FOLKEMUSIKK 2/2021
FOLKEMUSIKK 2/2021
FOLKEMUSIKK 2/2021
Framsidefotografiet er teke av Victoria Nevland for Visit Sørlandet. Hardingfela på bildet er laga av Åsmund E. Sandland i 1903 (utlånt av Setesdalsmuseet), og frakken heiter «Setesdalslåwwli» og er designa av Kristin Elise Halkjelsvik (du finn ho på Facebook og Instagram). På nettstaden visitsorlandet.com/setesdal finn du artikkelen «Lyden av Setesdal», der du kan sjå fleire av bilda i serien.

Mathilde Øverland jaktar etter den moderne norske stevdiktinga. Med ny jobb og doktograd ser Annbjørg Lien på musikken med nye auge, og Musikkhøgskolen får sin første doktorgrad i utøvande folkemusikk. I Folkemusikk nr. 2/21 blir du òg kjend med Noregs eldste folkemusikkopptak, «Riksscenens far» Jan Lothe Eriksen, tohundreåringen Fel-Jakup og dei to forskarane bak ei kommande langeleikbok.

Folkemusikk er frå og med 2021 ikkje lenger i laussal på Narvesen. Men du kan kjøpe bladet frå den hyggelege lille nettbutikken (og mykje anna) Tekstallmenningen – klikk deg inn og kjøp Folkemusikk og mange andre spennande kulturtidsskrift! For å abonnere på Folkemusikk, klikk her.