– Vårt ønske er at folk kan kvitte seg med fordommane mot langeleiken, seier Elisabeth Kværne. – Lar vi langeleiken få vise seg fram på sine eigne premissar, ja da trur vi at det er ti gonger så mange som spelar langeleik om 50 år!

Til hausten gir Elisabeth Kværne og Bjørn Aksdal ut bok om historia til langeleiken. Dette instrumentet har rike tradisjonar i Noreg, men får sjeldan særleg med merksemd.

– Det er hyggeleg at fleire enn oss bryr seg, seier Bjørn Aksdal og ler høgt.

Ti år med registrering

Det var tilbake i 2011 at Kværne og Aksdal begynte på det omfattande registreringsarbeidet av langeleiken i Noreg.

– Vi har brukt veldig mange timar på å reise rundt og registrere, undersøke og diskutere, lage utstillingar, halde arbeidsseminar med kollegaer og så vidare, seier Aksdal. – Vi har ikkje skunda oss. Vi har gjort det på ein grundig og ordentleg måte.

– Nei, vi kan ikkje skryte på oss at dette er eit hastverksarbeid. Det har jo trass alt gått ti år, da, ler Elisabeth Kværne.

Bjørn Aksdal tar ein slurk av kaffien og tar oss med tilbake til starten.

– Elisabeth og eg gjekk ned i kjellaren på Musikkhøgskolen i Oslo for å sjå på dei langeleikane dei hadde der. Det var der det starta. Vinteren 2011 var det første kornet sådd, forklarer han, før han i kjent stil må ta oss enda lenger tilbake i tid.

Med kjærleik til langeleiken
Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne på langeleikregistrering i Vestfold, mai 2014. (Foto: privat)

– Vi byrja vel strengt tatt å samarbeide om langeleiken allereie i 1986, eller der omkring. Da var vi begge engasjerte til å lage ei langeleikutstilling på Ringve Musikkmuseum i Trondheim. I tillegg har vi jo drive på kvar vår kant med andre ting. Etter kvart fann vi ut at vi måtte gjere meir om langeleiken.

Det fanst så mange artige og fine instrument rundt omkring i landet som folk ikkje var klar over, fortel dei. Fleire, mellom andre Reidar Sevåg, Leif Løchen og Oddrun Hegge, hadde tidlegare registrert langeleikar, men ingen hadde gått landsomfattande til verks med å systematisere registreringane av langeleiken. Kværne og Aksdal såg det som ei fin utfordring å sjå om det fanst noko som kunne seiast om utviklinga av langeleiken. Var det regionale skilnader? Kor har langeleiken vore brukt, og så vidare.

Kværne held fram.

– I mellomtida hadde vi jo også laga ei utgreiing til Rådet for folkemusikk og folkedans om instrumenttradisjonane i Noreg. Da dukka det opp ulike problemstillingar, og vi fekk nokre nye innfallsvinklar. Rådet delte vår bekymring om kven som skulle vidareføre dei særeigne norske instrumentbyggjartradisjonane og den kompetansen som finst rundt omkring. Det var stor interesse for hardingfela, men det finst også andre instrument som vi treng å ta vare på – instrument som berre ei handfull hadde kunnskap om.

Bjørn Aksdal vil også nytte høve til å understreke kor viktig Valdres Folkemuseum har vore for norsk instrumentbyggjartradisjon.

– Rundt museet på Fagernes har det lenge vore ein kompetanse på instrumenthandverk. Der er det ein verkstad for bygging av langeleik, hardingfele, munnharpe og andre instrument. Det var naturleg at vi tok utgangspunkt i dette miljøet i Valdres då vi skulle setje i gang med registreringsarbeidet vårt. Her var det eit ressurssenter!

Eit langt liv med langeleik

Langeleiken har vore ein del av livet til Elisabeth Kværne nesten så langt tilbake som ho kan hugse. Ho var seks år gamal da ho vart introdusert for langeleiken første gongen.

– Det var i 1959. Da fekk Sissel, den seks år eldre syster mi, ein langeleik av tanta vår. Sidan den gongen har eg budd i eit langeleikhus, smiler ho.

– Instrumentet ho fekk, var eit relativt moderne instrument, med maskinskruvar og klistremerke. Instrumentet var laga av K.Ø. Rudi og Son i Heggenes og var eigentleg meint for eksport til Amerika. Dette var i ei tid da interessa for langeleiken i Noreg var på botnen. Det var ein del som spela, men dei kjente nok ikkje særleg til kvarandre. Det var veldig dårleg rekruttering, så langeleiken heldt stort sett hus berre i dei sterkaste folkemusikkfamiliane. Men da syster mi fekk langeleiken, fall ho pladask for instrumentet. Så vart eg den litle, klåfingra systera som berre måtte borti og prøve.

