Meldt av Audun Stokke Hole

At duoen Skurken på dansegolvet også utgjer to sjudelar av bandet Madam Jam, er ikkje tilfeldig. Madam Jam spelte seg til finalen på Landsfestivalen i Førde sist august, og fødde med det ein debatt (m.a. på folkemusikk.no) som gammaldansmiljøet knapt har sett maken til sidan åttitalet – og som langt på veg definerte opplegg og tema for FolkOrgs dommarseminar nå i mars. 

Det er ikkje lett for ein utanforståande å forstå debatten, men eg trur ei slik forståing trengst for å forstå konseptet til denne plata. Det er også umogleg å summere opp debatten utan å ta side i han – eg har uansett for lengst teke side, og det pregar synet mitt på denne plata. Så eg skal ikkje prøve å late som at eg er nøytral. 

For å byrje med konklusjonen: Eg elskar plata. (Har éi lita innvending til ho, som eg skal komme tilbake til.) Og om det ikkje er ei plate for alle, så meiner eg likevel at du som Folkemusikk-lesar gjer deg sjølv ei teneste ved å setje deg ned – eller ta danseskoa på og rydde stovegolvet – og høyre ho gjennom.

Skurken på dansegolvet

  • Melovitten, 2024
  • 10 spor, 36 min. 
  • Produsert av Ørnulv Brun Snortheim
  • Musikarar: Steinar Odde og Pål Bratås; gjestar: Bjørn Kåre Odde, Kjersti Stensgård Bratås, Kristen Stensgård Bratås, Herbjørn Liahagen og Ørnulv Brun Snortheim

 

Eg vil ikkje nøle med å raudliste den norske gammaldansmusikken. Det er kanskje å ta hardt i, og det er sjølvsagt nittini måtar å definere kulturell livskraft på, men eg meiner det. Slik eg ser det, er gammaldansen kraftig utryddingstruga. Mellom anna på grunn av det som òg er den fremste styrken i musikken: Samanlikna med den eldste slåttemusikken vår, er han ikkje er like særeigen på verdsbasis – han er meir universell, om du vil. 

Kva gjer ein i så fall med det? Éin strategi er å bevare musikken mest mogleg slik han var då han gjekk frå å vere noko nær allemannseige til å bli nisjemusikk, i fritt fall mot den allmenne gløymsla. Denne prosessen toppa seg på det nemnde 1980-talet, då Landslaget for Spelemenn forvandla han frå populærmusikk til folkemusikk. Ikkje ulikt det ein i si tid gjorde med wienerklassisismen, all statleg kulturpolitikks mor. 

Ein annan strategi er å gjere konkrete grep for å forsøke å reversere fallet mot botnen, prøve å syte for at ein kan ta sjangeren vekk frå raudlista igjen, gjennom nyskaping. Dette var strategien til Madam Jam, på Landsfestivalen og på plata dei kom med rett før, og til Skurken på dansegolvet. 

Kor radikal nyskaping snakkar vi om? Truleg heilt umerkeleg for dei fleste utanforståande, men ganske omfattande for nokon av insiderane. Eg meiner Skurken på dansegolvet er nokså radikalt nyskapande – og heilt naudsynt nyskaping, som kan bidra til å gi runddansmusikken nytt publikum han sårt treng. 

Til alle låtane på Skurken på dansegolvet er det oppgitt dansetakt. Ikkje alle låtane er like enkle å danse til – på nokre låtar har dei endåtil oppgitt to, svært ulike dansar. Også Madam Jam har låtar som kan vere litt utfordrande å danse til, fordi tempo og instrumentering er uvant samanlikna med det gjengse. Dette verkar for meg å ha vore Madam Jam-motstandarane si hovudinnvending etter fjorårets landsfestival. Eg meiner innvendinga er heilt forfeila, og underkjenner vitaliteten og tilpassingsevna til både dansemusikk og dansarar. 

