Jubileumsvinnar tilbake i Lom
91-åring Knut Myrann (t.h.) har eit minne som mange kan misunne. Å treffe vennen Ivar Schjølberg (83) var ein av mange grunnar for å reise til Lom og landskappleik, slår han fast. (Foto: Jostein Aardal)

– Eg hugsar det som det skulle ha vore i går, seier Knut Myrann (91), litt rørt over å vere tilbake i Lom der han møter mange gamle kjenningar og gode vener. Særleg ein litt yngre veteran – Ivar Schjølberg (83).

Knut og Ivar har hatt mange gode stunder saman, og minne frå farne tider kjem fort fram i samtalen med Folkemusikk. Begge har vore aktive spelemenn i fleire mannsaldrar.

Ivar toppa fele klasse D under årets kappleik. Knut deltok på Landskappleiken i Rjukan i fjor og imponerte med spelet sitt, men var «berre» blant tilhøyrarane i år.

– Eg kunne nok ha delteke, for eg spelar framleis. Men eg fann ut at no var det på tide å gje seg, seier den særs vitale veteranen som vann hardingfele klasse A under jubileumskappleiken i Bergen i 1973.

Rakk akkurat fram

Knut fortel om opplevingar langt tilbake i tid, med detaljar og replikkar som ein nokre år yngre reporter berre må bli imponert over. Ein mann med minne mange kan misunne han. Eit tidsvitne.

Ferda til Landskappleiken i Lom i 1954 var ikkje beint fram. Broren var sjåfør, men bilen ville ikkje meir då dei kom til Vågå.

– Eg rakk kappleiken, men så fekk eg «tull» med fela, med ein streng som skapte seg vrang. Ein numedøl, Kjell Hivju, hadde ei god Olav Helland-fele. Eg spurde: «Kan eg låne ho»? «Å ja». Så eg spelte siste slåtten på den fela, fortel Knut.

Jamaldringen Ingeleiv Kjerland Kvammen vart nummer to. Men Anders Kjerland var dommar, så han gjekk frå dommarbordet då dottera spela, minnest Knut.

Lom har sidan hatt ein eigen plass i hjarta hans. Difor var det ei stor oppleving å få kome attende saman med kona frå Telemark under årets landskappleik.

«Eg er så glad for å kunne vere med i miljøet og møte gamle og unge gode vener som her på Landskappleiken i Lom. Dette lever eg lenge på.»

Ivar Schjølberg

Vann klasse C og B

Knut vann yngste klasse under Landskappleiken i Kristiansand i 1951. Siktemålet var då å kome opp i A-klassa. Det lukkast han med i Lom i 1954. Minna er mange og gode frå turen til Lom.

– Vi fekk husrom på Marstein og budde i andre etasje på ein gard med stor takhøgde. Eg tok straks fram fela og begynte å øve. Så kom det inn ei dame, vertinna i huset, og sa: – Kan du ikkje ta med fela og kome ned? Eg syntest det var stor stas, fortel Knut.

Oppladinga med bilkluss hadde ikkje vore optimal, men dette vart eit løft. Unge Knut gjekk på scena med ei god kjensle. – Den eine eg spela i tevlinga var «Håvardsdraumen», ein veldig god slått som eg hadde lært same våren av Johannes Dahle.

Gode vener

Ivar Schjølberg kjem med ein kommentar: – Sven Nyhus deltok også, men kom langt ned på resultatlista. Etterpå fann dommarane ut at dei hadde rekna feil poengsum på Sven.

Ivar har sjølv vunne Landskappleiken i fele klasse A to gonger. I 1980 i Kristiansand vart det til og med Kongepokal. Då Landslaget for Spelemenn runda 60 år i 1983, gjekk Ivar igjen til topps under Landskappleiken i Kongsberg.

Dei to veteranane har vore gode vener gjennom eit lagt spelemannsliv.

– Eg bestemte meg for at et ville dra til Landskappleiken i Lom. Og då ville eg treffe Ivar som eg set så stor pris på. No har eg gjennomført dette saman med kona. Vi er så takksame og glade for det, seier Knut Myrann.

Jubileumsvinnar tilbake i Lom
Knut Myrann og Ivar Schjølberg har hatt mange gode stunder saman, og minne frå farne tider kjem fort fram i samtalen med Folkemusikk. Her er det Myranns siste cd, gitt ut på Etnisk musikklubb i fjor, som vekker artige minne. (Foto: Jostein Aardal)

Vann jubileumskappleik

Etter debuten i Lom i 1954 vart det opprykk til klasse A. Knut deltok året etter under Landskappleiken i Nesbyen, då Odd Bakkerud og Anders Kjerland toppa resultatlista.

I 1971 vart det tredjeplass i klasse A etter Torleiv Bolstad og Hauk Buen. Men så – under jubileumskappleiken i Bergen i 1973 – vann Knut Myrann føre Odd Bakkerud og Hauk Buen!

Knut gjekk også heilt til topps igjen under Landskappleiken på Voss i 1976. Siste gong han deltok i klasse A var på Landskappleiken i Førde i 1995.

Myrann spelte meir enn springar og halling. Han var i front i gammaldansgruppa Knut Hallvards som var særs omtykte og aktive i glansåra for gammaldansen i 1970-/80-åra.

Læremeistrar og læremeister

Knut Myrann kjem opprinneleg frå Nore i Numedal, men har vore busett i Nesbyen i Hallingdal sidan 1961. Han hadde fleire gode læremeistrar i yngre dagar, blant andre Johannes Dahle som hadde lært av Torkjell Haugerud, og Eivind Mo og Gjermund Haugen.

Sjølv har han hatt mange unge utøvarar i lære, blant andre Åsmund Fauske Jøtun som var debutant i A-klassa under årets landskappleik i Lom.

– Eg synest det er artig at unge synest at eg framleis har noko å bidra med. Slik kan vi vere med på å føre tradisjonane vidare. Det set eg stor pris på, seier Knut.

Så seint som i fjor gav Knut Myrann ut cd-en Frå morgon til kveld, som vart nominert til Folkelarmprisen 2022 i klassa dokumentasjon.

Mange gode minne

Knut har mange gode minne som han fortel med stor innleving.

– Eg må seie om Ivar: Eg la merke til namnet. Du var med på så mykje «styr og stell» og var god til å spele. Og du og kjerringa var trivelege folk å møte, fortel Myrann.

Kona til Ivar gjekk bort for nokre månader sidan. Framleis er det sorg i sinnet, men Ivar lever vidare, og møtet med venen Knut er med på å gje livet meining.

– Eg er så glad for å kunne vere med i miljøet og møte gamle og unge gode vener som her på Landskappleiken i Lom. Dette lever eg lenge på, seier Ivar Schjølberg.