Både Landsfestivalen i gammaldansmusikk (LF) og Landskappleiken (LK) er eigde og styrte av FolkOrg, som igjen er styrt av medlemene våre frå folkemusikkmiljøet. Men FolkOrg eig ikkje folkemusikken. FolkOrg kan på sitt beste vera folkemusikkens hjelpande hand, og må vera varsam med å setja normer for dei folkemusikalske uttrykka som kan koma i konflikt med sjølve tradisjonslovene som ei levande musikkform er bygd på. FolkOrg kan vera ein tenleg fødselshjelpar for uttrykk i denne sjangeren som har levedyktige kvalitetar ved seg.

Slike kvalitetar er det til sist brukarane og lydarane som avgjer i ein levande tradisjon. Det gode vil leva, sa dei gamle utøvarane så trygt. Det er miljøet og responsen frå dette som vil avgjere om nye tonar og lydbilete innan folkemusikken og gammaldansen er det som er tradisjon om 10, 30 eller 50 år. Tradisjon er utvikling. Når FolkOrg varsamt vil stø tradisjonen med ei normerande rettleiing, gjer vi det gjennom dei kunnigaste kappleiksdomarane vi kan finne. Vi overprøver ikkje dei resultata dei kjem til. Vi har ikkje noka VAR-teneste som i fotballen.

Rom for ordskifte
Felespelar Ola Opheim, kjend frå Oddvar Nygaards kvartett, på scena med trekkspelar og slåttekomponist Helge Hysjulien. Nygaards kvartett, i dag rekna som klassisk gammaldansmusikk, var med gitar- og basskomp i si tid revolusjonerande og framandt for mange, påpeikar FolkOrg-styret i denne ytringa i høve haustens gammaldansdebatt. (Foto: Spelemannsbladet)

Det er mykje nyskaping i miljøet vårt. Sjå berre kor mange som lagar slåttar. Og dette har vore gjort i alle år. Det er foredling og utvikling.

Det vi driv med er foredling og utvikling, og tradisjonen endrar seg. Stundom i små steg, stundom i lengre steg, slik me også kjenner til frå før. Det er vel naturleg å tru at da Nygaard og Opheim kom med gitar og bass i si tid, så var det framandt for mange dét også. Så får vi sjå korleis lydbilete og sjangeren utviklar seg etter kvart.

Dagens styre i FolkOrg meiner at det skal vera rom for mange i dei ulike klassene. Vi ynskjer å vera rause og opne, ikkje vera dei som skal stenge ute. Og bakgrunnen for dette er dei grunnleggjande føremåla med tilstellingane våre:

  • å gjere songen, musikken og dansen betre kjend
  • å lage ein møtestad for vener av norsk folkemusikk og folkedans
  • å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine

Så er det den store flokken av lydarar og dansarar som over tid vil avgjera retninga.

Kvart år er det mange som kjem med innspel til FolkOrg om tevlingsreglementet. Styret tek kvart år alle innspel med seg inn i ein evalueringsrunde for å revidere reglementet.

Kanskje er det låg deltaking i ei klasse over nokre år. Kan vi da bruke tevlingsreglementet for å engasjere og motivere til større deltaking? Kanskje blir det spelt for einsarta og lik musikk i ei klasse over tid. Kan vi da bruke tevlingsreglementet for å motivere til større breidde? Kanskje er det noko vi aldri har tenkt på. Kanskje er det eit innslag på ein kappleik som tevlingsreglementet ikkje har teke høgde for?

Slike spørsmål må vi heile tida stille oss. Dét blir gjort også i år.

Kva er innafor, og kva er ikkje? «… folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga i tradisjonell stil» står det i reglementet om repertoaret som skal brukast på LF og LK. Tevling er tevling, og skjønn vil alltid ligge til grunn. Det er rom for tolkingar. Styret meiner at det ikkje er råd å setja ei streng grense.

For det er mykje nyskaping i miljøet vårt. Sjå berre kor mange som lagar slåttar. Vi kan nemne i fleng: Per Anders Buen Garnås, Mads Erik Odde, Helge Hysjulien, Roger Slåstuen, Arne Sølvberg, Annbjørg Lien, Rannveig Djønne, Ragnhild Furebotten, og hundrevis av andre. Og dette har vore gjort i alle år. Myllarguten og Fel-Jakup. Ola Håstabø og Anders Viken. Det er foredling og utvikling. Og alle er inspirerte av både gamalt og nytt.

Så er det miljøet sjølv som over tid «tek til seg» og «lukar ut». Dette er det som er tradisjon. Og når det gjeld tevlingane er det domsnemndene som avgjer om noko er «innafor eller ikkje». Der dommarane er i tvil, vil styret i FolkOrg alltid vera tilgjengeleg for ein diskusjon. Men dommarane har siste ordet.

Det er naturleg og meiningsfullt å diskutere slike tilfelle i etterkant. Og vi tenkjer at «nykomponerte slåttar i tradisjonell stil – er noko innafor og noko utafor?» blir eitt av emna som kjem opp på digital lokallagskaffi i løpet av vinteren.

