Linda Dyrnes (53) vart den første faste daglege leiaren i FolkOrg i august 2010, etter samanslåinga av Landslaget for spelemenn (LfS) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) året før.

No er ein epoke snart slutt både for henne og for FolkOrg. Linda blir dagleg leiar i Norges Fotografforbund frå 1. mai.

­­– Eg måtte ta eit val etter så lang tid i same jobb. Det kan vere sunt for organisasjonen å få inn nye krefter og eit skifte. Og for meg blei det ledig ein jobb som var interessant, seier ho.

Vi treng ikkje dvele mykje med CV, sidan dette er eit «avskjedsintervju». Men som forklaring på at Linda søkte på den ledige jobben i Fotografforbundet, kan nemnast at ho er medievitar og skreiv hovudfagsoppgåve om temaet manipulasjon av, og etikk kring digitale bilete. Akkurat det har vorte ei stadig meir aktuell problemstilling.

Frå ballett til folkedans til fotografi
Linda Dyrnes på lanseringa av promo-CD-en FolkCD.no på Riksscenen i april 2019. Ein viktig del av FolkOrgs jobb er å hjelpe fram dei yrkesutøvande folkemusikarane. (Foto: Knut Utler)

Kom utanfrå

Linda kom nærmast som ein ukjent utanfrå inn i folkemusikk- og folkedansorganisasjonen.

– Eg var aldri ein del av miljøet før eg begynte som dagleg leiar. Men eg hadde jobba fleire år som kinosjef og så kultursjef i tidlegare Eidsberg kommune, og var klar for nye utfordringar. Eg såg den utlyste stillinga, og så kom det folkemusikk på radio! Då berre søkte eg og fekk jobben, fortel Linda Dyrnes – med ein liten latter attåt.

Ho voks opp på 70- og 80-talet i Kristiansund. Det var mest rock og opera som prega musikklivet i byen. Folkemusikken gjekk under hennar radar. Seinare vart ho klar over dei rike folkemusikktradisjonane på Nordmøre og i landet som heilskap.

«Kanskje dette var noko av grunnen til at eg vart tilsett, at eg vart oppfatta som nøytral.»

Linda Dyrnes starta som den aller første faste daglege leiaren i FolkOrg, eit lite år etter at organisasjonen vart stifta i november 2009.

– Kanskje nokon var skeptiske fordi eg kom inn utan å ha vore ein del av miljøet eller var utøvar. Eg var sjølv spent og las meg godt opp på historikken, blant anna bakgrunnen for dei to organisasjonane. Eg fekk gradvis meir oversikt og innsikt.

– Var det også ein fordel at du ikkje hadde historikk?

– Ja, det trur eg det var – og er. At eg ikkje vart knytt til noko «leir». Kanskje dette var noko av grunnen til at eg vart tilsett, at eg vart oppfatta som nøytral. Bakgrunnen min gjer også at eg har vore mykje opptatt å få med nye inn i miljøet. Vi må vere opne og inkludere folk som ikkje har vokse opp med folkemusikk og folkedans

Frå ballett til folkedans til fotografi
Styreleiar Hilde Reitan og dagleg leiar Linda Dyrnes utanfor Saaheimhallen medan dei opna Landskappleiken 2022 på Rjukan, første landskappleik etter pandemien. (Foto: Knut Utler)
Frå ballett til folkedans til fotografi
Dronning Sonja kjem til Den Norske Opera der FolkOrgs første meisterkonsert skal arrangerast, 23. november 2014. Ho blir motteken av Linda Dyrnes, styreleiar i FolkOrg Per Øyvind Tveiten og styreleiar i Operaen Ellen Horn. (Foto: Ingvil Skeie Ljones)
Frå ballett til folkedans til fotografi
Frå opninga av jubileumsåret «FolkOrg i 100» på Riksscenen, f.v, Hilde Reitan, Oslos varaordførar Abdullah Alsabeehg, kulturminister Anette Trettebergstuen, Linda Dyrnes og dagleg leiar ved Riksscenen Ane Carmen Roggen. (Foto: Knut Utler)

Samarbeid som kongstanke

– Opplever du at «nøytral» er oppfatninga av deg også etter mange år som dagleg leiar?