Kværne kjem ikkje frå ein folkemusikkfamilie. Sjølv om ho no driv ein gard i Aurdal i Valdres, som er eit sentrum for tradisjonsmusikk og langeleik, budde ho i Bærum til ho var ferdig med studia.

– Der var det langt mellom langeleikane, seier ho.

Ho lærte seg å spele av syster si, Sissel, som lærte å spele av Ragnhild Midthus.

– For min del var det sommaren 1969 eg hamna midt i det. Da fekk eg min første sommarjobb ved Valdres Folkemuseum. Der trefte eg alle dei som bar tradisjonen vidare frå foreldre og besteforeldre. Gunvor Hegge og Bjørg og Kari Steinsrud er nokre av dei som har hatt ei viktig rolle i å ta vare på langeleiktradisjonen.

Sidan studerte Kværne tradisjonsformidlande fag ved Universitetet i Oslo, musikk, folkeminne og folkelivsgransking.

– Gjennom studia skreiv eg ein del om langeleiken. Det var i ei tid der vi arbeidde for å heve kvaliteten på langeleiken.

Ho hugsar da Olav Viken laga langeleik til dotter si, Inger Marit, og at Torleiv Bolstad oppmuntra Haldor Røyne og Knut Snortheim til å lage langeleikar. Seinare, rundt 1980, vart Olav Viken den første fast tilsette felemakaren ved Valdres Folkemuseum, og han byrja etter ei tid å lage langeleikar også.

«I 1959 fekk Sissel, den seks år eldre syster mi, ein langeleik av tanta vår. Sidan den gongen har eg budd i eit langeleikhus.»

Elisabeth Kværne

Sidan sommaren 69 har langeleiken vore ein sentral del av livet til Elisabeth Kværne, i verksemda hennar som formidlar, lærar og ikkje minst musikar. I 1985 fekk ho Spellemannprisen i klassen folkemusikk/gamaldans for albumet På langeleik. Albumet vart gitt ut på ny i 1994.

Bjørn Aksdal har også drive med musikk heile livet, men i ungdommen var det meir korps, visesong og popmusikk.

– Eg har likevel hatt folkemusikk rundt meg i slekta mi, både frå morssida på Røros og farssida på Nordmøre. Det var først da eg studerte musikk på Universitetet i Trondheim i 1970-åra at interessa for denne musikken kom. Eg kjøpte meg ein langeleik og fekk mellom anna hjelp og tips frå musikkforskar Ola Kai Ledang til å lære meg å spele instrumentet. Vidare byrja eg å arbeide på Ringve Musikkmuseum og fekk etter kvart ein del fagleg ansvar der, og da vart eg meir og meir interessert i desse gamle instrumenta, også langeleiken. Mellom anna såg eg at i europeisk og spesielt britisk folkrock-musikk vart mellom anna appalachian dulcimer brukt. Dette er ein slektning av langeleiken, og eg vart interessert i sambanda mellom langeleiken og instrument i andre land.

Seinare har Aksdal vore med på å kartleggje historia og utviklinga til hardingfela. Da boka om hardingfela kom ut i 2009, var han klar for å ta fatt på eit nytt prosjekt. Det måtte bli langeleiken.

– Eg hugsar første gongen vi prata saman, smiler Aksdal mot Kværne. – Det var tidleg i 1980-åra ein gong. Vi prata saman i over to timar om tradisjonsmusikk.

Sidan har praten halde fram, og engasjementet er stort frå begge, spesielt når det kjem til folkemusikk og langeleik. Dei har samarbeidd i ulike samanhengar, og begge kjente etter kvart på at tida var overmogen for å setje i gang med å registrere langeleiken og historia til langeleiken i Noreg.

«Det har vore særs få profesjonelle langeleikmakarar. Dei stilmessige og personlege kjenneteikna er ikkje like tydelege på langeleiken som på til dømes hardingfela.»

