Det er to år sidan Johanne Flottorp var ute på rusletur med Hilde Fjerdingøy og intervjua ho til Folkemusikks podkast. I høve publiseringa tek vi ein prat på telefon frå heimekontor til heimekontor. Som utøvande musikar er livet blitt snudd på hovudet for Fjerdingøy.

– Først var det eit sjokk, så mykje som blei avlyst over natta. Mars og april skulle vere dei travlaste månadane mine i år! Eg skulle ha vore på turnear og spelt inn plater, og i tillegg studerer eg og skal ha eksamen, fortel Fjerdingøy.

Det mest stressande er uvissa i heile bransjen, at ein ikkje veit korleis det skal ende, seier ho. Men etter at det roa seg, er ho blitt van med stoda.

– Ein får berre sitje her verfast til det bles over. Og eg har oppdaga at eg jaggu har ganske mykje å gjere sjølv utan alt dette. Eg øver, komponerer, underviser og får gjort unna mykje administrasjon, og eg har nytta tida til å høyre på arkivopptak, gått tilbake til kjeldene. Det er godt å kjenne på at ein har tid til slikt.

– Det er interessant at du nyttar veret som metafor for korona-viruset. De nordlendingar er kanskje meir vane til slikt enn vi søringar?

– Er ein oppvaksen ein stad som Longyearbyen, er ein prisgitt naturen og van til å måtte høyre på han. Eg har alltid hatt stor respekt for naturen.

«I Den kulturelle skulesekken arbeider ein fort litt i det skjulte, det er eit eige økosystem.»

Folkemusikks podkast: Hilde Fjerdingøy, heimevan overalt
Eit tidleg musikalsk møte i det som etter kvart blei bandet Moenje, Riksscenen i Oslo september 2016. F.v. Hilde Fjerdingøy, Marja Mortensson og Jo Einar Jansen. (Foto: Thomas Fredriksen, Riksscenen)

Meir med Hilde Fjerdingøy:

Rim: Båten (meldt av Magnus Andersson)

MoenjeKlarvær og Vassvik: Gákti (meldt av Bjørn Aksdal)

Duo Fjerdingøy & Andersson: Jag levde den tiden (meldt av Gjermund Kolltveit)

Våren 2020 slepper vi første sesong av Folkemusikks podkast, i fem episodar: portrett av felespelar Aslak Brimi, durspelar Hilde Fjerdingøy og hardingfelespelar Anne Hytta, ein kritikkpodd med Kjetil Bjørgan og Carl Petter Opsahl og eit musikkreisebrev frå Usbekistan med Jens Lunnan Hjort og Mathias Hatleskog Tjønn. Episodane blir lagt ut på Acast, og du kan høyre dei der du elles høyrer podkastar.

Hilde Fjerdingøy budde på Svalbard til ho var elleve, og flytte så til Helgeland. Helgelandstradisjonane har ho sidan brukt mykje tid på, og som ho fortel i podkasten, var det her ho byrja spele durspel, i eit gammaldansmiljø – ho tenkte aldri på det som folkemusikk i oppveksten. Ho kjenner seg heime fleire plassar, og har generelt lett for å kjenne seg heime, fortel ho. Også langt heimanfrå.

– Då eg høyrde podkasten på nytt no, og høyrde spelet mitt, hugsa eg at eg då, i 2018, nett var heimkomen frå Colombia. Der var eg i Valledupar, den durspeldrivne vallenato-musikkens heimstad, med eit prosjekt i regi av Førdefestivalen. Eg synes eg høyrer på spelinga at eg er god og varm etter å ha vore i det utovervende colombianske spelet ei veke!

Hilde Fjerdingøy er godt fortruleg med durspelmusikk frå heile verda. På Slåttify finn du forresten ei heilt ny speleliste ho har vore med og sett saman, med durspelmusikk frå rundt om i verda.

