Toppbilde: Samspel på opningskonserten for Landskappleiken 2023, foto: Runhild Heggem

FolkOrg-leiar Hilde Reitan kan ikkje bruke orda til Juan Antonio Samaranch etter Lillehammer-OL og seie at «dette har vore den aller beste Landskappleiken nokosinne». For det kan ingen slå fast. Men at det var ein jubileumskappleik i høgste klasse, er uomtvisteleg.

– Dette har vore heilt fantastisk. Eg har aldri opplevd maken som under premieutdelingane, som i år var lagt til hallen og med programleiarar som bidrog til å skape ellevill stemning blant dei mange hundre frammøtte. Landskappleiken i Lom har sett ein helt ny standard, fastslår Hilde Reitan. Ho var også med under jubileumskappleiken i Bergen for 50 år sidan, og har såleis godt grunnlag å uttale seg på.

Full av lovord

FolkOrg-leiaren har opplevd eit særs velsmurt apparat der det meste har fungert saumlaust. Hele 70 timar med tevling har i all hovudsak gått heilt etter tidsplanen.

– Samarbeidet med lokal arrangør under leiing av Grete Sjurgard har vore heilt ypperleg. Alt har fungert så godt og med eit hyggeleg og gjestfritt vertskap som hadde fokus på at gjestane skulle trivast.

Strålande dagar i Lom
FolkOrgs styreleiar Hilde Reitan får overrekt ny vandrepremie i klassa Spel fele A av vertskommunen Lom representert av ordførar Bjarne Eiolf Holø, opningskonserten onsdag kveld. Foto: Runhild Heggem

I Lom er veldig gode lokalitetar, godt eigna til dei ulike tevlingane og med svært god lyd, slår Reitan fast.

– Vi har fått oppleve fantastiske konsertar, med profesjonell kunstnarleg regi og utøvarar av ypperste kvalitet. Og så må eg trekke fram dei gode tilboda for borna under landskappleiken. Foreldre kom og takka for dette. Under Sjokoladekappleiken på laurdag var det nesten 50 som deltok med spel, song og dans, så dette lovar godt for framtida, legg ho til.

FolkOrg-leiaren trekkjer også fram eit entusiastisk publikum som skapte stor og god stemning i salen. Rause deltakar gledde seg over at konkurrentane gjorde det godt og heia kvarandre fram.

– Det virkar som den yngre generasjonen har eit meir avslappa forhold til rekkefølge og poeng, samtidig som dei set tydeleg pris på gode prestasjonar, konstaterer Reitan.

Kappleik på rett tid

Landskappleiken starta onsdag 21. juni med blant anna ein imponerande konsert i ein fullsett Utgard-hall, der det rike folkemusikkmiljøet i Lom viste seg frå si beste side. Avslutninga på kappleiken var like god med den tradisjonelle Meisterkonserten søndag 25. juni.

Lom spel- og dansarlag med medhjelparar fekk mange lovord under vegs og under Meisterkonserten. Leiaren for det heile, Grete Sjurgard, delte raust rosen mellom alle som har gjort ein innsats.

– Vi vart stoppa av pandemien og har halde på lenge med førebuingane. Det har vore ei glede å kunne arrangere Landskappleiken samtidig som vi har så mange unge utøvarar i Lom. Tidspunktet kunne ikkje vore betre. Dette vil vere ein stor inspirasjon til miljøet, meiner Sjurgard.

Strålande dagar i Lom
Etter pandemi og mange år med førebuingar, kunne kappleikssjef Grete Sjugard endeleg ønske velkommen til landskappleik. Her med programleiar Hans Andreas Solbakken på opningskonserten. Foto: Runhild Heggem

Håpar på balanse

Førebels er det for tidleg å seie noko om det økonomiske resultatet. Sjurgard håpar dei kjem ut i balanse, men ho har ikkje tru på noko stort overskot.

– Kostnadene har stige veldig mykje. Det er eit krevjande arrangement. Vi har lagt vekt på kvalitet for deltakarar og publikum. Oppslutninga om kappleiken har vore god, men eg er litt skuffa over at ikkje fleire kom på konserten Tonegjerdom Fel-Jakup som vi satsa stort på, seier Sjurgard.

Landskappleiken fekk besøk av Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Då vart spørsmålet om tilskot til Landskappleiken og Landsfestivalen tatt opp. Sjølv om Vedum ikkje kunne love noko over bordet, lovde han å vurdere dette.

– Eg meiner det er nødvendig å få til ordningar som gjer at Landskappleiken framleis kan arrangerast også på mindre stader rundt om i landet. Vi har ikkje noko sterkt næringsliv med store bedrifter som kan støtte opp. Difor må også det offentlege bidra, meiner Grete Sjurgard.