Artikkelen er òg publisert i Folkemusikk nr. 2/23, som er ute i desse dagar.

I 1984 vart Landskappleiken skipa til i Odda med Hardanger spelemannslag og Odda ungdomslag som arrangørlag. Kvifor då ein artikkel om denne landskappleiken no, nær 40 år seinare? Årsaka er delvis litt skamfull.

På den tida arbeidde eg på Hardanger folkemuseum på Utne. Me var i ferd med å etablera Hardanger folkemusikksamling som del av museet. Sjølv hadde eg på ulike måtar vore ein del av folkemusikkmiljøet sidan slutten av 1950-talet og hadde interesse av kappleikar som kulturfenomen.

Me bestemte oss for å laga ei spørjeundersøking med folk som kom til kappleiken. I løpet av kappleiksdagane torsdag–sundag var me tre som intervjua 128 personar på ulike arenaer i Odda.

Planen var at eg skulle analysera dette materialet etterpå. Men så skjedde det at eg reiste frå Utne til Lillehammer i ny stilling. Intervjumaterialet vart lagt til sides og rett og slett gløymt. Då eg i pensjonstilværet skulle rydda meg ut av eit stort hus, fann eg materialet att, godt stua vekk inst i eit kott. Etter ei kort stund med skamkjensle og dårleg samvit fann eg ut at materialet absolutt kan analyserast så lenge i ettertid.

Somme av problemstillingane og perspektiva kan vera like aktuelle i dag, når folkemusikkrørsla feirar at det er 100 år sidan ho etablerte eigen organisasjon i Landslaget for spelemenn. Og så skal Hardanger og Voss museum få materialet attende til samlingane sine.

Miljøet viktigast: djupdykk i Landskappleiken 1984
Kappleikplakaten i 1984 var laga av kunstnaren Dagfinn Instanes (1919-1998).

Kontekst for landskappleiken

I viss monn kan ein seia at 1984 det siste «normalåret» for Landslaget for spelemenn var, i den meining at arbeidet og landsmøtet gjekk etter måten fredeleg for seg. Under årsmøtet på Hovden vart det likevel drege i gang ein debatt om arbeidsområdet for organisasjonen. Det brennande spørsmålet var om gammaldansmusikken skulle inn i varmen med ein eigen festival.

Første vedtaket om Landsfestivalen i gammaldansmusikk kom på landsmøtet i Stryn i 1985, og etter landsmøtet i Oslo i 1986 braut ein del ut av Landslaget og etablerte Norsk folkemusikk- og danselag (NFD). Dermed fekk ein to-deling av den organisatoriske arbeidsinnsatsen for folkemusikk og folkedans, ei todeling som varte til 2009.

Hardanger spelemannslag hadde teke på seg å skipa til landskappleiken i 1984, og den fyrste tida var spørsmålet om det skulle skje i Kinsarvik, Eidfjord eller Odda. Laget valde Odda, ikkje minst fordi fasilitetane låg best til rette der, m.a. med den store Oddahallen, ein idrettshall innsprengd i fjellet på Eidesmoen i Odda. Odda hadde tidlegare hatt Landskappleiken i 1962.

Opplegget og ramma var tradisjonell med ein hardingkveld som presenterte folkemusikk, dans og kulturlivet elles i regionen. Lokalavisene kunne fortelja om stor stemning på denne kvelden, der m.a. Odda musikklag deltok saman med lokale spelarar og dansarar. Olav H. Hauge las dikt, og journalisten Jan Gravdal kåserte på ein humoristisk måte om då hardingen oppdaga sivilisasjonen. Formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen, Reiulf Steen, opna kappleiken og er sitert på at han såg på folkemusikk og folkedans som ei viktig motgift mot utfordringane i dataalderen.

I 1984 var det 100 år sidan spelemannen Halldor Meland (1984–1972) vart fødd. Ein eigen minnekonsert markerte korleis Meland har sett farge på mykje av hardingspelet på 1900-talet, i det han bygde ut eldre slåttar og komponerte nye. På mange måtar forma han konsertspelet i Hardanger.