Bjørn Aksdal
Med kjærleik til langeleiken
Stein Villa og Bjørn Aksdal på tradisjonsmusikkarkivet på Hunn, Gjøvik. (Foto: privat)
Med kjærleik til langeleiken
Elisabeth Kværne på tradisjonsmusikkarkivet på Hunn i Gjøvik. (Foto: privat)

Heimens instrument

– Vi har no fått undersøkt og registrert over 300 langeleikar, seier Aksdal engasjert. – Vi ser at langeleiktradisjonane i Noreg er ulike hardingfeletradisjonane. Når vi ser ei hardingfele, kan vi på grunn av alle hardingfelemakarane som vi kjenner til, sjå kva for type fele det er, men når vi kjem til langeleiken, blir det ei større utfordring. Det har vore særs få profesjonelle langeleikmakarar. Kanskje har det vore ein hendig bonde som har laga ein langeleik til sonen eller dottera på garden. Dei stilmessige og personlege kjenneteikna er ikkje like tydelege på langeleiken som på hardingfela eller andre typar feler.

Gjennom registreringsarbeidet har Kværne og Aksdal funne langeleikar eller kjelder om langeleikar i nesten heile Noreg. Det er berre i Troms og Finnmark, Østfold, Akershus og Rogaland dei ikkje har klart å finne noko. Dei fire eldste langeleikane er daterte tilbake til 1500-talet. Kværne og Aksdal meiner det er god grunn til å stole på desse dateringane.

– Vidare ser det ut til at 1600-talet og første del av 1700-talet var ei rik tid for langeleiken, seier Aksdal. – Seinare ser det ut til at hardingfela og fiolinen tar over den posisjonen som langeleiken hadde fram til da.

Aksdal og Kværne ser at fleire av instrumenta som har røter i mellomalderen, vart noko trengde vekk av meir lydsterke instrument, som dei ulike feletypane vi fekk i Noreg. Samstundes vart instrumenta brukte på ulike område.

– Langeleiken vart kanskje heimens instrument og forsvann litt meir frå dei sosiale arenaene, som danseplassar og liknande stader, forklarer Aksdal.

Han understrekar at uansett kva for instrument vi snakkar om, er det snakk om reliktområde. Nokre område tar tidleg inn nye impulsar, medan andre område held på den gamle tradisjonen veldig lenge. På spørsmålet om kva posisjon instrumenta har i ulike område, snakkar ein eigentleg om skilnader på kanskje 100 og 200 år for når noko forsvinn og noko kjem til.

– I denne samanhengen får vi verkeleg eit bilete av Noreg som eit område som består av distrikt og lokalmiljø, seier Aksdal. – Norsk folkemusikk er ikkje nasjonal. Han er lokal. Dette gjeld også langeleiken. Han er lokal!

Bordunklangen – ein styrke

– Musikalske preferansar blir påverka av mange ting. Når det kjem alternativ, er det kanskje enklare å velje bort instrument som kan bli oppfatta som gamaldagse. Eg tenkjer på dette med fast klang i botnen, seier Kværne.

– Det er i det heile mange ting som endrar seg utover 1800-talet, som til dømes samværsformer og lokalitetar. Kva er det som får merksemd? Eg er overtydd om at langeleiken har kvalitetar i seg sjølv som gjer at han fortener å leve vidare. Det å ha ein fast klang i botnen og ikkje kunne skifte harmoniar, blir framstilt som eit slags handikap, og noko som høyrer fortida til. Der er eg ueinig!

Ho viser til irsk folkemusikk, der uilleann pipes har fått ein stor renessanse.

– Det er jo på grunn av kvalitetar instrumentet har i seg sjølv! meiner ho. – Sånn er det også med langeleiken og musikken vi formidlar gjennom han. Langeleiken er upretensiøs og rett fram.

Elisabeth Kværne seier det er relativt enkelt å kome i gang med å lære seg å spele langeleik.

– Det er lett å få gode resultat. Så skal det sjølvsagt mykje meir til for å finne sitt eige uttrykk i ein tradisjon og beherske dei ulike stilartane. Litt som langrenn. Det er enkelt å lære seg å gå på ski, men ein treng mykje trening for å bli god, ler ho.

Det er ikkje nødvendig å utvikle seg på andre sjangrar sine premissar for å ta vare på langeleiken, meiner Kværne.

– Det er mange som er ueinige med meg i det, men det hevdar eg veldig sterkt! Det betyr ikkje at eg er skeptisk til at nokon ønskjer å utvikle langeleikmusikken i nye retningar, men frå min ståstad her i Valdres er det å utvikle gode, robuste instrument som gir god respons, like viktig for at langeleiken skal leve vidare, seier ho.

