Er tradisjonsmusikken Tono sitt problem?
Dette er ein smått revidert versjon av leiarartikkelen i Folkemusikk nr 4/23, som er ute i veke 47.
 

For dei interesserte anbefaler vi seminaret på Folkelarm torsdag 16. november klokka 12, der TONO og NOPA retter «fokus på tradisjon og nyskaping, rettigheter, plikter og muligheter for deg som folkemusiker». 

«TONO og folkemusikken: – Tungen rett i munnen», gjaldt det ifølge Jan Lothe Eriksen i Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) i ein kronikk på Ballade.no i 2006. Slik er det framleis: Tono-reglane for godtgjersle av musikkframføringar, og opphavsretten dei bygger på, er kompliserte. At dette er vanskeleg, kan likevel ikkje bli noka sovepute, korkje for Tono eller for FolkOrg og andre som arbeider med å gjere det meir attraktivt å framføre og spele inn tradisjonsmusikk.

For utan at nokon har vedteke eller ønskt det, har folkemusikarar sterke insentiv til å legge vekk tradisjonsslåttane til fordel for eigenskriven folkemusikk. Spelar ein musikk utan kjend opphavsperson, til dømes tradisjonsslåttar, risikerer ein å tape inntekter – i tillegg til nattesøvn, når ein må forstå regelverket og registrere slåttane sine. Musikkarven vår lever farlegare i eit slikt system.

I ein kommentar har vi kalla ein slik praksis absurd og historielaus: Svært mykje av den mest banebrytande musikken gjennom historia har vore fornying av gammal musikk. Sjølv om det naturlegvis ikkje er intensjonen, oppfordrar Tono-systemet reelt opphavarar til å legge musikkhistoria bak seg og frå seg.

Men kanskje er det slett ikkje Tono si oppgåve å betre på dette.

For å omskrive ei kjend hiphoplåt som har håva inn mange Tono-kroner: Organisasjonen har «99 problem», og folkemusikken er kanskje det minste av dei. Opphavsretten blei til i ei tid då låtar blei skrivne av éin eller maksimalt to–tre personar. Den nemnde hiphoplåta har ti registrerte komponistar, og kvar av dei skal ha ulik prosentdel av kaka. Den skal ha «tunga rett i munnen» som skal fordele kvar Tono-krone etter reglane.

Og strøymetenestene er komne for å bli, men ulike fysiske format finst framleis. Kunstig intelligens har så smått byrja endre måten musikk blir laga og lytta på, og det vil berre tilta. Tono handterer musikk spelt på eit utal slag fysiske stader og digitale flater, og skal fordele pengar frå den lukrative og pengesterke norske musikkmarknaden til opphavarar i heile verda. Plagiat og åndsverktjuveri er blant dei permanente problema i musikken som bidrar til meirarbeid. Dei 64 tilsette i Tono blir ikkje arbeidslause med det første.

Tono kan ikkje innføre særreglar for éin sjanger, uttaler dei i foreløpig siste artikkel på Ballade.no knytt til protestane frå folkemusikarar. Viss det stemmer, må andre på bana – for Noreg har forplikta seg til å ta vare på eigen tradisjonsmusikk. I 2023 tyder dette mellom anna å syte for at musikken blir spelt inn og tilgjengeleg på strøymetenestene, ikkje berre er å høyre på eldre innspelingar og i arkiv.

Finansministeren kom i sommar med vage lovnader om at FolkOrgs arrangement kunne få særleg statsstøtte. Slik særleg støtte må også komme nyinnspeling av tradisjonsslåttar til del.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum vitja Landskappleiken i Lom i sommar, og kom med vage lovnader om at FolkOrgs arrangement kunne få særleg statsstøtte. Slik særleg støtte må også komme nyinnspeling av tradisjonsslåttar til del. FolkOrg må ikkje gløyme orda til finansministeren, og må ikkje gi regjeringa lov til å gløyme dei heller.

Det er snart tjue år sidan NFD føreslo eit «Fond for tradisjonsberarar», mellom anna for å bøte på det skeive insentivsystemet i Tono. NFD fekk den gongen nei frå kulturministeren – men dette skjedde i dei kulturpolitisk sett riktig gamle dagar. Systemet er framleis like skeivt.

Dette er ein smått revidert versjon av leiarartikkelen i Folkemusikk nr 4/23, som er ute i veke 47.