Ettermælet etter kappleiken var positivt. Det vart fortalt at over 500 hadde hjelpt til med frivillig arbeid. Etter resultatlistene å døma var det ca. 400 einskilddeltakarar, litt færre enn på Kongsberg året før. Lagdans var enno ikkje etablert, og klassane for lagspel var små. Dei største tevlingsklassane var dans hardingfele A og B med høvesvis 36 og 32 dansepar.

Formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen, Reiulf Steen, opna kappleiken og er sitert på at han såg på folkemusikk og folkedans som ei viktig motgift mot utfordringane i dataalderen.

Det mest spektakulære innslaget var ein kar frå Telemark som prøvde å blanda seg inn i tevlingsdansen på scena. Han vart kontant fjerna av bunadskledde vakter, og lokalavisene kunne fortelja at han fekk 750 kroner i bot. Politiet gav elles kappleiken godt skussmål, det var lite ekstra arbeid for dei.

NRK sende eit fjernsynsprogram frå kappleiken, eit traust og litt alvorleg program om musikken og dansen i Hardanger. I radioen hadde Astrid Versto eit kveldsprogram litt seinare på sommaren med tittelen «Unge utøvarar på Landskappleiken 1984 i Odda». Både arrangørar og folkemusikk-Noreg hadde grunn til å vera nøgde.

Spørjeskjema og intervju

Me ville laga eit skjema som ikkje var for omfattande og som det var enkelt å svara på i løpet av ei relativt kort samtale. Skjemaet var inndelt i spørsmål om alder, kjønn, yrke, om dei var kledde i bunad eller vanlege klede, deltakar eller tilskodar, medlemskap i spelemannslag/dansarlag og ungdomslag, om dei spelte instrument, dansa bygdedans og hadde gått på kurs.

Vidare vart det spurt om kor mange kappleikar dei hadde vore på dei siste to åra, om dei planla fleire kappleikar i 1984 og kunnskapsspørsmål om den fyrste kappleiken og når Landslaget for spelemenn vart stifta.

Ein bolk med opne spørsmål, dvs. der respondentane formulerte seg fritt, gjekk på kvifor dei var på kappleiken i Odda, kva dei såg på som positivt og eventuelt negativt med kappleikar, kva musikk dei likte betre eller like godt som folkemusikk og kva musikk dei likte minst. Siste spørsmål var om synspunkt på karneval.

Me var tre personar, to studentar og eg sjølv, som oppsøkte folk me trefte på ulike arenaer torsdag til sundag. Me tok ut personar heilt tilfeldig, men registrerte ikkje talet på dei som ikkje ville svara på spørsmåla våre. Svara skreiv me direkte inn i skjemaet.

Miljøet viktigast: djupdykk i Landskappleiken 1984
I Spelemannsbladet var det naturleg og viktig å ha brei omtale av Landskappleiken. Her framsida med bilete av Lars Velure. Faksimile Spelemannsbladet 1984.

Dei aller fleste personane møtte me fredag og laurdag, høvesvis 59 og 30 prosent. Tidspunkta varierte frå tidleg morgon til midnatt, men dei fleste intervjua var på ettermiddag og kveld. Det store fleirtalet, 64 prosent, møtte me i Oddahallen, der dei store tevlingsklassane heldt til. Elles møtte me 23 prosent av respondentane på stemnekafeen.

Kvart intervju varte frå fem til 10 minutt, alt etter kor pratne respondentane var. Det var nok uvant for dei me tok kontakt med å svara på spørsmål midt i ein kappleik. Det er mogeleg at det høge innslaget av yrke med høgare utdanning (sjå nedanfor) avspeglar at dei i større monn enn andre var villige til å svara på spørsmåla.

