Omsett frå svensk av Audun Stokke Hole; artikkelen blei først publisert på lira.se den 29. mai 2022

Under pandemien byrja folke- og verdsmusikkarrangørar i heile Norden å sjå seg om etter nye turne- og arrangementssamarbeid, med mål om å skape meir haldbare strukturar for arrangørar og musikarar.

– Vi held hus i det globale nord, men det globale sør er inkludert i tankegangen vår, innleia Keld Hosbond, musikar og viserektor på Det Jyske Musikkonservatorium i Aarhus og ein av initiativtakarane til nettverket.

– Vi vil gjere det enklare for nordiske band å turnere på tvers av landa våre. Som arrangørar vil vi òg samarbeide om turnear for musikkgrupper sørfrå. Og til slutt vil vi involvere utdanningsinstitusjonane gjennom å kombinere konsertar og workshops.

Nytt nordisk nettverk baud på showcasefestival
Speed-dating

Festivalen i Kristi himmelfartshelga er første konkrete steg for nettverket. Planlegginga har først og fremst arrangøren, Huset i Aalborg, stått for, i samarbeid med Transform Festival i Trondheim. Dei hadde invitert ei fantastisk samling internasjonale musikarar, busette i dei nordiske landa med sterke band til kulturar rundt om i verda. På plass var òg Samspill frå Noreg, Far Fest Africa frå Island og Mix Musik, Göteborg Folk Festival og World Sessions frå Sverige – alle medlemmer av nettverket Global North. Med i dette nettverket er òg Stallet, folke- og verdsmusikkscena i Stockholm, den danske musikkorganisasjonen Tempi og managementselskapet Second To The Left i Odense. Nettverket ønsker seg finske medlemmer, fortel dei.

Torsdagen stod «speed-dating» og andre møte mellom musikarar og arrangørar på planen, på Aalborgs musikkonservatorium. Ein panelsamtale, der nokre av showcasemusikarane prata om korleis det er å turnere i dei nordiske landa, batt det heile saman.

– Eg har booka turnear i Nederland, Frankrike og Storbritannia, men har ikkje klart det same i dei nordiske landa, sa Ebo Krdum, som nyleg vann svensk Grammis for beste folkemusikk. – Mest fordi eg ikkje har like mange kontaktar i Norden, og ikkje veit kva dørar eg skal banke på, men også fordi folk ikkje kjenner til musikken min.

– Vi merkar at musikken vår ikkje blir løfta fram like mykje i Skandinavia som for eksempel i Frankrike. Men eg opplever at det finst eit stort potensial for eit skandinavisk publikum. Eg har alltid ei god kjensle når eg spelar i dei nordiske landa, fortalde Luna Ersahin frå den danske gruppa AySay.

Daniel Lazar er medlem av den norsk—serbisk—bosniske duoen Almir & Daniel og også av Kuraybers, to band som begge spelte på Global North. Han har for det meste spelt i Noreg, og har spelt fem konsertar i Sverige. Showcasefestivalen var første gongen han spelte i Danmark.

– Det hadde vore bra med ein møteplass der ein enkelt kunne komme i kontakt med arrangørar. Det kan lett bli feil om arrangørane ikkje kjenner til musikken, og ein får spelejobbar på stader som ikkje passar ein, sa Lazar.

Samtalen tydeleggjorde at den globale folkemusikken må bli meir synleg, og at musikarar og arrangørar har stort behov for å møtast utover berre konsertar.

Nytt nordisk nettverk baud på showcasefestival
Panelsamtale

Dei tidlege konsertane torsdag og fredag blei haldne i den lyse, luftige og romslege kafeen på Huset. Først ut var kvartetten Byzantine Silhouette frå Reykjavik. Dei spelar tradisjonelle melodiar frå Makedonia, Bulgaria, Hellas og Tyrkia, fengande arrangert av klarinettist Haukur Gröndal og bouzouki- og tambura-spelar Ásgeir Ásgeirsson.

Flamencogruppa Obaider Band er leia av Malmö-baserte Baider Burman og gitarist Obai Al-Bitar. Burman er frå Palestina og har utdanna seg i flamenco både i Sverige og i Spania, noko som har påverka repertoaret til bandet. Obaider Band med Yahia Najems uttrykksfulle song trollbatt publikum.

Norske Harpreet Bansal Band skilde seg ut med tolkinga si av tradisjonell indisk raga på santur, harmonium, tablatrommer og bass. Bandet tok publikum med seg på ein intens, meditativ reise, med mykje plass til dei personlege uttrykka til musikarane.

Kveldskonsertane blei haldne på den andre scena på Huset, ei trapp opp. Mellom desse var Majãz, ein Oslo-basert kvintett som spelar musikksjangrar med opphav i Midtausten, slik som sufi-musikk, taraab og dabke. Rola Srour og Saleh Mahfoud fanga publikum med dei sterke og kjenslefulle stemmene sine.

Total Hip Replacement & Anyankofo er eit timannsorkester (inkludert ei kvinne) frå Århus som inkluderer nokre av Ghanas mest lovande unge musikarar. Dei utstråla massiv energi og speleglede, og på golvet framfor scena blei det varmt og sveitt då alle dansa med til groovy låtar, trombonesoloar og trommebrekk.

Ebo Krdum med band var eit høgdepunkt, samspelte som aldri før og med ein tydeleg bodskap om å stå saman mot diktatur. Ein sterk konsert gjorde også Berrin Sahin, som med ei gripande røyst framførde songar og viser frå ulike delar av Tyrkia. Sist ut var norske Kuraybers, med musikk frå m.a. Balkan, Romania og Polen, som sette i gong dansefoten med intensitet og stadig vekslande tempo.

Alt i alt var festivalen eit viktig skritt i riktig retning for å utvikle det nordiske samarbeidet. Vonleg blir det arrangert fleire slike showcasefestivalar framover, med eit større nettverk og fleire musikarar og publikum.

Nytt nordisk nettverk baud på showcasefestival
Almir & Daniel

Alle showcaseartistane:

  • Almir & Daniel (Noreg)
  • AySay (Danmark)
  • Berrin Sahin (Sverige)
  • Chouk Bwa & The Ångströmers (Haiti og Frankrike)
  • Byzantine Silhoutte (Island)
  • Ebo Krdum (Sverige)
  • Harpret Bansal Band (Noreg)
  • The Kuraybers (Noreg)
  • Majãz (Noreg)
  • Nowak Hendrix Duo (Sverige)
  • Obaider Band (Sverige og Spania)
  • Thorhan (Island og Danmark)
  • Total Hip Replacement & Anyankofo (Danmark og Ghana)
  • Yeisi Rojas Band (Noreg og Cuba)