– Tenk kor heldige vi er som får vera med på slikt.

– Ja, dette har så absolutt vore vellykka.

Utsegnene tilhøyrer Jarnfrid Kjøk og Aud Laingen Hamre. Båe 76 år gamle og barndomsvenner frå folkemusikkmekkaet Garmo i Lom. Båe to reiste tidleg ut, dei skilde lag etter realskulen heime i Lom. Kjøk kom til hovudstaden som student på slutten av 1960-talet, vart lektor og har budd i tjukke Oslogryta sia. Laingsjenta kom til Granvin i Hardanger i 1974, trefte ein etter kvart så vidgjeten spelemann med fornamn Knut, livnærte seg som turistvert på Besso fjellstue i herrens mange år, og bur framleis i Granvin.

– Vi er heldige som får vera med på kappleik
Jarnfrid Køk og Aud Laingen Hamre er båe opprinneleg frå Garmo, men busett i Oslo og Hardanger det meste av livet. Dei var heime att i Lom for å følgje landskappleiken på nært hald med kritisk blikk. Slik dei mest støtt har gjort ...

I hop som erterris

Båe fekk folkemusikken inn med morsmjølka, og den har på ingen måte sleppt taket.

– Du veit, vi er da frå Garmo.

Det forklarar alt, meiner dei.

– Å, det er så artig. Som småjenter var vi som erterris, heldt i hop støtt. Når vi treffest på kappleik, er det som om vi har vore borte frå kvarandre berre ein time, sjølv om det er eit år eller meir sia sist, utbryt Jarnfrid.

Det er 69 år sia sist landskappleiken vart arrangert i Lom, i 1954. Hans W. Brimi (1917–1998) humra så godt når han fortalde at det låg att ei fele midt i riksvegen gjennom Fossbergje, Lom sentrum, om morgonen etter at kappleiken var over. Slike «tilstandar» var det ikkje i år …

– Det var så absolutt ein vellykka landskappleik. Godt organisert og mykje folk, lett å finne fram, og så var det så mykje bra musikk, veit du. Folkemusikken må da stå sterkt her til lands, ta til dømes den store deltakinga i eldre folkemusikkinstrument, vektlegg Aud. Ho har fartstid som styremedlem i daverande Landslaget for Spelemenn (LfS).

Råte godt spel

Folkemusikk hadde gleda av å sitja innved dei to under felespel klasse A. Aud levnar ingen tvil da vi slår på tråden eit par dagar etterpå.

– På vanleg fele er det ingen som slår Astrid Sulheim, ho er så god, eg er heilt samd med dommarane i så måte.

Likeins med Jarnfrid, som rett nok kvir seg litt for å seia det ho eigentleg meiner. Men skitt la gå.

– Eg ser Astrid som den einaste ekte spelemannen i vidareføring av lomstradisjonen i dag. Her er ikkje noko tilgjort.

«Når vi treffest på kappleik, er det som om vi har vore borte frå kvarandre berre ein time, sjølv om det er eit år eller meir sia sist.»

Jarnfrid Kjøk om venninne Aud Laingen Hamre

Aud har sjølsagt fått ei nært forhold til hardingfela og måtte ha med seg A-klassa også der.

– Voldsomt mykje bra spel, og mange kunne ha vunne. Men Per Anders Buen Garnås spelte «råte» godt, og det var heilt greitt at han vann, tykkjer Aud.

Jarnfrid Kjøk fekk stor oppmerksomheit der ho vandra rundt i sin finaste bunadsstas, «krona» med stivatørkle. Ikkje mange som brukar det nå til dags, så det var mange som ville ta bilde.

– Eg gjorde det for å heidre mor. Ho brukte alltid det, og det er ho som har sydd bunaden min. Eg brukte råndastakk «stivpynta» med kvitt forkle og kvitt stivatørkle, fordi eg skulle representere landskappleiken med programmet Kvedarkroken på den store kappleikdagen laurdag. Som programleiar i vokal B torsdag brukte eg svarthuve og svart forkle.

– Vi er heldige som får vera med på kappleik
T.v.: Mange vill ha bilde av bunadsmodell Jarnfrid Kjøk, som villig stilte opp til ære for fotografen. T.h.: Liten tvil om kven som var best i fele klasse hos Jarnfrid Kjøk og Aud Laingen Hamre. Her utvekslar dei synspunkt med Kjell Bitustøyl frå Bø.
– Vi er heldige som får vera med på kappleik
Barndomsvennene Jarnfrid Kjøk og Aud Laingen Hamre, båe 76, tykte at heimbygda kom godt frå årets landskappleik.

Arven etter veslebror

Jarnfrid legg til at ho tenkte på alle dei gongene mor Helga såg til at broren, eitt år yngre Knut, fekk på seg bunadstasen på rett vis. Meisterspelmannen ville ha fylt 75 år under landskappleiken, men gjekk brått bort i 2016, 68 år gammal.

Tvillingdøtrene Hanne og Synne (18) var av dei mest aktive og stilte visstnok i åtte klasser på landskappleiken. Det får vi truleg sjå meir til i ein dokumentar som NRK Fjernsynet skal sende til hausten.

– Eg tykte det var godt å høyre at programleiarane tok fram at Knut ville ha fylt 75 på hovudtevlinga til jentene. Det var triveleg gjort, og passe høveleg, for det er musikken og dansen som skal stå i høgsete under ein kappleik.

Både Aud og Jarnfrid fortel at dei reiser heim att med mange gode opplevingar og mange gode minne å tenkje på og å tenkje etter.

– Du veit eg likar så godt å vera på kappleik. Prøver å få med meg mest alt. Men det er sjølvsagt uråd, for mange klasser kolliderer. Er ikkje årviss, men ekstra artig med Lom og da måtte eg sjølvsagt heimatt. Bygda skein om kapp med sola og synte seg fram på beste vis. Eg vart så gira. Det var ein fantastisk kappleik, og nå vil eg til Gol neste sommar.

Jarnfrid Kjøk er ikkje i tvil, og for Aud Laingen Hamre er det sjølsagt …