Kjønn, alder og yrke

I alt vart 128 personar intervjua, og bakgrunnsdata fordeler seg slik:

  • 60 prosent menn, 40 prosent kvinner
  • 19 prosent deltakarar på kappleiken, 81 prosent tilskodarar
  • 20 prosent gjekk i bunad, 80 prosent i vanlege klede
  • 51 prosent var medlem i spel-/dansarlag, 41 prosent i ungdomslag
  • 77 prosent hadde gått på kurs i spel og/eller dans

Aldersfordeling

Aldersfordelinga er interessant, der 67 prosent av dei intervjua var mellom 20 og 50 år, og 24 prosent var over 50 år.

  • Under 20 år: 8 prosent
  • 20–29 år: 27 prosent
  • 30–39 år: 32 prosent
  • 40–49 år: 8 prosent
  • 50–59 år: 10 prosent
  • Over 60 år: 14 prosent

Yrkesbakgrunn

Alle dei intervjua fortalde kva yrke dei hadde. Dette er så omsett til SSBs yrkeskategoriar, med eitt tillegg: ein kategori for elevar/studentar. Ein skal merka seg det store innslaget av høgskuleyrke. Konkret gjeld det lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar.

  • Leiarar/akademiske yrke: 11 prosent
  • Høgskuleyrke: 25 prosent
  • Kontoryrke: 9 prosent
  • Sal- og serviceyrke: 3 prosent
  • Bønder, fiskarar mv.: 18 prosent
  • Handverkarar: 11 prosent
  • Prosess- og maskin, transport: 11 prosent
  • Skuleelev/student: 11 prosent
Miljøet viktigast: djupdykk i Landskappleiken 1984
Over: Faksimile Avisa Hordaland. 26.06.1984. Under: Annbjørg Lien vann klasse C og Knut Hamre klasse A hardingfele. Faksimile Hardanger Folkeblad.

Spela og dansa sjølve

Det var ikkje direkte uventa at 51 prosent av respondentane var medlemer av eit spelemanns- og/eller danselag, og at 41 prosent var medlemer av eit ungdomslag.

Heile 63 prosent spela eitt eller fleire instrument, medan 37 prosent var ikkje-praktiserande på instrument. Instrumenta fordeler seg slik: hardingfele 34, gitar 19, trekkspel/toradar 13, piano 10, fele 9. I tillegg nemnte nokre få munnharpe, fløyte, nykkelharpe. Det høge innslaget av hardingfeleutøvarar er ikkje så underleg på ein kappleik i eit typisk hardingfeledistrikt.

I alt svara 79 prosent at dei dansa bygdedans. Dei fleste, 56 prosent, nemner springar i ei eller annan form, 35 prosent nemner pols, 25 prosent gangar og 23 prosent rudl.

Desse indikatorane saman med at 77 prosent hadde vore på kurs i spel/og eller dans, understrekar at kappleikane samlar i all hovudsak personar som i utgangspunktet er godt kjende med folkemusikkmiljøet på førehand. Det er ikkje kappleikane som er inngangsdøra til folkemusikk- og kappleikmiljøet, men heller kurs.

Kappleikane samlar i all hovudsak personar som er godt kjende med folkemusikkmiljøet. Det er ikkje kappleikane som er inngangsdøra til folkemusikk- og kappleikmiljøet, men heller kurs.

Berre åtte prosent hadde ikkje vore på kappleik dei seinaste to åra. Heile 40 prosent hadde vore på to til fem kappleikar i same tidsrommet, 25 prosent på éin kappleik, 15 prosent mellom fem og ti kappleikar og 13 prosent meir enn ti kappleikar dei seinaste to åra.

30 prosent planla ikkje fleire kappleikar i 1984, 28 prosent ville vera til stades på éin kappleik til, 25 prosent planla to­–tre kappleikar resten av året og 14 prosent meir enn tre kappleikar. Det er ingen tvil at dei som svara på spørsmåla våre, høyrde til kjernetroppane i kappleikssamanheng.

