebilete er alle som lever folkemusikk. Dei kan ha alle aldrar, dele musikken sin offentleg eller berre heime. Der eg finn det største mangfaldet av stemmer, variasjonar, stilar, særpreg, er i det private. I samvær i folkemusikken utan tevling. Det er dette mangfaldet eg drøymer om å på sikt klare og lyfte inn i utdanning, og eg opplever at vi er på veg dit.

Eg har observert i sosiale medium ein tendens til å snakke om skulerte og uskulerte folkemusikarar. Fyrst av alt vil eg seie, å gå i meisterlære lokalt er utdanning. Den læringskulturen må vi aldri gje frå oss. Det er den viktigaste læringa vi har. Eg har og observert at somme trur at dei som studerer folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole, studerer klassisk. Den myta kan eg òg forstå. Du kjem ikkje inn i det huset om du ikkje er student, lærar, gjestelærar eller skal på ein av dei opne konsertane.

Men kort fortalt, folkemusikkstudentane ved NMH får moglegheit til å lære folkemusikk på heiltid i fire år, eller seks år om dei tar master, eller ni år om dei så tar doktorgrad. På grunnstudiet lærer studentane litt om dei ulike tradisjonane i heile landet, fordjupar seg i den eller dei lokale tradisjonane den enkelte student ynskjer. Dei lærer om lytting, arrangering, samspel, historie og mykje meir, og dei er kunstnerisk frie. Studentane lærer direkte frå tilsette folkemusikarar, reiser til timelærarar frå ulike tradisjonar, får møte gjestelærarar, lærer frå notar og arkivopptak.

Nasjonalbiblioteket sa i ei samtale at desse studentane var dei største brukarane av musikkarkivet deira. Dette kan òg vere utfordrande for dagens folkemusikkmiljø, kanskje den unge generasjonen finn materiale eller stilar min og generasjonane før meg valde vekk. Eg vel kvar dag å stole på studentane, akkurat slik mine læremeistrar i Hornindal gjorde med meg, og det kjem eg til å halde fram med. Innad på NMH er folkemusikken på veg til å bli likeverdig med all anna musikk, og det gjev rom for nye faglege samtaler, undring og samarbeid.

Vi må tole å vere ulike. Vi må ta med oss og sette høgt det som var, det som er, og det nye som kjem til.

Men tilbake til mi bekymring og grunnen til at eg skriv dette innlegget. Vi manglar rom til å snakke folkemusikk, fag og kultur. Denne mangelen gjer at vi endå ein gong som folkemusikkmiljø går glipp av dei gode samtalene. Vi finn ikkje eller har ikkje romma til å snakke med kvarandre.

Å vere ein levande tradisjon er at noko blir gløymt, noko blir ført vidare og noko nytt kjem til. Dette vert ikkje styrt av enkeltpersonar, men av mindre eller større miljø, og i nokre tilfelle berre frå ein person vidare til ein person. Vi treng alle grader av meiningar og standpunkt, det er det som justerer oss og held oss årvakne. Det skumle eg trur somme opplever no, er at nye trendar kjem fort og fører til plutselege større endringar. At vi blir redde for at det vi allereie har ikkje har verdi, og at det skal forsvinne. Det forstår eg.

Der er så mange ting i kulturane våre som endrar seg samstundes så raskt akkurat no. Om nokon av dokke vil halde fram dei ulike samtalene, så er eg veldig klar, og det er eg heilt sikker på at FolkOrg er òg. Vi er ein mangfaldig flokk og ulike, det er unødvendig å vere i forsvar og angrep. Vi treng alle, og vi treng rom der vi møtast og snakkar om kva læringskulturar vi ynskjer, kva haldningar vi ynskjer å føre vidare og kva vi ynskjer for folkemusikken vår i tida som kjem. Det er store og vanskelege tema. Vi må lytte til kvarandre, diskutere, og halde fram som ulike. Er det noko folkemusikken vår treng, så er det mangfald. Er det noko eg er redd for i vår tid, så er det at vi skal bli ein saueflokk og i musikk og ideal bli like. Det hadde vore ei sorg for tradisjonane våre.