Valdres har ein rik og variert hardingfeletradisjon som strekkjer seg attende til 1700-talet. Kjernen i valdresspelet er kanskje det særmerkte, drivande springarspelet og den vakre lydarlått-tradisjonen. Sivert Holmen har etablert seg som ein av våre fremste spelemenn på hardingfele, både som danse- og konsertspelemann, noko han viser til fulle på denne plata.

Jotunheimen er ei solo hardingfeleplate frå Sivert, og har fått namnet sitt fordi Jotunheimen på sitt vis er ein lunefull vaktar for Valdres. Plata har femten låtar frå Valdres, og dei fleste går attende til eller gjennom dei tre spelemennene Jørn Hilme, Olav Moe og Torleiv Bolstad. Låtane er godt og interessant dokumentert og skildra i booklet-en til plata, her får me innblikk i både historia til kvar lått, men også kvar Sivert har musikken frå.

Sivert seier sjølv at han hadde sitt livs inspirasjon då han spelte inn denne plata, og det høyrest godt. Han har samla dei største og kanskje beste låtane i valdrestradisjonen og speler dei med stor overtyding og energi. Dette er «slagerane» i tradisjonen, og det skal mot til å lage ei plate med berre låtar som for mange er særs godt kjende. Mange har ei meining om korleis dei skal lyde og vere, og me lyttar ofte meir med minnet enn med eit ope sinn.

Sivert Holmen: Jotunheimen

Men sjølv om låtane er kjende, klarer Sivert å gje dei sitt eige preg. Det er variasjon både i låtte-karakter, bruk av ulike feler og felestille, noko som også gjev ei ekstra fylde til plata. Her blir det aldri kjedeleg eller einsformig. Sivert inviterer deg inn i sitt eige hardingfeleunivers og der er det både godt og spennande å vere!

Plata er ei heilstøypt solo hardingfeleplate, tradisjonell og solid. Den har alt eg meiner ei solo hardingfeleplate skal ha. Dei vare tonane smeltar hjartet og dei rivande springarane gjer så ein ikkje klarer sitje stille. «Bjøllelåtten» med sitt fandenivoldske driv, «Spelemannsprøva» med uendeleg overskot, tekniske briljans og råe rytme, og den vare og vakre «St.Thomasklukkelåtten».

Som Sivert skriv: «Plata er laga like mykje for deg som kjenner ei tilknyting til Valdres og treng noko å hekte tilknytinga på, for deg som aldri har høyrt hardingfele før, eller for deg som sit benka for å høyre hardingfeleklassa på kvar landskappleik.» Og Sivert har klart det han har meint med musikken – dette ER ei plate for alle!