To spørsmål kartla kunnskap om kappleikssoga og Landslaget for spelemenn. Halvparten svarte på spørsmålet om når fyrste kappleiken vart skipa til, men berre tre personar visste at det var i 1888. Éin person visste at det var på garden Grivi i Bø.

Litt under halvparten prøvde å svara på når Landslaget for spelemenn vart stifta. 13 personar visste at 1923 var skipingsåret. Desse svara illustrerer at sjølv om skipingsår o.l. er viktige i den store organisasjonsforteljinga, er det ikkje nødvendigvis slik at desse opplysningane spelar så stor rolle hjå den jamne medlemsmassen. Svara på andre delar av undersøkinga viser at andre faktorar er mykje viktigare.

Miljøet viktigast: djupdykk i Landskappleiken 1984
Aud Manheim og Arvid Gullbring (biletet) gjekk til topps i klassen for dans hardingfele A i 1984 saman med Marit og Kjell Krokeide. Manheim og Gullbring toppa A-klassen også i 1979. (Foto: Privat)

Kvifor på kappleiken i Odda?

Eit av dei opne spørsmåla galdt kvifor folk hadde kome til landskappleiken i Odda. Det er vanskeleg å laga nøyaktig statistikk på slike opne svar, men ein ser fort i kva retning svara går og kva ord og uttrykk som går att i svara.

Nokre få hadde praktiske årsaker, dei budde i nærleiken, dei skulle hjelpa til og hadde arbeidsoppgåver. Somme fylgde med partnaren som skulle delta på tevlingane. Nokre få ville sjå kva ein kappleik var for noko, når det no skjedde i nærleiken.

Den vanlegaste grunngjevinga for å koma var for å høyra godt spel, kanskje spela litt sjølve, sjå god dans og kanskje dansa sjølve. Folk ville møta kjensfolk og delta i det sosiale samværet. Ni personar gjev opp kappleiksdeltaking som årsaka til at dei kom til Odda. Det er likevel samværsdimensjonen som dominerer i forklaringane av kvifor folk kom til Landskappleiken.

Her er nokre smakebitar frå svara.

«Eineståande miljø, er ei søkjande sjel, ein god måte å treffa mange trivelege folk på ein gong» (Mann, 36, maskinkøyrar)

«Landskappleik er eit høgdepunkt i året, treffa folk, oppleva intenst liv i sommarnetter, høyra god musikk og for å få spela i hop; det siste det finaste ved kappleiken» (Mann, 31, lærar)

«Interesse for folkemusikk og folkedans, miljøet omkring er forlokkande, spesielt for å treffa folk som spelar og dansar» (Kvinne, 19, skuleelev)

Positivt og negativt med kappleikar

To spørsmål tok for seg kva som er positivt med kappleikar generelt og ev. negativt. På den positive sida går formuleringar som «godt miljø» att i over halvparten av svara. Vidare understreka mange verdien av å møta folk med same interesse for musikk. «Inspirasjon» vart nemnt av mange. Å møta utøvarar frå andre distrikt vart framheva av somme. Nokre få nemnde at det er viktig å halda ved like tradisjonen.

Mange, 38 prosent, reserverte seg mot at det skulle vera noko negativt med kappleikane. Av negative innslag ved kappleikane nemner 22 prosent fyll/alkoholbruk. Sjølve tevlingsmomentet i kappleikar og ulike sider ved dømminga vert nemnde som negative faktorar av 21 prosent.

Elles var det somme som meinte at det var lite buskspel og at somme distrikt vart favoriserte av dommarane. Atter andre meinte at arrangementet no hadde vorte for stort og omfattande, og at det gjekk ut over den sosiale dimensjonen ved kappleiken.

