Fortenestmedalje til Dag Vårdal
Susanne Lundeng, tilfeldigvis på Oslo-besøk denne fredagen, kom innom og heidra Dag Vårdal. Lundeng lærte mykje av sitt tidlege repertoar frå Vårdal, og han tok henne òg med og møtte kjelder. For CD-samlinga '111 nordlandsslåtter' (2017) fekk Lundeng spellemannpris.
Fortenestmedalje til Dag Vårdal
Fylkesmann i Oslo og Viken, Valgerd Svarstad Haugland, overrekte fortenestmedaljen til Vårdal på vegner av Kongen. Vårdal har nett fullført sitt store CD- og bokverk 'Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet', som han har arbeidd med i ei årrekke.
Fortenestmedalje til Dag Vårdal
Tre generasjonar Vårdal spelar fele saman for første gong: Dag, Vilde og Vegar Vårdal. Dei spelte «Trippar frå Åseral», som etter at Dag Vårdal fann ho fram er blitt ein populær og mykje spelt slått.
Fortenestmedalje til Dag Vårdal
Tone Eidsvold helste og gratulerte på vegner av alle tidlegare leikrådgivarar i Noregs Ungdomslag. Dag arbeidde som leikleiar i NU 1982–86 og har vore tillitsvald i fleire periodar.
Fortenestmedalje til Dag Vårdal
Om lag hundre personer hadde møtt opp for å heidre Dag Vårdal på festkvelden 22. mars.

 

Dag Vårdal
  • Fødd 1946 i Søndre Land, oppvaksen på Hønefoss.
  • Utdanna lærar, har arbeidd i grunnskulen i Lofoten (1970–1978), Lund i Rogaland (1978–82) og Bærum (1986–2008).
  • Folkemusikk- og dansekonsulent i Noregs Ungdomslag (NU) 1982–1986, generalsekretær i Landslaget for Spelemenn (dagens FolkOrg) 1995–1996.
  • Medforfattar av ei rekke bøker om norsk folkemusikk og folkedans. I 2019 gav han ut verket 'Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet' (Kultivator), bestående av tre CD-ar, to note- og dansehefte og ei bok.