Menneskelyden. Sondre Bratland og folketonane som slapp fri
Marianne Lystrup: Menneskelyden. Sondre Bratland og folketonane som slapp fri
  • Novus forlag, 2023
  • 132 sider, innbunden

Meldinga er òg publisert i magasinet Folkemusikk nr. 4/2023, som er ute no. Du kan kjøpe magasinet i nettbutikken Tekstallmenningen.no.

Les også: Sondre Bratland i bokform. Intervju med Bratland og Lystrup

Folkesongaren Sondre Bratland har oppnådd det som få kunstnarar opplever: Å bli ein bauta i levande live. Han har no fått si bok, Menneskelyden, ført i pennen av Marianne Lystrup. Dette er ein biografi som yter hovudpersonen stor rettferd, det store i livet hans som folkesongar, artist og unik formidlar. Samtidig blir me betre kjent med medmennesket Sondre Bratland.

Interessant er òg skildringa av samtida og utviklinga innafor folkemusikken Sondre blei ein del av. Her balanserer forfattaren på stram line mellom det levde livet til Sondre og det større biletet; musikk og samfunn sett gjennom brillene til ei som har levd i same tidsepoken, og som har fylgd godt med. Slik kan boka òg bli ein fin innfallsport for unge som ikkje fekk med seg det store skiftet som kom i 70- og 80-åra.

Eit sitat frå forordet: «Ingen har gjort så mykje for å få dei religiøse folketonane fri frå dei lukka forsamlingane der dei levde sitt fromme, stille liv – og fram i lyset.» Forfattaren jamfører Sondres verk med folk som hadde gjort dette før han. Sondre var inga øy, han var sterkt påverka av samtida og bidrog sjølv til at denne musikkbylgja fekk eigne valørar.

 

Sondre Bratland er kjent for mange som ein klok og sindig mann, prega av eit stort alvor i høve til dei store tema i livet, men samtidig òg ein livsnytar og ein med glimt i auga og humor. Han blei ein gong spurt om korleis det kan ha seg at det klang så godt i hop, når han og pakistanske Javed Bashir laga plata Dialogue (2006). Då svara Sondre: «Det må vel vera av di me båe er av slekta homo sapiens».

Med opningskapittelet Ein teledøl i Lahore, kjem me rett inn dette høgdepunktet i livet til Sondre, då han dreg til Pakistan i lag med livslang produsent Erik Hillestad i Kirkelig kulturverksted, norsk-pakistanske Khalid Salimi og fotografen Barbro Steinde. Fredsprosjektet Dialogue kjem i kjølvatnet av striden rundt dei såkalla Muhammed-karikaturane, Erik Hillestad ville byggje bruer mellom austlege og vestlege kulturar.

Så tilbake til starten på eit langt kunstnarliv. Men det tok lang tid før Sondre bestemte seg for å bli artist på heiltid, født inn i ein handelsfamilie som han var. Ein raud tråd er kristendomens plass i livet til Sondre, familien og miljøet han voks opp. Gjennom Sondre møter me ein religion som er open og inkluderande. I dette ljoset må me sjå livsverket hans: Korleis han gjorde dei religiøse folketonane tilgjengelege også utanfor det me vanlegvis forbind med kristne miljø.

Forfattaren balanserer fint og unngår å hamne i det som kallast «å grafse i folks privatliv». Ho syner oss at heller ikkje Sondre og kona Elisabeth, som han elska meir enn alt anna på jorda, levde utan bylgjedalar og vanskar.