Miljøet viktigast: djupdykk i Landskappleiken 1984
Den eldre og den unge hardingspelemannen i aksjon under eit arrangement: Anders Kjerland (1900–1989) og Bjørn Borge (1966–2007). (Foto: Privat)

Smakebitar frå svara:

«Får høyra mykje godt spel, skaper eit godt miljø og held oppe folkemusikken» (Mann, 36, gardbrukar)

«Held i live spelet, ein måte å styrkja og halda levande den nasjonale kulturen» (Kvinne, 34, teiknar)

«Men tevling kan vera litt negativt. Det blir sett kriterium for speling som sikkert ikkje passar for alle spelemennene. Negativt med sanselaust fyll» (Kvinne, 24, lærar)

«Irritert over ein del «småkongar» blant aktørane som dominerer og bestemmer kulturen innan spel og dans. Kappleiksforma fører til at mykje av slåttane ikkje kjem fram i ljoset, berre dei store slåttane er gode nok» (Mann, 31, lærar)

Formuleringar som «godt miljø» går att i over halvparten av svara. Vidare understreka mange verdien av å møta folk med same interesse for musikk.

Kva var viktigast?

I eitt spørsmål kunne folk seia noko om kva dei meinte var viktigast med musikken og dansen på kappleikar. 16 prosent tykte spørsmålet var vanskeleg og ville ikkje ta stilling. I 38 prosent av svara kom det fram att at det viktigaste med musikken og dansen på kappleikar er å halda ved like tradisjonen, føra den vidare.

Elles gjekk svara i mange ulike retningar: god kvalitet på utøvarar, visa særpreg ved ulike bygdetradisjonar, levande og godt spel, spel som er godt å dansa etter, viktig med både tradisjonsbevaring og nyskaping osv.

I folkemusikkrørsla har verne- og bevaringstanken lenge stått sterkt som del av legitimeringsretorikken. I 1984 var denne delen av den «store» forteljinga til stades i synspunkt og haldningar hjå nær 40 prosent av dei som kom på Landskappleiken.

 Smakebitar frå svara:

«Halda gamle tradisjonar i hevd» (Mann, 49, bedriftsleiar)

«Halda oppe tradisjonane, at folk viser danseglede» (Kvinne, 49, avdelingsleiar)

Miljøet viktigast: djupdykk i Landskappleiken 1984
Faksimile Hardanger Folkeblad 25.06.1984.

I tre spørsmål skulle dei svarande ta stilling til musikksmak: musikk som dei likte betre enn folkemusikk, like godt som folkemusikk og den musikken dei likte minst. Mange understreka at dei ikkje ville samanlikna musikktypar på den måten. Dei likte all musikk, avhengig av situasjon og humør. Hovudinntrykket er nok at dei 128 som svarte på spørsmåla våre, gav uttrykk for ein brei og samansett musikksmak.

«Musikk som eg likar betre enn folkemusikk»: Heile 62 prosent av dei svarande hadde ikkje musikktypar som dei likte betre enn folkemusikk. Av dei som hadde andre preferansar enn folkemusikk, nemner 17 prosent gammaldans/trekkspelmusikk, seks prosent pop, fem prosent rock og klassisk.

«Musikk som eg likar like godt som folkemusikk»: Det var litt fleire som ville svara på dette spørsmålet. Dei svara då på denne måten: 15 prosent gammaldans/trekkspelmusikk og jazz, 13 prosent klassisk og viser, 11 prosent pop, 9 prosent rock og fem prosent country.

«Musikk som eg likar minst»: Det var litt lettare å få svar på dette spørsmålet, sjølv om mange reserverte seg. Svara fordeler seg slik: 24 prosent lika minst jazz, 17 prosent rock, 16 prosent klassisk, 10 prosent pop og to prosent country. På dette spørsmålet kunne det koma meir klassifiserande uttrykk som «piggtrådmusikk», «bråk», «ungdomsmusikk», «Arne Nordheim-musikk» osv.

Karneval-arrangement?

På 1980-talet vaks det fram mange stader ulike former for karneval-arrangement etter mønster frå karneval-opptog i sør-amerikanske byar. I Nasjonalbibliotekets avisdatabase ser ein at omtale av karneval meir enn doblar seg på 1980-talet, samanlikna med 1970-talet.

