Bjarne Bratås vil bli hugsa for det store og omfattande arbeidet han la ned for å bevare og dokumentere folkemusikk, folkeminne og lokalhistorie. Alt som ung gut fatta Bjarne interesse for å lære mest mogleg om spelemenn og dansarar, instrumenter og slåttar, samt den vokale tradisjonen. På midten av 1950-tallet byrja han med eit systematisk innsamlingsarbeid. Han forstod kor viktig det var å dokumentere eldre utøvarar i samtida. Dette gjorde han både gjennom lydopptak og skriftlege, sirleg førte notat. Bjarne hadde eit livssyn som tydeleg var rettesnora hans i møte med alle folk. Han hadde ei særleg evne til å kome i kontakt med folk. Han var seg sjølv, forsiktig, viste alle respekt, han hadde noko å læra av alle han møtte. Og han fekk folk i tale og spel, utrulege mengder slåttar og soger har han samla på lydband og kassettar.

I tillegg gjorde han omfattande arkivundersøkingar. Han leita fram opplysningar i diverse protokollar, kyrkjebøker, bygdebøker, tidsskrift og aviser med meir og systematiserte det. Arbeidet hans heldt vitskaplege mål. Detaljerte opplysningar om musikken, informantar, tidspunkt, stad osb. er ordna etter fagleg standard som han var fortruleg med gjennom arbeidet som bibliotekar. Som naturleg er, samla Bjarne mest frå Flesberg, heimbygda, men han var også på samlarferd i Telemark og i Agder. Som skulelærar i andre bygder fekk han fort kontakt med folkemusikkinteresserte folk der han kom. Bjarne hadde svært god hukommelse og stor slåttekunne, han kunne også gjere greie for ulike slåtteformer.

I dag finst det innsamla materialet i kopi på Norsk folkemusikksamling, Buskerud folkemusikkarkiv i Prestfoss samt Folkemusikkarkivet i Bø, for å nemne dei viktigaste. Lydopptaka representerer i mange høve ei bru attende til ein meir eller mindre broten tradisjon. Opptaka Bjarne gjorde har vore avgjerande for at nye generasjonar av folkemusikkutøvarar har fått tilgang til musikk og tradisjonar som elles ville ha gått ut av bruk.

Vi vil også lyfte fram Bjarne Bratås sin innsats når det gjeld formidling av folkemusikk i vid forstand. Han heldt tallause foredrag og publiserte artiklar, fyrst og fremst om den instrumentale tradisjonen. Dette er foredrag og artiklar bygde på solid dokumentasjon og faktiske opplysningar. Artiklane har for ein stor del vorte publiserte i tidsskrift som Spelemannsbladet (no Folkemusikk) og årsskriftet Langs Lågen.

På grunnlag av innsamlingsarbeidet utarbeida Bjarne oversikter over slåttar og instrument, utøvarar innan instrumental og vokal tradisjon, samt dans i Numedal. Dette innsamlingsarbeidet la grunnlaget for soga om folkemusikken og folkedansen i Numedal, Takt og tonar. Bjarne var tungt inne i arbeidet som medlem av bokkomiteen. Han heldt oppsyn med språket, dvs. nynorsken, spesielt kløyvd infinitiv. Bjarne var en fintfarande kar, men under det rolege ytre fanst også eit sterkt engasjement. Viss til dømes eit årstal var feil, kunne han notere eit nei med utropsteikn bak!

Etter åra som skulelærar tok han utdanning som bibliotekar og vart tilsett som det ved lærarskulen på Notodden. Der vart han til han tok ut pensjon. Ein jobb som passa godt for Bjarne, med sin sans for system og orden, han var den fødde arkivar.

I heimbygda vart han svært sentral i bygdebokarbeidet, som formann i bygdeboknemnda var han inspirasjonskjelde nummer ein for bygdebokforfattaren Sigurd Vinger gjennom alle åra det arbeidet vara. Sigurd fortel at kvar gong dei møttest, hadde Bjarne noko med seg: nytt frå statsarkivet, nytt frå andre kjelder som mikrofilmar av gamle aviser, nye gamle historier om folk og livet i bygda. Han hadde alltid noko å bidra med og idear om kva ein kunne få med i bøkene. Flesbergboka hadde ikkje vore så god utan Bjarnes innsats.

Opptaka Bjarne gjorde har vore avgjerande for at nye generasjonar av folkemusikkutøvarar har fått tilgang til musikk og tradisjonar som elles ville ha gått ut av bruk.

Fyrst 20 år etter at Bjarne byrja samle stoff om folkemusikken og anna folkeminne, vart det igjen ei oppblomstring for folkemusikken i bygdene. Fyrst på 1970-talet tok det til att med lokallag av Landslaget for spelemenn (Lfs) og stor aktivitet. Bjarne var sentral i gjenreisinga av sovande lokallag. Han hjelpte til med å finna alle som enno spelte, hadde feler, alle som enno kunne dansen, og alle som kunne noko om den gamle vokale tradisjonen. Han hadde lydopptak av mange utøvarar som no var borte, og han hadde skrive ned alt som var fortalt han gjennom alle desse åra. Bjarne var gullgruva vi berre kunne hente rikdomen frå.

Attåt alt var han òg familiemann, far og etterkvart bestefar. Han svært interessert i slekta, slektsgransking var attåt alt det andre ein kjær hobby. Bjarne var også flink til å halde kontakten med slektningane, stakk innom ved høve, brukte telefon om det passa, sende helsingar til jul og elles. Han og den yngre broren Asbjørn delte den sterke interessa for folkemusikken.

Bjarne Bratås fekk mange utmerkingar for arbeidet sitt. Han var ikkje så glad i skryt, men han stelte seg slik at det mest alltid vart noko å skryte av. Bjarne var fyrste heidersmedlem av Numedal spel og dansarlag. I 1989 fekk han Flesberg kommune sin kulturpris. Han arbeidde aktivt for å få til eit historielag i Flesberg og var fyrste leiar i laget, eit verv han hadde i over 20 år. Han var òg fyrste heidersmedlem i dette laget. I 2017 fekk Bjarne Kongens fortenestmedalje for sitt livslange arbeid for folkemusikken, folkeminne og lokal historie.

Vi er mange som har mykje å takke Bjarne for. Signe ditt minne.

 

Minneord: Bjarne Bratås (1936–2023)