Tekst: Jostein Aardal

– FolkOrg arrangerer dommarseminar fast kvart anna år, så dette låg i planane lenge før Landsfestivalen førre sommar. Men vi valde å ha spesielt fokus på dømming av gruppespel og lagspel på spelseminaret på bakgrunn av diskusjonane i etterkant av Landsfestivalen, seier FolkOrg-leiar Hilde Reitan.

Med heile 73 deltakarar fordelt på tre seminargrupper, var det rekordstor oppslutning om dommarseminaret. Hilde Reitan er svært fornøgd med at så mange deltek. Dette er viktig for heile miljøet. Ho er også imponert over kunnskapen blant deltakarane og dei gode diskusjonane og reflekterte synspunkta som kom til uttrykk.

– Dømming av musikk og dans er i utgangspunktet krevjande. FolkOrg arrangerer dommarseminar for å legge til rette for gode diskusjonar rundt vanskelege tema. Folkemusikk-/gammaldansmiljøet er stort, med medlemmar med ulik bakgrunn og ulike meiningar og eit stort engasjement. Det er difor viktig at vi møtast og pratar saman for auka forståing og respekt for kvarandre.

– Eg håpar og trur at vi toler å vere uenige, så lenge vi har klart for oss kva som er hovudføremålet med det vi driv på med. Våre to store mønstringar, Landsfestivalen og Landskappleiken, skal bidra til å ta vare på og styrke folkemusikken og gammaldansen, fastslår Hilde Reitan.

Styreleiar i FolkOrg Hilde Reitan på scena på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Førde 2023
– Vi ønskjer å gjere arbeidet for domsnemnda enda tydelegare. Derfor tenkjer vi å utarbeide ei form for «forskrift» til tevlingsreglementet, seier styreleiar Hilde Reitan – her under opninga av Landsfestivalen i Førde i fjor. Foto: Jostein Aardal

Lagar «forskrift» til tevlingsreglementet

– Styret har revidert og vedteke nytt tevlingsreglement. Og det skal lagast eit notat som seier noko om forståing og praktisering av tevlingsreglementet. Kva vil dette bety?

– Vi ønskjer å gjere arbeidet for domsnemnda enda tydelegare. Det er domsnemnda som til sjuande og sist skal gjere tolkingane av tevlingsreglementet og ta avgjerslene. Derfor tenkjer vi å utarbeide ei form for «forskrift» til tevlingsreglementet, altså eit notat som skal seie noko om forståinga og praktiseringa av tevlingsreglementet for domsnemnda.   

 – Vi hausta nokre erfaringar i fjor sommar, mellom anna behov for ei tydelegare rolleavklaring mellom styret og domsnemnda. Det er dommarane som dømmer. Det er eit viktig prinsipp at styret ikkje skal opptre som ei form for overdommar og overprøve dei avgjerdene som domsnemnda tek. Styret skal berre rådførast – og eventuelt meine noko – når det er tvistar internt i domsnemnda. Slik har det alltid vore, men det vil bli enda tydelegare føringar på dette, seier Reitan.

Oversiktsbilde frå FolkOrgs dommarseminar på Riksscenen 2024
Med heile 73 deltakarar fordelt på tre seminargrupper - spel, vokal og dans - var det rekordstor oppslutning om dommarseminaret i Oslo. Foto: Audun Stokke Hole

Var Madam Jam «innanfor»?

I tevlingsreglementet kapittel 5 står det: «Tevlingsnummer på tevlingar i regi av FolkOrg skal vere folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga i tradisjonell stil».

Vidare: «Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal bidra til ta vare på og styrke gammaldansen det er tradisjon for i kvart distrikt.»

I kapittel 17 er følgande formulering: «Under Landsfestivalen spelar ein den eldste gammaldansmusikken frå eit tradisjonsområde innanfor den avgrensinga som er gjeven i kap. 5. det skal spelast dansbar musikk.»

– Meiner du at Madam Jam var innanfor rammene for tevlingsreglementet under Landsfestivalen i fjor?

– Som dommar vil ein møte ulike problemstillingar knytt til tradisjonskriteriet, og ein vil aldri få eit eintydig svar på spørsmålet om kva norsk tradisjonsmusikk og -dans er. Difor femnar tevlingsreglementet relativt breitt og skal vere ei god rettesnor som er utforma slik at det vil vere rom for tolkingar og skjønn. 

– Å vere dommar vil alltid vere å tolke og bruke tevlingsreglementet etter beste evne. Domsnemnda må også som team finne ut av bruken av tevlingsreglement, og til slutt einast om ei resultatliste ut frå dei enkelte dommarane sine einskilde vurderingar. Styret i FolkOrg vil alltid stå bak domsnemnda sine vurderingar og deira endelege resultatlister, understrekar styreleiar Hilde Reitan. 

– Har det vore vanskeleg å få dommarar? 

– Når styret og administrasjonen skal sette saman eit dommarpanel, må vi ta omsyn til fleire ting; dommarane skal ha  god fagkunnskap, dei skal representere ulike tradisjonsområde, det skal vere kjønnsbalanse og det bør vere ulik alder og erfaring.

– Nokre gongar kan det vere krevjande å ivareta alle desse kriteria, men vi har heldigvis mange dyktige personar i miljøet vårt som ønskjer å ta på seg verv som dommar. Vi må heile tida tenkje rekruttering av nye dommarar. Difor er dommarseminara viktige faglege forum for dei som kan tenke seg å prøve seg som dommarar.