Vi som driv med gammaldans og slåttemusikk må alltid balansere foredling og utvikling. Det ligg i naturen til musikken vår. Og det gjev mangfald. Årets gruppespeltevling var full av folk som elskar gammaldans, og som ynskjer å spela til dans. Det gjer folk på ulikt vis. Mangfald er med på å gjera gammaldansen interessant for fleire. Gammaldansen har dansen i fokus, og LF har blitt ein engasjerande og inkluderande festival der folk kan dyrke dette.

FolkOrg har alltid arbeidd for å gjere det attraktivt å studere folkemusikk og folkedans, og har mellom anna vore ein av partane som har arbeidd hardt over fleire år for å få til eit folkedansstudium.

LF og LK er møteplassar for alle. Akkurat som at vi ynskjer å dyrke at miljøet vårt er samvær på tvers av generasjonar, så er mønstringane våre treffpunkt både for dei som har spelet og dansen som hobby, og dei som har det som ein yrkesveg. Det er for amatørar og folk som har tatt meir eller mindre utdanning innan folkemusikk og folkedans. Det er ein styrke for miljøet vårt at mønstringane er for alle, utan at det blir gjort noko skilje med bakgrunn i utdanning og yrkesretning.

FolkOrg har alltid arbeidd for å gjere det attraktivt å studere folkemusikk og folkedans, og har mellom anna vore ein av partane som har arbeidd hardt over fleire år for å få til eit folkedansstudium. Og nå i år kan vi jo faktisk feire eit vedtak om oppstart av eit bachelorstudium i folkedans frå neste haust! Det er jo fantastisk. Vi meiner at heile miljøet vårt er tent med at mange studerer musikken og dansen vår og bruker tid på å bli dyktige utøvarar.

Og da ynskjer vi sjølvsagt at alle dei som går på det nye folkedansstudiet på Rauland – på lik line med dei andre gode utdanningsinstitusjonane – skal vere velkomne og føle seg heime på både LK og LF.

Det er fleire – deriblant oss – som ynskjer fleire møteplassar for diskusjonar og samtaler om musikk og fag. Til dømes Unni Løvlid i hennar gode innlegg her på folkemusikk.no. For mange er det danseøvingane eller lagsøvingane som er møteplassen, eller lokalkappleikane og stemna og treffa gjennom året. Vi ynskjer å stelle til fleire forum.
Vi vil gjerne at debattane skal skje i det opne, og ikkje i lukka rom på sosiale plattformer der nettroll får fritt spelerom. Folkelarm i november er ein veldig bra møteplass for alle som driv med folkemusikk og folkedans rundt om i landet. Her er det seminar og møteplassar for å diskutere.

Ein annan møteplass vi gjerne vil utvikle vidare, er dei nemnde digitale medlemskaffislabberasa. Det er mange som har møtt opp for gode samtalar, og det er plass til enda fleire. Nå tenkjer vi også at det blir meir temabaserte treff, der vi ber kunnskapsrike folk rundt om i miljøet om å fortelja om idear, prosjekt og erfaringar. Og meiningar.

Rom for ordskifte
Madam Jam spelar har skapt debatt med sin nykomponerte og nyskapande gammaldans på Landsfestivalen 2023 i Førde. (Foto: Thomas Westling for FolkOrg)

Les også:

I somme ordskifte kan det verke som at FolkOrg er ein form for diktator som sit langt vekk på ein framand planet utan kontakt med resten av folkemusikkmiljøet. Vi ser at vi aldri kan vera nok ute i miljøet og ha dialog og meiningsbryting. Det er ein kunnskapsrik gjeng med folkemusikk- og gammaldansbakgrunn som arbeider i administrasjon, som heile tida og etter beste evne gjer det landsmøtet og styret gjev som rettesnorer.

For FolkOrg er jo ein medlemsstyrt organisasjon. Styret og landsmøtet er representantar frå miljøet vårt. FolkOrg ER miljøet. Og miljøet vårt, og dermed FolkOrg, er vidt og breitt, og har mange ulike personar som meiner ulikt om mykje. Vi er alle eins om at folkemusikken og gammaldansen er verdt å drive med og arbeide for.

Vi i styret og i administrasjonen i FolkOrg ynskjer det beste for musikken og dansen vår, og for alle som driv med dette. Vi vil leggja til rette for eit raust og inkluderande folkemusikkmiljø. Det skal vera rom for ordskifte. La oss vera saklege og opne, og la det vera rom for ulike meiningar. Det er da vi kan få den gode forståinga og dei gode ideane for korleis vi både kan drive god foredling og utvikling til det beste for den musikken og dansen vi er så glade i.

Helsing styret i FolkOrg: Hilde Reitan, Kristian Hanto, Camilla Granlien, Lene Furuli, Torfinn Hofstad, Tormod Kleiveland og Thomas Nilssen