Ja, du skal ha litt dansesjølvtillit for å valse til «Giftog vals». Og ja, det vanlegaste i norsk runddans er at musikken slavisk tilpassar seg dansen. Men er det klin umogleg å tenke seg det motsette? At dansarane stundom må tilpasse seg musikken? For meg er definisjonen på ein levande dansetradisjon at nye dansar kjem til – til dømes ein langsamare halling (trekvarting?) eller seig reinlender (slowlender, anyone?) til lyden av «Berthold», programerklæringa og låta som opnar Skurken på dansegolvet. Ei låt som etter eit uvisst antal lyttingar held fram med å gi meg hakeslepp idet trekkspelet kjem inn etter introen. 

Det vanlegaste i norsk runddans er at musikken slavisk tilpassar seg dansen. Men er det klin umogleg å tenke seg det motsette? At dansarane stundom må tilpasse seg musikken? 

Skurken på dansegolvet lykkast i mine øyre fullt ut med det dei må ha sett seg som mål: å finne opp krutet på nytt. Opningssporet, det eg kallar programerklæring nr. ein av fleire, handlar om den kanskje historiske, kanskje mytiske alkymisten som kanskje fann opp krutet på 1300-talet. Poenget eg les inn i dette er at krutet er blitt oppfunne mange gonger gjennom historia, og innanfor ein musikksjanger er det nettopp slik all fornying skjer. Gamle vendingar blir etter kvart forslitne, og nye er nøydde å komme til, men dei må likne dei gamle – elles er det ikkje same sjanger lenger. 

Tekstane på plata er gode, og stundom like viktige som musikken. «Tidsmaskin» er ei anna programerklæring, markert som «vals/springar» med ein tekst som tematiserer runddansmusikken som fortidsmarkør i nåtida. I tråd med dette fungerer òg dei tekniske spesifikasjonane i omslaget som programerklæring – vi les at illustrasjonane i omslaget er generert av kunstig intelligens! Skurken på dansegolvet skal ikkje ha på seg at dei går baklengs inn i framtida. 

Skal eg forsøke å samanlikne musikken deira med noko, blir det fort unorsk. Plata minner meg mest om nordaustbrasilianske nytradisjonalistar som Siba og Cascabulho, artistar som går uredd, stundom radikalt til verks og samtidig insisterer på at dei held seg godt innanfor rammene til tradisjonen. Også det å oppgi danserytme på alle låtane, vel vitande om dette er ein raud klut for somme med anna tradisjonssyn enn dei sjølve, har Skurken på dansegolvet felles med mange brasilianarar. 

I tillegg minner duoen meg om Hellbillies. Det har mykje å gjere med Steinar Odde sin raspande rockevokal, og ei generelt rocka stemning. Eg trur plata kan appellere til fans av ålingane og annan countryrock, og kanskje – får vi håpe – suge nokon fleire av dei inn i gammaldansens univers. 

Og då er vi framme ved einaste innvendinga mi mot denne plata. Vokalen til Steinar Odde ligg jamt over litt lågt i miksen etter min smak. Eit godt eksempel er valsen «E flyg», med sterk tekst av gjestelyrikar Rikka Marie Rivrud, der teksten kjem klart fram på dei rolege versa, men druknar i instrumenta på refrenga. Nå er dette eit produsentval, og det anar meg at ein har tenkt vokalen som instrument jamstilt med dei andre. Det gir meining ut frå ideen om at dette er dansefestmusikk, men eg skulle ønske at ein hadde teke det andre alternativet, som er å sjå dette som tidlaus popmusikk som formidlar ord like mykje som melodi. 

Tre år gamle Melovitten har for lengst markert seg som eit viktig plateselskap. Og etter mi meining er nok Skurken på dansegolvet – i hard konkurranse med fleire – den viktigaste utgivinga deira så langt. Grunnen til at nokon i det heile spelar gammaldansmusikk i 2024, er at denne musikken ein gong i tida, for ikkje lenge sidan, var det heitaste av det heite. Toppen av poppen. Like eigna til massehysteri og spitord over ungdomens dårskap som musikk du i dag støtt høyrer på radio og i klesbutikkar, og aldri les om i Folkemusikk. Vi treng slike plater som dette for å minnest denne historia, og vi treng å minnest denne historia for å forstå kor lite unike vi er. All tid er nå. Je suis Berthold. 

Denne plata framkallar, nesten heilt av seg sjølv, alle desse tankane. Slikt gir meg hakeslepp, gang på gang. Unn deg ei gjennomlytting eller fem av Skurken på dansegolvet, du også.