Gamaldans utan stæsj
Sven Nordalens trio. Olav Lund, Sven Nordalen og Erling Pedersen
Sven Nordalens Trio: Toraderlåten på gamlemåten
  • Eigen utgjeving, 2022
  • Plata har 18 spor, 31 min
  • Produsert av Christian Borlaug
  • Plata er tilgjengeleg i strøymetenestene og kan bestillast av Sven Nordalen privat

Med seg på plata har Sven Nordalen eit godt komp. Erling Petersen på gitar og Olav Lund på bass, eit godt team! Plata har 18 melodiar, mest i tradisjon, noko er svensk tradisjonsmusikk, men her er også noko sjøllaga. Dei han har laga sjøl, står seg godt i den støe tradisjonen han er ein del av. Her er altså mykje fin musikk, som med Sven Nordalen si støe dansetakt vil glede mange.

Skal eg plukke ut ein av dei 18, så vil eg løfte fram nr. 5 på plata, Gulsrudreilender. Den er etter Torger Gulsrud frå Øst-Modum. Denne reilenderen finst også i Numedal. Tov Haukjem spela den same og kalla han Vårspretten.

Modum er for lite påakta som tradisjonsområde for gamaldans og folkemusikk. Men her er mykje godt stoff som Sven Nordalen har visst å ta i bruk. Og han er tru mot tradisjonen, utan å legge til, eller for den del legge på effektar så kjem musikken til sin rett gjenom det reine spelet hans.

Og det er sjeldan vare, for ofte blir det lagt på for mykje digitale effektar, noko som ikkje er nødvendig når stoffet er godt og spelemannen har teknikken og takta inne. Det har Sven Nordalen. Og berre for å setja inn i rette ramma så er han den einaste nordmannen som er kåra til «Årets durspelpersonlighet» i Ankarsrum i Sverige. Ved sida av det har han fleire andre prisar for spelet sitt.

Sjøl har eg hatt gleda av å spela saman med Sven Nordalen den tida han budde i Numedal. Det spesielle ved det er at han lyttar til dei han spelar saman med, og slik gjer han det lett for dei som er med. Han er ein lagspelar.

Dei åra Sven var i Numedal, hadde han kurs i toraderspel i flere av bygdene. Eit stort antal ungdomar og eldre lærte å spela den gongen og det let toradarar over alt. Det har stilna no, så han har gjerne ei oppgave her: Få liv att i alle toradarane som støvar ned oppover dalen!

Sven Elling Nordalen bur no i Sandsvær og er lærar på Kongsberg vidaregåande skule.

Lydopptaka på denne plata er gjort i lydstudio hjå Christian Borlaug i Haugsbygd på Ringerike. Godt håndtverk det og.