Her heime er ho travel med så mangt, ikkje minst med dei to prosjekta ho delar med felespelaren Jo Einar Jansen: den norsk–svenske kvartetten Rim og kvintetten Moenje, sistnemnde med sørsamiske Marja Mortensson på vokal. Moenjes debutplate Klarvær var spelemannsnominert i forkant av utdelinga som nett blei utsett, medan Mortensson i fjor vann Spellemann for si debutplate Mojhtestasse.

– Moenje byrja med at eg blei nyfiken på det samiske. Det finst samiske tradisjonar på Helgeland òg, men så kunne eg lite! Kunne det funke med toradar og joik? Kan ein starta eit band med det utgangspunktet? Så eg fekk tak i Marja, sørsamisk superjoikar, som tente på ideen. Vi sette saman resten av bandet, og eg synest det funkar veldig bra.

– Har Moenje noko nytt på gang?

– Vi skulle hatt preprod med påfølgande turné i Troms no, men det må jo vente. Vi arbeider med ny musikk som skal ut!

– Og så sleppte Rim plate nummer to i fjor ….

– Ja, det er jo mitt nordiske samarbeid, sjølv om det jo er eit norsk-svensk prosjekt no. Men det byrja med at vi møttest på Nordisk master i folkemusikk, der vi studerte rundt i Norden saman. Utgangspunktet er ulik nordisk folkemusikk.

Så snart det er mogleg skal Fjerdingøy òg spele inn juleplate med utgangspunkt i helgelandstradisjonar, Jul i nord. Ho vonar dei får gitt ut plate og får dradd på juleturné med det prosjektet. Elles arbeider ho mykje med dansarar, og har nett no ei barneframsyning i lag med Vetle Springgard og Ådne Kolbjørnshus. Eigentleg skulle dei ha spelt på Voss no i mars, men no blir neste framsyning på Hilme i juli. Og det lengstlevande prosjektet hennar er Hildur dansekompani, som starta for fem–seks år sidan.

– Hildur har halde på i nokre år, men de har gått litt under radaren?

– Ja, vi har hatt ei framsyning på Lilleriksen, danseverkstaden Spring!, men elles har vi nesten berre spelt gjennom Den kulturelle skulesekken. Då arbeider ein fort litt i det skjulte, det er eit eige økosystem. Vi har ein velfungerande verkstad, det byrjar med framsyning og glir ganske saumlaust over i workshop der elevane er med og dansar.

Hilde Fjerdingøy har reist mykje i jobben, og merkar seg at norsk folkemusikk har eit stort potensial utanlands. Ho representerer seg sjølv i dei fleste høve, og oppmodar alle med interesse til å byrje å arbeide med å få på plass eit større bransjeapparat for norsk folkemusikk.

– Då Rim var på tysklandsturné i fjor, var det bandkollega Elin og eg som booka turneen, og eg opplevde at folk flest var veldig interesserte i norsk folkemusikk. Samtidig har eg sjølv vore på Womex utan representasjon, og ingen der er interessert i å prate med ein einsam toradarspelar! Det trengst eit bransjeledd, og folk som ønsker å jobbe med booking, management og slikt. Eg ser at til dømes finske og estiske folkemusikkgrupper veldig ofte har management no, dei har slått seg i hop og har éin som representerer dei. Det trengst! avsluttar Hilde Fjerdingøy på telefon frå ein annan kant av Oslo.

låtane i podkasten

Alle slåttane i podkasten er det Hilde Fjerdingøy som speler på durspel, og dei er spelt inn på  Riksscenen med Andreas Brenna som teknikar og Kjetil Bjørgan som produsent. Slåttane du får høyre er:

  1. Polsdans etter Nils Rognrygg
  2. Polska etter Lapp-Nils
  3. Bingsjö lilla långdans (lært av Ellika Frisell)
  4. Polsdans etter Hans T. Haugen
  5. Skjeftåsen (pols lært av Mats Berglund og Tom Willy Rustad)
Folkemusikks podkast: Hilde Fjerdingøy, heimevan overalt
Foto: Filip Jers