For dei interesserte anbefaler vi seminaret på Folkelarm torsdag 16. november klokka 12, der TONO og NOPA retter «fokus på tradisjon og nyskaping, rettigheter, plikter og muligheter for deg som folkemusiker». 

Les også: Tonos fordeling av musikkrettigheter truer kulturarven – åpent brev til kulturministeren. 

«I de internasjonale avtalene er det også forutsatt at verkene skal kategoriseres etter kompleksitet, det vil si at et verk som har krevet mer arbeid av komponisten skal ha større avregning pr. minutt spilletid enn et enklere verk. Her kommer genre-plasseringen inn (…) derimot står det ikke fast hvor store forskjeller det skal være, altså hvordan vekttallene skal fordeles. Det kan man bestemme nasjonalt.»

Det er Tono-direktør Gorm Bækkelund som uttaler seg i Ballade nr. 2/1982. Då er vi i dei riktig gamle dagar kulturelt sett – ei tid då «musikk» og «klassisk vestleg kunstmusikk» kunne bli brukt som synonym utan at nokon lea på augebryna. Også den gong var fordelinga av Tono-pengar eit heitt debattema; då handla det mykje om kor stor del av Tono-kaka komponistane av populærmusikk og «lettare musikk» skulle få. Tono hadde vore dominert av Norsk komponistforening og deira medlemmer, men med stadig fleire medlemmer frå populærmusikksfæra, måtte det endringar til.

No krev norske tradisjonsberarar sin del av kaka. Det er på høg tid, sant å seie på overtid, at Tono etterkjem kravet.

I botnen av Tonos gjeldande fordelingsplan ligg ein idé om at nyskriven musikk er meir nyskapande enn nye arrangement av gammal musikk. Det er ei absurd og historielaus haldning.

Absurd og historielaus Tono-ordning
Fordelinga av Tono-pengar har vore eit heitt debattema mang ein gong. I 1982 ville komponistar av populærmusikk ha ein større del av kaka. No krev tradisjonsberarene sitt. (Faksimile: Ballade 2/1982)

Fordelingsnøkkelen og prinsippa for korleis Tono-pengane fordelast, er naturlegvis endra på førti år. Det kan hende at Tonos kunstmusikalske slagside ikkje er der lenger. Men eg trur det ofte er nyttig å kjenne historia til ein institusjon for å forstå han. Historia sit i veggane, og om ein ikkje er merksam på det, risikerer ein at historia styrer samtida utan at nokon ønsker det.

Og ikkje minst, så er det viktig å peike på kor lite automatikk det er i fordelinga av Tono-potten. Det er framleis Tonos årsmøte som bestemmer korleis fordelingsplanen skal sjå ut. Gjeldande fordelingsplan blei vedteke på Tonos årsmøte i 2010.

Dei som ønsker at folkemusikken skal vere levande samtidskultur, både kan og må påverke dei ulike systema for kva som gir musikarar inntekter.

Om Tono er eit medlemsdemokrati eller fleirtalsdiktatur, kjem vel an på kven du spør. Faktum er iallfall at for folkemusikken sin del, ser det ikkje bra ut. Dette har ein visst lenge, og ei tid var det ei viktig sak for Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD). Men etter at NFD og Landslaget for Spelemenn (LfS) gjekk saman i FolkOrg, har det ikkje skjedd noko.

Er dette fordi det i så stor grad var ei NFD-sak? Det gamle LfS har dominert FolkOrg sidan starten, og også i denne organisasjonen finst det ein fare for fleirtalsdiktatur. Ikkje dermed sagt at dei yrkesutøvande folkemusikarane er blitt neglisjerte, men Tono-saka har vore påfallande usynleg i FolkOrgs arbeid.

Dette er nok mykje fordi det er ei komplisert sak, som det er vanskeleg å forstå og få oversikt over. Musikkmagasinet Ballade.no og yrkesutøvarane som har skrive eit ope brev til kulturministeren om saka, skal ha stor honnør for å løfte fram saka og framstille ho i eit forståeleg språk.

Med det er FolkOrg no nøydd å komme tydelegare, og meir permanent, på bana.

No krev norske tradisjonsberarar sin del av kaka. Det er på høg tid, sant å seie på overtid, at Tono etterkjem kravet.

I botnen av Tonos gjeldande fordelingsplan ligg ein idé om at nyskriven musikk er meir nyskapande enn nye arrangement av gammal musikk. Det er ei absurd og historielaus haldning. Ideen har heller ikkje støtte i Bern-konvensjonen, som ligg i botnen av den norske åndsverklova og av opphavsrett verda rundt. Tanken om at arrangering er bokstaveleg talt mindre verd enn nyskriven musikk, er fullt og heilt politisk og eit resultat av Tonos medlemsdemokrati.

Det er ingen grunn til at norske folkemusikarar lenger skal finne seg i at bearbeiding av tradisjonsmusikk er mindre verd enn nyskriven musikk.

«Debatt om disse spørsmålene er ikke usunt. En kontinuerlig overprøving er tvert om nødvendig for å hindre tilstivning av et system som er avhengig av å kunne fange opp endringene i det musikalske landskap, for troverdig å kunne stå fram som organ for alle komponistgrupper», står det i leiarartikkelen i Ballade nr 2/1982. Dette er like sant i dag.

 

Merknad frå forfattaren: Etter at kommentaren blei publisert, er vi gjort merksame på at det er fleire sider ved denne kompliserte saka eg ikkje har forstått ordentleg. Mellom anna skil Tonos fordelingsplan tydeleg mellom arrangement og bearbeiding av tradmusikk. Det er også delte meningar i miljøet om korleis ein bør løyse dette, noko som gjer det heile vanskelegare også for Tono.

Til det er det ikkje anna å seie enn at misforståing og usemje er å forvente. Regelverket og jussen er ekstremt komplisert, og det bidrar til at folk ikkje registrerer tradisjonsmusikken dei brukar, eller let vere å spele han – og fell av lasset i kampen om ei meir rettferdig ordning for tradisjonsberarane.

Det viktigaste for meg er å peike på kor viktig saka er; ansvarleggjere FolkOrg og andre relevante organisasjonar; og peike på det absurde og historielause i at nyskriven musikk i praksis har meir verdi i Tono-systemet enn det å føre gammal musikk vidare.