Er folkemusikkfeltet politisk engasjert? Og om så, korleis gjev det utslag for deltakarar og interesserte landet rundt? Årets siste nummer av Folkemusikk ser på dette i ei rundspørjing mellom politikarar som er del av miljøet.

Sinikka Langeland er forvaltar og attskapar av skogfinsk arv i Noreg. No fyller ho seksti og gjev samstundes ut ny plate, der det andelege har fått stor plass. Nye plater kjem det òg frå Jutullaget, Ingrid Storlimo, og Øyonn Groven Myhren med Sisu Slagverksensemble. Blåmann Blåmann har på si side gjeve ut gamleplata si på nytt, og fekk i samband med det eit hjarteleg møte med eit trufast publikum – som viska ut dei tjue åra som er gått sidan kvartetten tok Folkemusikk-Noreg med storm.

Er joiken terapi, protestsong eller både delar? Du får ein innblikk i korleis denne songforma har skapt, og framleis skapar identitet og tilhøyrsle. I bladet fortel John Ole Morken òg om korleis gamle voksrullar avslører lyden frå gammeltida, til inspirasjon for nye utøvarar, og Ottar Kåsa syner fram arbeidet sitt med nye instrumenttypar med hardingfela som ideal.

FOLKEMUSIKK 4/2021