Tekst: Jostein Aardal

Prisen vart utdelt under Sogn og Fjordane-kappleiken på Nordfjordeid 5.-6. april. I grunngjevinga kan ein blant anna lese at felebygging er ein svært lang familietradisjon.

- Årets mottakar av Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane er ein tradisjonutøvar på høgt nivå, ein kulturberar som villig deler av sin kunnskap til nye generasjonar. Kunnskapen og utøvinga er erverva gjennom eigen familie frå generasjonar tilbake i tid, men også gjennom eiga erfaring, heiter blant anna i grunngjevinga.

Felemakar Harald Kvandal (87) er ein kulturberar som villig deler av sin kunnskap til nye generasjonar. Her er prisvinnaren saman med dagleg leiar Nikolai Storevik i Sogn og Fjordane folkemusikklag og kappleiksjef Aud Sissel Orheim. Foto: Thomas Hals

Som far så son

Harald Kvandal (f. 1937) er felemakar i 11. generasjon og kan føre anane sine attende til Anders Jonsen Jåstad som i 1651 laga den eldste kjende hardingfela. 87-åringen held på framleis. No driv han også opplæring av neste generasjon felemakar i familien, nemleg sonen Rolf Inge Kvandal. 

Harald fekk opplæring av faren, spelemann og felemakar Håvard Kvandal (1910-2005), heime i Hardanger før han reiste ut. På 1970-talet busette han seg på Sandane der han heldt fram med den tradisjonsrike hardingfelebygginga. Dette vart gjort ved sidan av jobben som medførde mykje reising. Når Harald var heime, brukte han også tida i Gloppen Hardingfelelag der han framleis er aktiv.

Harald Kvandal er felemakar i 11. generasjon! 87-åringen bygger framleis feler og familietradisjonane blir ført vidare med sonen som også er felemakar. Foto: Jostein Aardal

Stiller med hardingfele på Gol

- Felene til Harald gjekk det snart gjetord om, ikkje berre fordi dei var vakre å sjå på, men også fordi dei tiltalte spelemenn som verdsette klangen og lyden i instrumentet. Å bygge ei fele tek svært lang tid, og ved sidan av jobb og familie var det ikkje kvart år ei fele vart ferdig. No i 2024 kan ein rekne med han har laga iallfall 35 hardingfeler.

På felemønstringa under Landskappleiken har både far og son stadig hatt med feler og fått og medaljer i både sølv og gull. Til sommaren skal ei ny hardingfele frå Harald Kvandal si hand på mønstringsbordet under Landskappleiken på Gol, fekk dei frammøtte høyre under prisutdelinga.

Verkstad på museet

Nordfjord Folkemuseum har i mange år stilt rom til disposisjon for felemakar Harald Kvandal. Til gjengjeld tek han imot skuleelevar og anna publikum for å vise korleis ei fele blir til, og fortel hardingfela si historie. Dette held han på med framleis og har verkstad i eit hus på museet på Sandane. Det er også laga ein film som fortel og handlar om felebygging.

Kvandal tek på seg å reparere feler, både vanleg feler og hardingfeler, fiolinar, celloar og kontrabassar. Talet på feler han har reparert har for lengst passert 1000.