– Eg har ikkje fått tilbakemelding om noko anna. Og så er det mindre spenning og motsetning i organisasjonen no enn då eg starta. Vi står samla, sjølv om det framleis er ulike interesser og meiningar. Slik vil det vere i ein brei organisasjon. Du skal jobbe for og med dei profesjonelle som har det som yrke, med andre utøvarar, arrangørar og folk som «berre» er med i miljøet.

– Kva har du fått gjort som du tenkte å gjere?

FolkOrg var ein ny organisasjon, og eg måtte i starten bruke tid på å få på plass administrative system og rutinar. Så var eg opptatt av at organisasjonen og miljøet skulle bli meir synleg. At fleire skulle oppdage det eg sjølv ikkje hadde vorte kjent med tidlegare.

Ein kongstanke for den avtroppande leiaren har vore at ein på kulturfeltet må samarbeide for å oppnå meir. I hennar tid har FolkOrg vore aktive i ulike forum, som har stått på for mellom anna å få på plass satsingar som regionale kulturfond og ei offentleg utgreiing om musikkfeltet. At FolkOrg fekk tilskot til jubileumsåret, er ho sjølvsagt òg nøgd med.

Vi er ein synleg og naturleg del av musikklivet og -bransjen i Noreg. Det kommenterte også kulturminister Anette Trettebergstuen då ho opna hundreårsjubileet for FolkOrg på Riksscenen. Samtidig er vi opptatt av å samarbeide innan miljøet nasjonalt, både med frivillige organisasjonar som Noregs Ungdomslag, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, utdanningsinstitusjonar og regionale arkiv som tar vare på og formidlar historia.

Ein viktig del av FolkOrgs jobb desse åra er å hjelpe fram dei yrkesutøvande folkemusikarane. Organisasjonen er til stades på internasjonale bransjetreff som det ambulerande Womex og Showcase Scotland – på sistnemnde, i januar neste år, skal Noreg vere offisielt partnarland, med tilreisande nordmenn i sentrum.

Vi inviterer også utanlandske delegatar til Folkelarm, som får moglegheita til å sjå nordiske folkemusikarar og folkedansar. På den måten bygger vi et internasjonalt nettverk, seier Linda.

Miljøet som økosystem

– Kva er ditt råd til organisasjonen og miljøet framover?

Vi er som eit økosystem. Alt heng saman. Grasrota har glede av dei profesjonelle, som også er avhengige av dei frivillige og publikum. Vi treng profesjonelle arrangørar, laga, kulturskulane og alle andre som er ein del av miljøet. Viss eitt ledd sviktar, merkar alle andre det. Difor er det viktig med ein sterk og brei organisasjon.

FolkOrg har auka medlemstalet etter pandemien, og det er registrert fleire undervisningstimar i FolkOrgs spel- og danselag. Samarbeidet med NRK, og interessa i kringkastinga for tradisjonskulturen, er også høg no i jubileumsåret, slår Linda Dyrnes fast. Men ho legg til at det framleis er mykje å ta tak i.

Fleire barn og unge skulle fått oppleve folkemusikk og folkedans i grunnskule og kulturskular. Men alt i alt er vi privilegerte, med god støtte frå det offentlege og all innsatsen som blir lagt ned av frivillige.

«Vi er som eit økosystem. Alt heng saman. Difor er det viktig med ein sterk og brei organisasjon.»

Linda Dyrnes slutta som dagleg leiar i FolkOrg ved utgangen av april månad. Då vi pratar med ho, er ho framleis travelt oppteken med å førebu FolkOrgs jubileumslandsmøte, i Oslo 21.–23. april.

Eg ser fram til landsmøtet. Samtidig kan det bli litt vemodig å ta «farvel». Men eg kjem sikkert til å halde kontakten med miljøet som eg har lært å sette så stor pris på, avsluttar ho.

Intervjuet stod først på trykk i Folkemusikk nr. 1/2023. Nokre få endringar er gjort i denne nettversjonen av teksten. Nyaste og andre papirutgåver av magasinet kan du kjøpe på Tekstallmenningen.no.