Sondre samarbeidde på vers av sjangrar og geografi på både plater og konsertar. Det var med musikarar frå både inn- og utland, jazz-pop-rock-klassisk-country-korsong med meir. Eg nemner berre dei som har vore med mest: organist Iver Kleive, gitarist Knut Reiersrud og perkusjonist Paolo Vinaccia, pluss felespelar Annbjørg Lien, med eit nært og tett samarbeid med Sondre over lang tid. Og sjølvsagt produsent og mykje meir, Erik Hillestad, som er gift med forfattaren av denne boka, Marianne Lystrup. Eit kall kallar ho det når bokideen kom opp. Som forfattar stiller ho viktige spørsmål: «Kven er han eigentleg? Er han så stødig og harmonisk som det kan verke som? Kor from og plettfri må ei vera for å reise land og strand og syngje for folk?»

Einskilde prosjekt får eigne kapittel. t.d. juleplata Rosa frå Betlehem, kor krevjande det var å få spela inn plata i fødselskyrkja i Betlehem på palestinsk område i Israel. Historia om korleis det palestinske barnekoret blei med, er den opplagte kontrasten til dagens ekstreme og eskalerande valdshandlingar i Midt-Austen. Denne juleplata er elles både den mest selde folkemusikkplata, og samtidig juleplata som er rangert høgast av fleire aviser.

Forfattaren fortel med lett og godt språk om eit løp frå idé til ferdig produkt, plate for plate, innspeling for innspeling. Korleis Sondre og Erik Hillestad leita etter dei beste stadane for ulike prosjekt, enten det er den legendariske kyrkja i Røldal eller domen i Santiago de Compostella, der «Draumkvedet» blei spela inn.

 

Det er mange stoppestadar og sidevegar, også på det personlege plan for Sondre. Forfattaren balanserer fint og unngår å hamne i det som kallast «å grafse i folks privatliv». Ho syner oss at heller ikkje Sondre og kona Elisabeth, som han elska meir enn alt anna på jorda, levde utan bylgjedalar og vanskar. Ei klassisk problemstilling er om kunstnaren som er ute på reise, møter mange folk,  både yngre og eldre, og er vekk frå familien i lange periodar. Og som ho er inne på: Sondre var og er ein mann med ei eiga utstråling, stor ro og stor verdigheit. Ein å la seg begeistre av.    

Den sterke overtydinga om å bli buande på heimeplassen Edland, får me god innsikt i, det er her han høyrer til. Ordet heim blir eit kjerneord, handlar ikkje minst om ungane og kjærleiken til Elisabeth. Dette har han skrive så vakkert om i ein tekst til ein australsk trad-låt, Syng meg heim. Litt frå refrenget: Det er du som er min heim/det er du som kjem i tanken/kvar gong eg er på drift og lengtar heim.

Boka fortel om Sondre Bratlands allsidige talent: folketonesamlar, pedagog, skodespelar, han har tonesett tekstar, han har vore leiar på Folkemusikkstudiet i Rauland, og så har han bl.a. omsett boka Profeten av Khalil Gibran til norsk. Vidare får me dokumentert ei rad med prisar og utmerkingar.

Menneskelyden. Sondre Bratland og folketonane som slapp fri
Haukeliseterfestivalen 2005 då Sondre Bratland etter eigen idé heldt ein utekonsert på ei øy ved Haukeliseter i juni månad, enno men isflaka dreiv rundt på Ståvatn. Sondre hadde med seg gitaristane Tore Bruvoll og Knut Reiersrud. Foto: Kjell Bitustøyl

Men det som eg saknar, er omtale av at han òg har skrive fleire eigne visetekstar, ikkje minst omtale av den mest kjende teksten hans utan samanlikning: Gjev meg handa di, til ein irsk folketone. Truleg er dette den nyskrivne folketone-teksten som har sett seg djupast fast i folk i nyare tid. Songen har blitt svært vanleg å bruke blant anna i gravferder, inkluderande som teksten er for alle, også for den som ikkje er så sterk i trua. Her har ordkunstnaren Sondre verkeleg treft noko ålment menneskeleg.

Lat varmen frå ein som er glad i deg / tenne stjerner i mørkaste natt!

Gjev meg handa di ven, når det kveldar / det blir mørkt og me treng ei hand.