Her i idrettshallen på Førdehuset gjekk dei fleste tevlingane på Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2023 for seg. Mellom anna tevlinga og finalen i gruppespel, som har skapt mykje debatt i haust. Foto: Thomas Westling

Debatten etter sommarens Landsfestival i gammaldansmusikk går vidare. Det er heldigvis rom for debattar i vårt miljø. Og vi er ganske sikre på at vi har same mål her: Vi ynskjer eit levande og stort gammaldansmiljø!

I eit innlegg frå 20. november kjem sju musikarar med kritikk av styret og avgjersler som vart teke under Landsfestivalen i Gammaldansmusikk i Førde.

Vi i styret i FolkOrg meiner at vårt miljø skal vere ope og raust, det skal vere rom for mange uttrykk. Vi meiner at det viktigaste av alt når det gjeld Landsfestival og Landskappleik er det som står i føremålet i tevlingsdokumentet:

Føremålet med tevlinga er

  • å gjere songen, musikken og dansen betre kjend
  • å lage ein møtestad for vener av norsk folkemusikk og folkedans
  • å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine

Det er ikkje fyrste gongen i historia at eit dommarpanel spør styret om råd. Som tidlegare var det grupper i år som utfordra det «tradisjonelle» uttrykket og oss som lyttarar og dansarar. Dette vart diskutert, og styremedlemmene til stades kom til at det ikkje var ein eintydig grunn til å utelukka nokon frå tevlinga. Og her ynskjer vi å presisere vår haldning til dette: Det skal veldig mykje til for at FolkOrg og dommarar skal bestemme at nokon blir diska eller ikkje-bedømt. Om det så er på grunn av repertoar, stil og framføring. Særleg med tanke på hovudformålet med arrangementa våre.

Vi meiner at styret og dommarane handla etter beste evne og beste meining.

«Det skal veldig mykje til for at FolkOrg eller dommarar skal bestemme at nokon blir diska eller ikkje-bedømt. Om det så er på grunn av repertoar, stil eller framføring. Særleg med tanke på hovudformålet med arrangementa våre.»

Innleggsforfattarane trekkjer fram fleire poeng knytt til repertoar, og det er bra med debatt om dette. Vårt tevlingsreglement har fokus på at repertoaret skal vere det eldste slåttematerialet og den eldste gammaldansmusikken frå eit tradisjonsområde. Det er innafor å bruke nylaga musikk så lenge det er i tradisjonell stil. Og det har vore ein tradisjon i mange år at mange stiller med nylaga musikk, særleg på Landsfestivalen. Men det er vanskeleg å sjå at det er mogleg for styret å vere ein «overdommar» der og da på kva som er innafor og utanfor. Det somme meiner er innafor meiner andre er utanfor. Det er vel det vi ser nå i etterspelet etter årets Landsfestival.

Det er i utgangspunktet deltakarane sjølve som har «ansvaret» for å tolke reglementet og vurdere kva ein sjølv stiller opp med. Styre og dommarpanel gjer sitt beste for å ta rettvise og gode avgjersler om ein er i tvil. Så får vi heller alle saman tole ein debatt i etterkant. Og frå denne igjen blir det opp til kvar enkelt å bruke tevlingsreglementet som god rettesnor ved seinare høve.

Tevlingsreglementet vart ikkje omskrive på Landsfestivalen i Førde. Det vart tolka og brukt i beste meining. Kva som er «innafor» og «utanfor» når det gjeld repertoar er ein stor og evig debatt. Og dette er høveleg tema på til dømes fagseminar og dommarkurs. Dei sju innleggsforfattarane spør FolkOrg om kor ferda skal gå. Vi meiner at det er miljøet og medlemmane sjølve som er med å setje kursen. Mellom anna ved å møtast for å prate i lag, lytte til musikkdøme og høyre andre sine meiningar.

Så, med dette er alle som er interesserte i denne debatten, og alle andre, inviterte til fag- og dommarseminar i Oslo den 2. og 3. mars. Tema for spel-seminaret blir nettopp samspel (gruppespel/lagspel – med fokus på gammaldans og landsfestivalen). Det blir naturleg nok også seminar på dans og vokal. Det blir fagleg påfyll, diskusjonar og samtaler, prøvedømming, og mykje meir. Og Riksscenen byr på stor dansefest laurdagskvelden.

Velkomne.

Helsing styret i FolkOrg