Landsfestivalen i gammaldansmusikk - kor går ferda, FolkOrg?
Mukampen spelemannslag i aksjon under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Førde i august. Leiar av laget Roger Slåstuen er ein av dei som signerte innlegget styret i FolkOrg no svarar på. Foto: Jostein Aardal

«VAR-tenesta i fotball blir brukt til å avdekke dommarfeil av gjeldande regelverk, ikkje for å legitimere ei regelendring under sjølve fotballkampen.»

Årets Landsfestival i gammaldansmusikk i Førde har utløyst mykje debatt. Etter eit godt gjennomført arrangement, vil vi presisere at dette ikkje er eit utspel mot det lokale arrangørlaget. Det er heller ikkje eit utspel mot einskilde utøvarar eller grupper. Dette er eit innlegg som er retta mot styret i FolkOrg og deira utøving av vedtektene som ligg til grunn for Landsfestivalen. Vedtekter som er fatta av medlemmane i FolkOrg.

Det har vore mykje skriving på sosiale medium i etterkant av festivalen. Både saklege og mindre saklege innlegg. Diskusjonen har i hovudsak handla om bedømminga av gruppespel og kva som skal reknast for å vera gammaldansmusikk. I eit lengre intervju på folkemusikk.no gjekk ein av dommarane under festivalen, Jo Asgeir Lie, ut og forsvarde dømminga.

Seinare kjem eit samla styre i FolkOrg med eit lesarinnlegg. Eit lesarinnlegg som og er å forstå som ei lang forsvarstale for dømminga under årets Landsfestival. Dei skriv mellom anna at «vi overprøver ikkje dei resultata dei kjem til. Vi har ikkje noko VAR-teneste som i fotballen».

Vi meiner dette er eit merkeleg utspel frå styret i FolkOrg. VAR-tenesta i fotball blir brukt til å avdekke dommarfeil av gjeldande regelverk, ikkje for å legitimere ei regelendring under sjølve fotballkampen.

I vedtektene til Landsfestivalen i gammaldansmusikk står det mellom anna at festivalen «skal bidra til å ta vare på og styrke gammaldansen det er tradisjon for i kvart distrikt». Vidare står det at «Under Landsfestivalen spelar ein den eldste gammaldansmusikken frå eit tradisjonsområde innanfor den avgrensinga som er gjeven i kap. 5. Det skal spelast dansbar musikk». Ein treng ikkje VAR-teknologi for å slå fast at desse vedtektene ikkje vart følgt under Landsfestivalen i sommar. Når eit samla styre i FolkOrg meiner det var rett å legge vedtektene til sides, treng ein da vedtekter?

Ein av påstandane henta frå sosiale medium er at dommarane under årets landsfestival var i tvil om korleis dei skulle gjennomføre dømminga etter gjeldande vedtekter. Styret i FolkOrg kan sikkert avkrefte eller bekrefte dette. Attendemeldinga frå styret hadde i alle fall vore at det var grønt lys frå dei til dømme sjølv om det braut med gjeldande vedtekter.

Spørsmålet vårt blir kva for ei retning FolkOrg ønskjer at musikken vår skal ta? Er ikkje sjangeren gammaldans godt nok? Ein kan sikkert danse gammaldans etter både klassisk og rock, men det skal da ikkje vera det ein får lyst til når ein høyrer ein annan sjanger? Og korleis vil styret handtere dette etter gjeldande vedtekter? Dersom det er behov for alternative musikalske uttrykksformer, kan eit godt alternativ vera å restarte Open klasse, ei klasse som tidlegare har fungert godt.

Ein ting er at også gammaldansen er i utvikling, men å bidra til å legitimere at den skifter sjanger under ein landsfestival, er ei fullstendig avsporing. Det same blir samanlikninga med Oddvar Nygaard og Ola Opheim: Rett nok begynte dei å ha med seg bass og gitar på innspelingane sine, men dei skifta ikkje sjanger. Eit anna eksempel er Toradertrioen frå Hallingdal: Dei var og stilskaparar i si tid og bidrog til ei utvikling av gammaldansen, men ikkje til eit skifte av sjangeren.

Innlegget frå styret i FolkOrg kan tyde på at det har gått mykje prestisje for dei i denne saka. Det synest vi er synd. Som deltakarar på Landsfestivalen gjennom 35 år er vi glade i både arrangementet og gammaldanssjangeren. Landsfestivalen har behov for rekruttering både på publikumssida og på utøvarsida. I tillegg er det store hol i den geografiske deltakinga, både blant deltakarar og publikum. Vi meiner at styret i FolkOrg i staden burde bruke meir energi på å vidareutvikle arrangementet og gammaldanssjangeren basert på gjeldande vedtekter, og ikkje minst bidra til å samle miljøet mot ein felles kurs.

Roger Slåstuen, Vinstra/Skåbu, Asbjørn Stensrud, Lillehammer/Sør-Fron, Even Røhjell, Lillehammer/Oppdal, Knut Håvard Bjørkås, Oppdal, Torkild Rudi Ovrum, Vinstra, Svein Håland, Kvål og Olav Lilleeggen, Alvdal

Landsfestivalen i gammaldansmusikk - kor går ferda, FolkOrg?
Thomas Nilssen og Hilde Reitan i FolkOrg-styret som programleiarar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Førde. Kva retning ønskjer FolkOrg at festivalen og gammaldansmusikken skal ta? spør eit utval landsfestival-deltakarar i dette innlegget. Jostein Aardal

«Dersom det er behov for alternative musikalske uttrykksformer, kan eit godt alternativ vera å restarte Open klasse, ei klasse som tidlegare har fungert godt.»

Landsfestivalen i gammaldansmusikk - kor går ferda, FolkOrg?
Septetten Madam Jam er ikkje nemnd i innlegget, men var mellom dei som skapte mest debatt i kjølvatnet av Landsfestivalen i gammaldansmusikk i august, etter at dei spelte seg til gruppespelfinalen. Foto: Jostein Aardal
Landsfestivalen i gammaldansmusikk - kor går ferda, FolkOrg?

Meir frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2023