Tekst: Jostein Aardal

Gammaldansgruppa Nygamle Svisker lanserer nemleg CD med tittelen «Slåttar av Ola Haugland» samband med opninga av Fylkeskappleiken førstkomande fredag.

Nygamle Svisker fekk i fjor tildelt midlar frå Rolf Myklebust Minnefond til utgjeving av plate og notehefte med slåttar laga av Ola Haugland. Rolf Myklebust frå Stryn var som kjent legendarisk leiar av Folkemusikkhalvtimen i NRK. 

Sogn og Fjordane folkemusikklag forvaltar minnefondet som er bygd opp av overskot frå sal av folkemusikksamlaren Rolf Myklebust (1908-1990) sine notehefte, renteinntekter frå eigenkapitalen i fondet, samt noko tilførsel av kapital frå Folkemusikklaget.

Nygamle Svisker vil spele ein del av Haugland-slåttane på dansen under kappleiken. Musikken blir tilgjengeleg på nett, og det vert sal av eit lite opplag med «heimebrende» CD-ar, samt tilhøyrande notehefte kan folkemusikklaget fortelje på si nettside. Noteheftet på 350 sider blir også nytta som premie på kappleiken.

Bonde og spelemann

Magne Skjerdal, som er leiar i Eid spelemannslag, har lagt ned storarbeid på noteheftet med 110 av dei cirka 150 slåttane spelemannen Ola Haugland laga. Heftet har dataskriven noteversjon på eine sida og kopi av den handskrivne orginale noten på motståande side. 

Ola Haugland (1889-1965) var fødd og budde ikkje langt frå Nordfjordeid. Heile sitt vaksne liv var han bonde, felespelar og slåttekomponist. Lokalavisa Fjordabladet kan fortelje at Haugland tidleg i tjueåra reiste til Danmark for å gå på hagebruksskule. Der kom han i kontakt med ein prestefamilie. Dei var svært musikalske, og slik fekk Haugland også interesse for klassisk musikk og fiolinspel. Dette kan forklare at mange av slåttane hans er inneheld posisjonsspel og er krevjande å spele.

Tradisjonell kappleik

Fylkeskappleiken blir arrangert etter tradisjonelt opplegg for Sogn og Fjordane med runddans og bygdedans på same arrangement. Både hardingfele og fele er representert i spelklassene.

Største spelklasse er lagspel runddans senior med heile 11 deltakande spelemannslag frå Nordfjord og Sunnfjord. Det er ikkje spelemannslag frå Sogn, men fogderiet er godt representerte i andre klassar.

I tillegg til fylkeskappleik er det årsmøte i Sogn og Fjordane folkemusikklag på Nordfjordeid. Og Folkemusikkprisen blir delt ut under kappleiken.