Tekst: Audun Stokke Hole

– Eg berre elskar hardingfele! seier ho på Zoom frå studioet i Bergen. Etter nokre år på musikalsk leiting etter folkemusikkstudia ved USN Rauland, slår ho fast at kjærleiken til det norske hovudinstrumentet hennar er tilbake. 

I det som blei heimbyen hennar for eit års tid sidan, har ho ordna seg musikkstudio med nokre venner på Bergen Kjøtt. Ho er også kunstnarisk leiar i spelemannslaget Audhilds, og er med og arrangerer folkemusikkveldar på Bergen offentlege bibliotek – gjennom mange år eit sentralt og nyskapande konserthus i vestlandshovudstaden. Onsdag til veka (10. april) er neste folkemusikkvelden der, fortel ho. Det fullspekka programmet byrjar med platesleppkonsert med Frederic Bech, slåttegitarist som i likskap med Seim studerte folkemusikk på Rauland, etterfølgt av lynkurs i folkedans og dansespel med ei rekke spelemannslaga og musikarar. 

Men før den tid skal ho til Oslo og spele med samarbeidspartnaren frå filmen ho har turnert med på ei rekke filmfestivalar: dokumentaren Til stede, som skildrar residensopphaldet hennar på Evju bygdetun i Midt-Telemark. Eit opphald som det aldri skulle bli film av, men av og til tek livet underlege vegar. 

Johanna Seim spelar hardingfele på turné med improtrioen Parallax i Slovenia.
Johanna Seim vikarierer for Anne Hytta på turné med Parallax i Slovenia. Foto: Igor Petaros

Mett på tradisjon

Ho føddest i Berlin omlag då muren fall, og lærte norsk gjennom suksess-tv-serien Skam. Frå basen i Bergen vitjar ho i år Tyskland for å føredra om og spele norsk folkemusikk på festivalen Nordischer Klang i Greifswald. Det byrjar å likne ein musikkarriere med utgangspunkt i byen som ho skildrar som svært open, som eit blankt ark ein kan bidra til å fylle med musikk etter eige hovud og hjarte. 

Kjærleiken til hardingfela og folkemusikken har Johanna Seim fått tilbake etter ein periode då ho var litt mett på instrumentet. Folkemusikkutdanninga på USN Rauland førte til opphaldet på Evju bygdetun, der kjende seg ufri i møte med arven etter Telemarks storspelemenn som det blei forventa at ho skulle etterape som best ho kunne. Eit sentralt tema i filmen Til stede, som hadde premiere på Telemarkfestivalen 2022 og altså har fått eit langt festivalliv etterpå. 

Seim hadde aldri plan om å bli kinofilmskapar, fortel ho. Ho skildrar det som litt sinnssjukt, å lage spelefilm utan forkunnskapar eller utdanning. Men det har blitt ei stor oppleving som har ført mykje med seg – møte med publikummarar som er blitt inspirerte til å gå nye vegar med eigen musikk, og eigne musikksamarbeid for Seim si del. Eit høgdepunkt var da Anne Hytta bad ho om å vikariere for henne på turné i Italia og Slovenia med impromusikktrioen Parallax. 

– Desse møta og samarbeida inspirerer meg mykje meir enn filmfaget, slår Seim fast.

Marianna Sangita og Johanna Seim er ute og går i regnet på Evju Bygdetun i Midt-Telemark
Marianna Sangita og Johanna Seim ute på rusletur i filmen Til stede. Filmen på Evju bygdetun er vist på ei rekke filmfestivalar sidan premieren i august 2022. Foto: Patrick Webb

Mat og musikk

Ho kan sjølv få gåsehud av å sjå att filmen, legg ho til. Filmen minner henne på kor viktig det er å leike med musikken, spele med ein lette og ei ro og ikkje for høge skuldrer. Ho arbeider framleis med å hugse og halde fast på dette når ho sjølv spelar. 

– Eg har nok ikkje klart å inkorporere det så mykje som eg skulle ønske!

Dei to sentrale karakterane i Til stede i tillegg til Seim sjølv, er Ana Julie Verbelen, som driv regenerativt jordbruk på bygdetunet, og den gresk-norske musikaren som kjem på besøk, Marianna Sangita Angeletaki Røe. Marianna Sangita, som ho ofte berre kallar seg, er «Husvarm-artist» på Riksscenen i vår (i tillegg til Kenneth Lien). I høve Husvarm har Marianna Sangita konsert på Riksscenen fredag 5. april, der Johanna Seim også kjem til hovudstaden for å vere med. 

Ein unik, intim og lenge utseld konsert der det òg blir servert gresk mat – òg ein parallell til Til stede, der musikk til måltid er eit sentralt tema. Familiebandet til Angeletaki Røe, med bror og far av Marianna på scena, spelar med Seim som gjest. Det blir første gongen sidan filmpremieren at dei spelar songane frå filmen Til stede på konsert saman, fortel Seim. Det gler ho seg til – eit lite musikalsk møte med ein kollega og ven musikken har gitt henne. 

– Eg kjenner at eg er litt tom for dei store draumane! seier den audmjuke og blide berlinaren til slutt.