Dei framveksande karnevalsmarkeringane vert òg lagde merke til i styret for Landslaget for spelemenn. I opningstala på Landskappleiken i Odda sa formannen, Ivar Schjølberg, at Landskappleiken kunne vera ei motvekt mot «karnevals-feberen» som herja over landet. I nyttårshelsinga si i det siste nummeret av Spelemannsbladet i 1984 utdjupar han dette:

«Eg seier ikkje at dette er gale, men eg ber berre folk om å sjå proporsjonane i enkelte ting. Eg meiner heller ikkje at ein skal sjå ned på det som er utanlandsk, og her kjem noko eg vil understreka: Tvert imot meiner eg at står du trygt planta i eigen kultur og har din eigen identitet, kan du respektera andres kultur og identitet, slik at dei blir noko meir for deg enn kommersielle døgnfluger».

Formannen i Hardanger spelemannslag meinte at ein burde spela samba på hardingfele når dei spelte til dans, for på den måten å koma eit dansande publikum i møte.

Ytringa avspeglar berre delvis dei synspunkta me fekk av dei 128 svarande på Landskappleiken i Odda. Av dei var 44 prosent positive til karneval, til dels svært positive. 38 prosent var klårt negative til karnevala og meinte at dei ikkje høver i vårt land. 11 prosent hadde ikkje noka meining og ni prosent var litt positive og litt negative.

Samba var elles del av ei spissformulering som var oppe i fjernsynsprogrammet som NRK sende frå kappleiken. Formannen i Hardanger spelemannslag meinte at ein burde spela samba på hardingfele når dei spelte til dans for på den måten å koma eit dansande publikum i møte. Ei lita gruppe viste døme på korleis det kunne høyrast ut, og i god folkeopplysningsånd var det ein liten debatt for og imot.

No snart 40 år seinare er det nok rett å seia at sambaen på ingen måte har gått inn i repertoaret hjå hardingfelespelarar i Hardanger.

Men livet må gå vidare …

Så vidt eg veit, er denne vesle undersøkinga i 1984 den einaste som har vore gjennomført for å kartleggja kappleiksmiljøet. Det er grunn til å tru at dei 128 som var villige til å svara på spørsmåla våre i 1984, representerte kjernetroppen i kappleikssamanheng.

Utan tvil er kappleikane samlingspunkt for dei som gjennom kurs o.a. har kome inn i folkemusikkmiljøet. Kappleikar er ikkje ein stad der ein sleng innom «på måfå». Kappleikar er arena for «kyrkjelyden», ikkje for dei som treng frelse.

Like fullt er det interessant å sjå kva dei 128 respondentane meinte om kappleikar som fenomen. Det er påtakeleg at det store fleirtalet framheva den sosiale dimensjonen med kappleikane, dette å møtast for å spela, dansa og ha det triveleg i lag.

Interessant er det også at bevaringsideane, dette å halda fast på tradisjonane, stod etter måten sterkt som grunngjeving for kvifor ein driv på med folkemusikk og folkedans. Samstundes kom det fram synspunkt og meiningar om tevlingar, dømming og storleiken på arrangementet som kan høyrast den dag i dag.

I eit av dei fyrste intervjua våre natt til fredagen fortel ein journalist i 30-åra ei lita trist forteljing. Han spelar sjølv, har god kunnskap om folkemusikk og er tydelegvis godt integrert i folkemusikkmiljøet. Dei siste to åra hadde han vore til stades på meir enn 10 kappleikar og hadde planar om å oppsøkja to–tre fleire kappleikar i 1984.

Han hadde kome til denne kappleiken med ei von om å verta i lag med ei vestlandsjente, som han sa, men ho var ikkje interessert. No skulle han ein kort tur heim og bearbeida kjærleikssorga. Men på laurdagen skulle han vera attende; han måtte få med seg spelinga i A-klassen. Livet må gå vidare, i alle fall i kappleiksverda …