Det har blitt ein tradisjon som berre veks og veks. Trettandedagen, 6. januar, blir Draumkvedet framført rundt om i heile landet. Forteljinga om Olav Åsteson som sovna julekvelden og ikkje vakna før den trettande dag jul, har røter tilbake til slutten av mellomalderen. Åsteson stilte seg opp bak i kyrkja og fortalde om alt han hadde drøymt.

Nokre framfører Draumkvedet i tydelege tradisjonar, medan andre går meir utforskande inn i forteljinga, musikken og tekstvariantane. Unni Boksasp er i den utforskande kategorien, slik ho ofte er som folkemusikar. Mellom andre har Arne Nordheim og David Monrad Johansen begge laga sine versjonar, men Boksasp trekk særleg fram «den frodige versjonen Anne Skålen framførte ved gruva si for Sophus Bugge i 1857» der Bugge skreiv «Anne er upaalidelig og ikke sanddru, hun kan vel hav lavet noget hist og her på egen Haand».

Sitatet blir med meg inn i Kulturkirken Jakob der eg skal høyre Unni Boksasp sin nye musikk til Draumkvedet.

Unni Boksasp: Draumkvedet
Forteljinga om Olav Åsteson som sovna julekvelden og ikkje vakna før trettande dag jul, har røter tilbake til slutten av mellomalderen. Nokre framfører Draumkvedet i tydelege tradisjonar, medan andre går meir utforskande inn i forteljinga, musikken og tekstvariantane. Unni Boksasp er i den siste kategorien, slik ho ofte er som folkemusikar. (Foto: Torkjell Hovland)

Lyset går av, og vi høyrer ei røyst bak oss. Allereie her blir eg merksam på at vi skal inn i ei forteljing. Boksasp går framover golvet medan ho syng. Forteljinga får liv i Boksasp sitt uttrykk. Ho står ikkje berre rett opp og ned og syng – ho formidlar. Ho viser med hender og kropp, og lokkar oss inn i ei levande forteljing.

Lyset endrar seg i kvart nye rom eller verd som Åsteson kjem til. Regissør Marianne Meløy har gjort gode val her. Lyset blir ein sentral del av opplevinga, slik at vi magisk blir transportert vekk frå kyrkjerommet og inn i draumen.

Men det som kanskje fascinerer meg mest er Boksasp sin song. Boksasp er medviten på klangen i det ho syng. Ho har eit vanvitig rikt spenn i stemma. Og ikkje minst har ho eit vanvitig driv i songen. Ho går liksom på i klang og volum utover i frasene. Sjølv heilt aleine, berre med stemma som instrument, så groovar det.

Unni Boksasp: Draumkvedet
Det absolutte høgdepunktet er når Unni Boksasp syng om Auromheimen saman med autoharpa. Her går melodi i moll i øyrepirrande konflikt med det tydelege durpreget i harpa. Biletet er frå konserten på Gaustatoppen 8. januar. (Foto: Gaustabanen)

Det «nye» og det «gamle» er ikkje alltid like lett å skilje – ikkje er det viktig å skilje det heller. Men dei tydelege tonesitata frå tidlegare versjonar av Draumkvedet gir ein ekstra dimensjon til lytteinteressen. Boksasp er i ein tydeleg dialog med «originalen», om vi kan bruke det ordet. I staden for å forkaste det gamle, så leikar ho med tradisjonane.

Ho går til langeleiken, og på dei første akkordane her, så vekkjer det assosiasjonar til eit country-lydbilete. Det vesle pumpeorgelet fyller kyrkjerommet, og ho gjer nokre heilt spesielle rytmiske finesser på orgelet. Fleire gongar er det nemleg slik at musikken er gjevande å lytte til isolert frå forteljinga.

Og det absolutte høgdepunktet på den måten, er når Boksasp syng om Auromheimen saman med autoharpa. Her går melodi i moll i øyrepirrande konflikt med det tydelege durpreget i harpa. Det er blues, det er mystisk, og det har ein tydeleg logisk samanheng med forteljinga. Men det er i mine øyrer verdt turen i seg sjølv berre å høyre på denne toneleiken.

Somme gongar kan kanskje førestillinga virke noko låst i alt det gjennomtenkte. Eg er medviten på at Boksasp veit akkurat kva ho skal gjere akkurat til ei kvar tid. Det er ikkje eit krav om at det må vere spontant, men vi treng likevel å få eit inntrykk av at det er spontant. Dette er nok noko som blir lausare etterkvart som Boksasp har gjennomført førestillinga nokre gongar, og då trur eg vi i endå større grad kan gløyme rommet vi sit, i og vere heilt inne i draumen.

Å vere folkemusikar i dag handlar om å stå mellom tradisjon og innovasjon, om å på eit eller anna vis gjere tradisjonar levande i dag. Unni Boksasp er kanskje ein av dei som gjer dette aller modigast.

Draumkvedet med ny musikk av Unni Boksasp
  • Kulturkirken Jakob, laurdag 10. januar 2023
  • Idé, tekstutval, komponist og utøvar: Unni Boksasp
  • Regi og tekstutval: Marianne Meløy
  • I januar 2023 framfører Unni Boksasp Draumkvedet i Seljord, Oslo, Tinn, Stangvik, Kristiansund, Namsos, Stjørdal og Levanger
Unni Boksasp: Draumkvedet
Dei frammøtte i Kulturkirken Jakob var vitne til ei levande forteljing. Lyset er ein sentral del av opplevinga. Publikum blir transportert vekk frå kyrkjerommet og inn i draumen. Lyset endrar seg i kvart nye rom eller verd som Åsteson kjem til. (Foto: Torkjell Hovland)