I desse dager slepper magasinet Folkemusikk første podkast i ein serie på seks episodar. Den første podden er eit portrettintervju med lektor, kjemikar og felespelemann Aslak Brimi.

Intervjuet, og slåttane innspelt spesielt til podkasten, blei tatt opp i april 2018, då Brimi nett hadde jobba lenge med prosjektet Ette’ lykkja. Kjetil Bjørgan møter Brimi på Keyserløkka ved Tøyen, der han bur med familien, og dei pratar om vegen frå oppvekst i Lom spelemannslag til han blei tradisjonsberar i byen. I samband med sleppet tek folkemusikk.no ein ny prat med Brimi.

Folkemusikks podkast: Brimi blei spelemann i byen
På Keyserløkka i Oslo trivst spelemannen frå Garmo og familien.

Travle tider

Vi pratar med spelemannenen på Keyserløkka rett etter at han har lagt ut ein liten video på gruppa «Felestafetten» på Facebook. På videoen spelar han ein springleik etter Ola Aasen, som Amund Bjørgen bidrog med til Lom spelemannslag.

Folk er i korona-isolasjon, og det er meir musikkaktivitet enn vanleg på det sosiale mediet. Og for ein vidaregåande-lektor med ansvar for å undervise elevane digitalt heimanfrå, med to eigne barn på to og fire heime frå barnehage, er det travle tider. Nett no sit dei to små og ser video på iPad, fortel Brimi.

– Opplegget fungerer ikkje supert, sjølvsagt, men ein må gjere det beste ut av det og bidra til dugnaden som best ein kan, seier han.

Han vonar han kan møte elevane på skulen att etter påske. I mellomtida har kona slått seg saman med ei venninne og har heimekontor der.

Arven etter far og bestefar

Det er altså to år sidan intervjuet til podkasten fann stad, på Keyserløkka der Aslak framleis bur og trivst. Slåttane du får høyre i podden blei òg spelt inn for anledninga den gong, i studio på Riksscenen med Fridtjof Lindeman som teknikar.

Aslak har nett høyrt slåttane og intervjuet for første gong, der han mellom anna fortel om oppveksten med lokalt slåttespel, arven etter faren Rolv og bestefar Hans, og korleis musikken blei stadig viktigare etter at han flytta heimanfrå, først til Trondheim og sidan til Oslo. Kva tankar fekk han av å høyre det igjen?

– For to år sidan hadde eg jobba lenge med Ette’ lykkja-plata, med musikk etter storspelemannen Ola Moløkken, og eg var i den modusen. Alle leikane eg speler i podkasten er òg frå det prosjektet, tradisjonsmusikk frå Lom som eg er oppvaksen med og set høgt. Eg er elles godt nøgd med opptaka, eg var nok godt oppspelt, synest han.

Han fortel om oppveksten med lokalt slåttespel, arven etter faren Rolv og bestefar Hans, og korleis musikken blei stadig viktigare etter at han flytta heimanfrå.

Folkemusikks podkast: Brimi blei spelemann i byen
Slåttane du får høyre i podden er spelt inn for anledninga på Riksscenen i Oslo, med Fridtjof Lindeman som teknikar.

I to-årssyklusar

Det går i bølger for ein musikar med har full jobb ved sida av, fortel han vidare. Ting har det med å skje i to-årssyklusar: I fjor kom han ut med tre plater – med Knut Anders Vestad (bryllaupsmusikkplata Det er så fagert i fylgja gå), Mari Midtli (tingingsverket Bergtatt) og trioen Atterljomen (med Astrid Sulheim og Bjørn Kåre Odde).

I år arbeider han med fleire prosjekt som får lansering i 2021. Først, i februar, kjem andreplata til Aslak Brimi Kvartett.

– Eg arbeider med å legge slagplan for det, med singelslepp og slikt – og som du veit må det jo søkast om pengar til slikt. Så er det Fel-Jakup-jubileum neste år, i samband med at det er 200 år sidan han blei fødd. Til hausten blir det eit stort innspelingsprosjekt med ei rekke artistar, dei fleste frå Lom, Vågå og Skjåk.

God aktivitet i Gudbrandsdølenes

Og så skal det jo etter planen vere landskappleik i Lom – vi får sjå korleis det går med den i desse korona-tider.  Brimi held òg på med ei barneskoleframsyning i samarbeid med Mads Erik Odde og Mari Midtli, Huldra Hildur, der dei tek utgangspunkt i huldresegner etter Rønnaug Vangen.

Og for ein småbarnsfar som ikkje får gått like mykje på Riksscenen som tidlegare, er spelinga annakvar veke med Gudbrandsdølenes spelemannslag, som han er musikalsk leiar for, god å ha. Laget har naturleg nok ikkje øvingar no, og det spøkar for deltaking på sommarens landskappleik. Men til vanleg er det god aktivitet i laget, fortel Brimi.

– Det følest stadig som eit nyoppstarta prosjekt, men vi har jo halde på ei stund no. Det starta så smått etter at eg kom til Oslo i 2009, og året etter stilte vi første gong på landskappleik. No om dagen er vi ein 10–15 personar, mykje travle unge folk, som møtest annakvar veke. Vi har ikkje vore aktive i Oslo-miljøet enno, men stiller no på Oslokappleik kvart år. Det seier seg sjølv at det er trist å ikkje møtast i desse dagar.

Våren 2020 slepper vi første sesong av Folkemusikks podkast, i fem episodar: portrett av felespelar Aslak Brimi, durspelar Hilde Fjerdingøy og hardingfelespelar Anne Hytta, ein kritikkpodd med Kjetil Bjørgan og Carl Petter Opsahl og eit musikkreisebrev frå Usbekistan med Jens Lunnan Hjort og Mathias Hatleskog Tjønn. Episodane blir lagt ut på Acast, og du kan høyre dei der du elles høyrer podkastar.

Folkemusikks podkast: Brimi blei spelemann i byen

Låtane i podkasten med Aslak Brimi:

  1. «Torø Grasdalsmoen» (trad.)
  2. «Dalen» (av Sigurd Eggen)
  3. «Memuruhallingen» (trad. etter Ola Moløkken)
  4. «Utsyn» (av Aslak Brimi)/ «Ida» (av Mathias Bismo)
  5. «Bauta» (av Aslak Brimi)

Slåttane er spelt inn spesielt for podkasten, med Fridtjof Lindeman som teknikar.

Klikk her for å høyre første episode av Folkemusikks podcast: Felespilleren Aslak Brimi