Minnerike augneblink i Steinkjer
John Pål Inderberg hadde komponert eit nydeleg tingingsverk, framført i Saga onsdag kveld.

Dei fyrste dagane var det mogleg å oppleve kunstutstillingar, seminar og danseoppvisingar rundt om i kommunen. Sjølve festivalopninga var onsdag 4. desember på Dampsaga Kulturhus, med tingingsverket «Blodskriket» av sjølvaste John Pål Inderberg, som nyleg fekk Steinkjer kommunes kulturpris.

«Blodskriket» vart framført til stor begeistring av ein fullsatt sal. Musikarane Heidi Skjerve, Bjørn Alterhaug, Vigleik Storaas, Einar Olav Larsen og Inderberg sjølv fekk stor applaus etter vel ein time med nydeleg sjangerkrysning mellom jazz og folkemusikk.

Ikkje mindre en åtti arrangement fann stad i løpet av festivalhelga. Omlag hundre frivillige var med og laga til kunstutstillingar, ulike konsertar med stor sjangerbreidde, seminar med mange ulike tema, fleire store danseførestillingar – og sjølvsagt dei gode sosiale møta med kjente og ukjente som festivalen gir ein.

Minnerike augneblink i Steinkjer
Dansekompaniet Frikar avslutta dagane i Steinkjer – der dei hadde bidrege med både skuleførestillingar og kurs med dei lokale kulturskuleelevane – med den forrykande førestillinga «GotoGuta».
Minnerike augneblink i Steinkjer
Frå Frikars «GotoGuta».

Ein av ei store hendingane som står høgt på underteikna si minneliste, er danseførestillinga «GotoGuta» med dansekompaniet Frikar. Dagen før hadde dei også to skuleførestillingar, til stor begeistring frå dei lokale skuleelevane. Hallgrim Hansegård, Ådne Kolbjørnshus, Vetle Springgard og Erlend Apneseth avslutta til ståande trampeklapp frå ein smekkfull sal.

Det var mange minnerike opplevingar, og eg kan ikkje nemne dei alle. Ei som må nemnast spesielt var Hilmarkonserten, som kvart år viser fram unge lokale talent. I år var det Ingvild Blæsterdalen sin tur, og i Høvelen hadde ho med seg Einar Olav Larsen og Sivert Skavlan. Dei gav oss taktfulle rørospolsar, vare runddansslåttar frå Folldal og nydelige komposisjonar av Ingvild sjølv. Denne unge spelekvinna får vi heilt sikkert sjå og høyre meir til framover!

Minnerike augneblink i Steinkjer
På årets Hilmarkonsert fekk vi høyre musikk frå ein trio med Ingvild Blæsterdalen (t.h.) i hovudrolla. Ho leverte ein flott konsert for oss i Høvelen denne fredagen, som elles var fullspekka av bra musikk.

Hilmarfestivalen har mange besøkande frå Steinkjer og nærområda. Men kva med resten av Folkemusikk-Noreg? Eg skulle ha ønskt at fleire hadde tatt turen nordover! Hilmar:Ung er eit flott kurstilbod for ungdom, og for vaksne som vil på kurs, har festivalen det også. På Facebook-sida til Hilmarfestivalen finn du bilete frå alle dei ulike arrangementa, både det rekordlange fakkeltoget, Barnas dag, Gallaførestillinga og mykje meir. Klikk her og sjekk dei ut!

Minnerike augneblink i Steinkjer
Førestillinga «Rek», av dansekompaniet Hildur var nyskapande på mange vis.
Minnerike augneblink i Steinkjer
Frå den minnerike konserten med finske JPP (Järvelän Pikkupelimannit).
Minnerike augneblink i Steinkjer
Hilmarfestivalen treng, som festivalar flest, all den støtte frå publikum og sponsorar dei kan få. Så det var ei gledeleg gåve på 85 000 kroner festivalen fekk frå Gjensidigestiftelsen. Festivalsjef Johan Einar Bjerkem tok imot gåva under Gallaførestillinga torsdag kveld.