Hovudsaka i bladet denne gongen er ei sak som tek temperaturen på munnharpemiljøet her til lands. Her får du møte eldsjeler i Norsk munnharpeforum, munnharpesmedar og utøvarar. Ein av dei er den ferske Spellemann-nominerte Thov G. Wetterhus.

Nokre fotografi av kvinnelege trekkspelarar frå 1930- og 1940-talet vekte nysgjerrigheita til Guro Rønningsgrind. Ho har skrive ein artikkel om dei kvinnelege trekkspelarane som var aktive på denne tida og utover. Der musikkhistoria nemner flest av dei mannlege trekkspelarane, fortel ho nokre av historiene rundt trekkspelar Klara Trotland og fleire av dei kvinnelege kollegaene hennar.

Karolina Westling er ein viktig tradisjonsberar for folkemusikken i Vestfold. Ho gav i haust ut plata Lyden av Vestfold saman med fire andre folkesongarar frå same område. Men Westling er eigentleg frå Hälsingland, og har med seg familiearven derfrå samtidig som ho stadig oppdagar nytt i det som har vore heimstaden hennar i mange år no.

FOLKEMUSIKK 1/2022
FOLKEMUSIKK 1/2022

Nokre av platene som har blitt meldt denne gongen, er Slåttesong av Margit Myhr og Erlend Apneseth, Bak Vesterfjeldet av Ingrid Storlimo, Tidløse toner av Eli Storbekken og reutgjevinga av av albumet til Blåmann Blåmann som kom ut i 2001. Nokre bøker og notebøker har også blitt meldt, og blant desse er det lærestoff for både vaksne og ungar.

Mange har lese bøkene til Edvard Hoem og regisertert at ein av slektningane hans er felemakar Lars Hoem. Han var også hovudperson i boka Felemakaren, som kom ut i 2020. Kva var myter og kva var fakta om denne handverkaren? Nokre svar får du i dette nummeret av Folkemusikk.

Folkemusikken i Hylestad, eit møte med to unge hallingdansarar i Oslo og mangfaldig rekruttering i 2022, er også noko av det du kan lese om.

Klikk her for å bli abonnent på magasinet Folkemusikk

Klikk her for å kjøpe eit eksemplar av Folkemusikk