Gjennom dei siste 25 åra har Over Stok og Steen gjort seg bemerka som ei anerkjent og merittert gamaldansgruppe, med storgardsmusikk som sitt musikalske varemerke. No er dei endeleg ute med nytt album, 15 år etter deira siste plateutgjeving. Gruppa består av Thomas Lomundal på fele og hardingfele, Ronny Kjøsen og Thomas Nilssen på trekkspel, Morten Brattås på gitar og Frode Slupphaug på bass: alle erfarne, dyktige og allsidige musikarar som med stor respekt for tradisjonen omarbeider og arrangerer gamle slåttar på sitt eige lekre vis.

Jubileumsplata på snautt 40 minutt inneheld 15 låtar. Repertoaret har dei henta frå heimtraktene sine – Trøndelag, Nordmøre og Hedmark – i tillegg til at dei har med tre nykomposisjonar av Kjøsen og Nilssen. Den virtuose stilen er eit gjennomgåande trekk på heile plata. Albumet har fått det litt vide namnet Tur, og i tekstheftet kan ein lesa om dei ulike låtane og sjå eldre svart-kvitt-foto av slektningar av musikarane på forskjellige turar, deriblant skitur, harejakt og fisketur.

Og Over Stok og Steen er slett ikkje på bærtur når det gjeld musikalsk kvalitet. Det er ikkje utan grunn at dei kan kalla seg eit av landets beste gamaldansorkester, for plata svingar frå fyrste tone til siste vals. Her er det sterk danseappell, framdrift og drivande godt samspel å nyta. Det kriblar i dansefoten til meldaren, men ein kan også ha stor glede av å berre lytta til den deilige musikken.

Over Stok og Steen & Ottar E. Akre
OVER STOK OG STEEN: TUR ­- 25 ÅR
  • Kultursmia, 2022
  • 15 spor, 40 min.
  • Produsent: Ronny Kjøsen

Fela ligg i front i lydbiletet og ber fyrstestemma, medan trekkspela leikar seg med andrestemmer og utviklar smakfulle arrangement som kler låtane godt. Det er lett å la seg imponera av Lomundal sitt treffsikre, virtuose felespel. I 2022-versjon går Over Stok og Steen for fast instrumentbesetning gjennom heile plata, og sett i forhold til tidlegare utgjevingar, er her færre overraskande krumspring i arrangementa.

Men, dei har gjeve Nilssen, Kjøsen og Lomunddal kvart sitt soloinnslag. Det skapar spanande variasjon og ein frisk pust til resten av albumet. Berre synd at desse spora er halvparten så lange som dei andre låtane – eg skulle gjerne høyrt meir! Av personlege favorittlåtar kan «Pasifisten» og «Reinlender etter Lars Hollo» trekkjast fram; her kjem både dansedrivet og bravuren tydeleg fram.

Over Stok og Steen & Ottar E. Akre
OTTAR E. AKRE: SOLOINNSPILLINGER -­ OPPTAK FRA 1919, 1922 OG 1938
  • Aksent, 2022
  • 17 spor, 48 min.
  • Produsent: Håvard Svendsrud

Virtuost spel møter me også på ei ny plate frå plateselskapet Aksent. Håvard Svendsrud gjer eit viktig dokumentasjonsarbeid med selskapet gjennom å gje ut eldre folkemusikkplater i nytt format. No har han samla alle dei 17 soloinnspelingane til trekkspelar Ottar E. Akre (1896–1992) på eitt og same album.

Akre er ein av dei store nestorane i norsk trekkspelhistorie. Han var ensemblemusikar, komponist og pedagog, og dei fleste kjenner han kanskje best frå Akres trio og Akres kvintett. Dermed er det ekstra stas at dei sjeldne soloinnspelingane han gjorde på voksplater i 1919, 1922 og 1938 no blir gjort tilgjengelege for allmugen. Det er spanande å få høyra hans kvalitetar som soloutøvar.

Repertoaret Akre spelte inn var variert. Best representert er gamaldans frå Østerdalen, men Akre spelte også inn kontinentale slagarar og to eigne komposisjonar. Musikken er i same storgards- og kunststil som hos Over Stok og Steen. Akre var ein virtuos, notekyndig og skulert trekkspelar med høge tekniske ferdigheiter, men ein høyrer tydeleg at han har med seg ein god snert i dansespelet også.

Tempoet er imidlertid noko høgt etter meldaren sin preferanse. Spelestilen til Akre er nokså stakkato og luftig, og ein kan trekkja fram dei elegante basslinjene hans på «Norsk militærmarsj» og reinlendaren «Karine». Desse to låtane inneheld artige vek der han speler melodi i bassen og kompar seg sjølv i diskanten. Samanliknar ein med dagens studioteknologi, er det imponerande at Akre spelte inn alle desse låtane berre éin gong. Det er svært lite kluss å setja fingeren på.

Av opptaka er det ikkje uventa dei to spora frå 1938 som har lydteknisk best kvalitet, medan opptaka som er 100 år gamle har susing og eit alderdommeleg preg over seg. I lengda kan det vera krevjande å høyra på for ein moderne lyttar som ynskjer seg minst mogleg lyttemotstand. Plata har uansett størst verdi som dokumentasjon av Akre sin framføringspraksis og repertoar. I CD-heftet kan ein lesa ein informativ minibiografi om Akre sitt liv og virke, som også er oversett til engelsk til glede for eit internasjonalt publikum.

I sum vitnar desse to platene om at storgardsmusikken har slitesterk kvalitet, og framleis er interessant og aktuell for oss i dag. Begge albuma formidlar virtuos storgardsmusikk på kvart sitt ypparlege vis, men gjennom to særs ulike uttrykk. Ottar E. Akre har størst verdi som historisk dokumentasjon av ein trekkspellegende som fortener å bli løfta fram, medan Tur med Over Stok og Steen er eit heitt «Turtips» om du leitar etter virtuos dansemusikk som skal få det til å kribla i dansefoten.