Tekst og foto: Ketil Sandviken

Bjørn Kåre Odde (34) ligg ikkje på latsida. Han og ektemake Solveig Brekke Hauknes etablerte produksjonsselskapet Melovitten da dei slo seg ned i Kveom i Vågå, og har i løpet av få år stått for utgjeving av eit 20-tals cd-ar.

Rett før jul heldt Odde mastergradskonsert ved Norges musikkhøgskole. På nyåret har han hatt det travelt med å gje ut enda meir musikk og å skrive ny folkemusikk for seks strykarar, ein oppfølgjar til suksessen «Folk Chamber» frå 2021. Musikk i kammermusikkformat som sprengjer grenser mellom folkemusikk og kunstmusikk.

Spansk cellist

Nyleg møttest seks utvalde frå land og strand og utland til øving i det splitter nye kulturhuset til Kultivator hos Mette og Vegar Vårdal i Nordherad på hi sida av Vågåvatnet.

Den tredje kvelden baud dei opp til urframføring med godt frammøte i Galleri Ullinsvin i Vågå prestegard. Forutan Odde, spelkompis, medarrangør og sambygding Vegar Vårdal på fele, Marius Westling, Hamar, og Elin Marie Christensen, Tønsberg, på bratsj, psykiater og jazzbassist Jo Fougner Skaansar, Lillehammer-Oslo, kontrabass, og Carmen Boveda, spansk cellist i Bergen filharmoniske som brenn for nyskreve musikk frå pop og rap, til jazz og folkemusikk og «mitt cellospel kjenner ingen grenser» som slagord. Ho likte tydelegvis å briljere i nyskriven kammerfolkemusikk.

For ein kveld det vart, fjesboka strøymer over av «fantastiske opplevingar».

Halling i Karibia

Fyrst vart det «Halling i Karibia», så springdans frå Hedemarken, svingande «Gjensyn», «Mårgåstond ved Eklesæter» av Steinar Odde, springleik lært av Astrid Sulheim, reinlendaren Masterlender, Fant og Fente av og arrangert av Vegar Vårdal, oppattskreve del av «Slåttånd» laga til Trondheimsolistene for ein del år sia, og eit par andre som enda ikkje er namnsett. Ståande applaus resulterte i ekstranummeret Myrstakken, rett noko skrivi av den legendariske svenske spelemannen Eric Øst (1906-1984).

Men lell da gut, i slike kretsar er det eit «must» med Øst…

Nå skal det finpussast, og om eit par veker går kammerfolkemusikksekstetten i studio for å spela inn «Folk Chamber II», ferdig produkt blir å høyre i oktober.
 

KULTURPRODUSENTAR: Bjørn Kåre Odde og Vegar Vårdal har funne tonen i Vågå. 
Foto: Ketil Sandviken.

Jazzbassist Jo F. Skaansar frå Lillehammer og cellist Carmen Boveda frå Rioja i Spania står for kompet i ny folkemusikk for seks strykarar.

OVER GRENSENE: Jazzbassist Jo F. Skaansar frå Lillehammer og cellist Carmen Boveda frå Rioja i Spania står for kompet i ny folkemusikk for seks strykarar.