På vårparten for hundre år sidan stod følgande tekst å lese i bladet Norsk Ungdom:

«Til felespelarane våre. Underskrivne innbyd hermed alle norske spelemenn og spelinteresserte til nyskipnad av det gamle spelemannslaget «Foreiningen til folkemusikkens fremme». Dette laget må leggjast på breidare grunnlag skal det kunna gjera rett for seg, og få eit norskt namn. Innbjodingi gjeld alle, sovel konsertspelarar som vanlege bygdespelemenn, som berre spelar til dans eller heimelag, premiera og upremiera, unge og gamle.»

Slik gjekk det til at vi fekk eit Landslag for Spelemenn, som frå 2009 har hatt namnet FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. 30. juli 1923 blei det halde skipingsmøte i forsamlingslokalet Gimle, som den gong høyrde til Bondeungdomslaget Ervingen, og når FolkOrg no fyller hundre år og feirar med stor helg i vestlandshovudstaden, er Gimle eit av lokala som er teke i bruk. Fredag er det Vestlandskappleik her, før det på laurdagen er stor festkonsert i Grieghallen i andre enda av Bergen sentrum.

Kva anna hender jubileumshelga, og kva kan publikum vente seg? Vi tok ein prat med Ann Helen Erichsen, jubileumskoordinator i FolkOrg. Podkasten er som alle våre podkastar lagt ut på plattforma Acast, og du kan òg høyre den alle andre stader der ein lyttar til podkastar.

Podkast: Jubileumshelg i Bergen
Her føregår mykje av jubileumshelga i Bergen: forsamlingslokalet Gimle i Vågsbunnen (t.v.), og storstova Grieghallen på Nygård. (Foto Gimle: SSU, Wikimedia / CC BY-SA 4.0; Foto Grieghallen: Bosc d'Anjou, Flickr / CC BY-NC-SA 2.0)

Meir om FolkOrg-jubileet