«Det å ha ein fast klang i botnen og ikkje kunne skifte harmoniar, blir framstilt som eit slags handikap, og noko som høyrer fortida til. Der er eg ueinig!»

Elisabeth Kværne

200 år er ingen alder

Elisabeth Kværne meiner vi i dag ser ein tendens til at instrument og speltradisjon må endre seg for å overleve.

– Langeleikspelarar har også endringsvilje. Langeleikmiljøet vil heile tida bli betre og meir mangfaldig. Kanskje kan arbeidet Bjørn og eg har gjort, inspirere folk til å dekorere instrumentet sitt, gjere det meir attraktivt å sjå på. Heve langeleiken som folkekunst, sånn at instrumenta blir nokre perler som det blir ein fryd å halde i. Vi må spele på dei strengane òg.

Bjørn Aksdal minner om at langeleiken først og fremst er eit verktøy for musikk.

– Det som tel, er jo uansett at du er ein av dei beste spelemennene som kan spele slåttane på best mogleg måte, i eit tradisjonelt uttrykk, gjerne med din eigen personlegdom. Det er jo derfor kappleikar enno er interessante.

Med det store registreringsarbeidet har ein no god kunnskap om kva langeleiken har vore i norsk kulturhistorie. Spørsmålet er kva framtida har å by på, og kva som har skjedd med langeleiken når det får gått nye 50 år.

– Først og fremst må no det bli ein episode i Åndenes makt, ler Aksdal, før han blir meir seriøs. – Det eg håpar, er at vi har fått ei meir variert langeleikbygging. At det kan gi instrumentet meir status. Kanskje kan langeleikbygging vere med på å skape ein identitet. At langeleikbyggarane lagar lokale variantar av instrumentet. Vi håpar boka vår kan vere til inspirasjon. I alle fall håpar vi at langeleiken lever i beste velgåande.

Med kjærleik til langeleiken
Bård Riise Hoel og Bjørn Aksdal tar ein langeleik i augesyn på Musikmuseet i København. (Foto: privat)
Med kjærleik til langeleiken
Omslaget til Elisabeth Kværnes LP-plata 'På langeleik' frå 1985, første plata der langeleiken spelte hovudrolla. (Omslag: Heilo)

Elisabeth Kværne er optimistisk på vegner av instrumentet ho er så glad i.

– Eg håpar at langeleiken får ein høgare status, i den grad at han blir meir tilgjengeleg. Da treng vi hjelp av til dømes kulturskolane, som kan seie at lån av langeleik er gratis. Vidare må undervisninga av tradisjonsmusikk bli ein del av den lokale kultursatsinga i Noreg. FolkOrg og andre må legge enda betre til rette for å eksponere langeleiken når det er folkemusikkarrangement. Det treng ikkje vere så storslått og veldig for å gi musikalske opplevingar, seier ho.

Avslutningsvis teiknar Kværne eit talande bilete av kor vakkert det er med langeleikmusikk.

– I musikken kan ein tankestrek vere like mykje verd som eit utropsteikn. Ei stille oppleving der du faktisk kan bli henført av å lytte til noko som er veldig enkelt. Når vi lyttar til noko som er enkelt og forståeleg, da når det heilt inn i hjartet vårt. Det er langeleikmusikk! Mitt ønske er at folk kan kvitte seg med fordommar mot langeleiken. Slutte å sjå på det som er instrumentets styrke, som eit problem: den universelle utforminga med ein bordunklang, som er brua over til folkemusikk i mange land og kulturar. Vi treng denne klangen. Lar vi denne klangen få vere som han er, ja da trur eg at det er ti gonger så mange som spelar langeleik om 50 år.

Kværne smiler og held fram: – 50 år i langeleiksamanheng er jo ingenting! Eit døme: For om lag 40 år sidan var eg i nabobygda mi og lærte av ein kar som heitte Johan J. Halden, som var fødd i 1884. Han lærte meg ein lått etter sin farfar, Ole Johannesson Viken, som var fødd i 1813. Det seier litt om tidsperpektivet her. 200 år er heller ingenting når vi snakkar om tradisjonsmusikk og langeleik. Da er «om 50 år» i morgon.

Denne artikkelen vart først publisert i magasinet Folkemusikk nr. 2/2021. Den er republisert på folkemusikk.no no som Kværne og Aksdals bok Langeleiken – heile Noregs instrument er publisert på Novus forlag. Les også Bjørn Aksdals artikkel om forskinga på, og anna som tidlegare er skrive om langeleiken.