Han var ei legende i levande live, og kappleikspublikum i siste halvdel av førre hundreår hugsar garantert den litt korpulente, karismatiske og sprudlande leiaren i raud rutavest som skapte ellevill begeistring på lagspeltevlingane rundt om i landet.

Men Harald Haug (1920–1999) var så mykje meir enn musikalsk leiar for Vågå spelmannslag gjennom 37 år. Han dirigerte kor og korps, trekkspelklubb, danseorkester og salongorkester, hadde eigen sekstett, komponerte fleire hundre melodiar i mest alle sjangrar og skreiv ned og arrangerte enda meir av andre.

Nå kan gode minner og vakre tonar vekkjast til live. Sonen Trond-Ole Haug (68) har med god støtte frå eigen son og bestefarunge, Hallgrim Ulvik Haug (36), realisert eit prosjekt han har bryggja på i lengre tid.

Tidleg jul i Vågå

– Eg har i årevis tenkt at det er viktig å få dokumentert noko av musikken til far. Nå er det i boks, og det er eg frykteleg glad for, dette betyr veldig mykje for meg, seier Trond-Ole Haug.

Det vart tidleg jul i Torestugujeilen i Vågåmo året 2020. 11. desember kunne familien Haug pakke opp tilsend kartong frå utgjevar ta:lik med 32 innspelte komposisjonar etter faren Harald Haug. Eller rettare sagt 31. Tittelmelodien «Rosita», av dei best kjente og mest spelte av Haug, er i to versjonar. Som første kutt på CD nr. 1 med den hedmarkstrønderske storgardsmusikkgruppa Over Stok og Steen, her forsterka med Bjørn Kåre Odde og Vegar Vårdal, og som siste nummer på andre CD-en med sjølvaste Hans Majestet Kongens Gardes musikkorps. «Garden» spelte den inn på CD i 2001, og sa ja til gjenbruk i det musikalske portrettet av komponisten.

– Det er stas, berre så synd at far ikkje fekk oppleva utgjevinga til Garden, han gjekk bort eit år føreåt, minnest Trond-Ole.

– Korleis hugsar du far din?

– Han var ei levande sjel, i alle fall, og så var han god på scena. Samtidig som han var voldsomt glad, så var han eigentleg ganske melankolsk. Han var eit stemningsmenneske. Men det eg hugsar aller best, er at han sat oppe mest kvar einaste natt og skreiv notar.

«Det eg hugsar aller best, er at han sat oppe mest kvar einaste natt og skreiv notar.»

Trond-Ole Haug
Portrett av ein stor tonekunstnar
– Eg har i årevis tenkt at det er viktig å få dokumentert noko av musikken til far. Nå er det i boks, og det betyr veldig mykje for meg, seier Trond-Ole Haug. Omslagsbildet tok Carethe Amundsen på eit Morten Krogvold-kurs på 1990-talet.

Les også:

Meldt: Harald Haug – Rosita

Fyldig monument over allsidig og stiloverskridende musikant. Meldt av Gjermund Kolltveit

Komponerte i ledige stunder

Harald Haug hadde sitt daglege virke som handelskar på Lesja og Vinstra til han kom att til heimbygda og vart tilsett ved Vågå handelsforening. Her var han i 25 år, til han opna Jutulbu kiosk i Vågåmo i 1967. Ledige stunder vart flittig nytta til noteskriving og arrangering – ofte utan eit einaste instrument for hand. Med absolutt gehør var det inga sak … Det var langt verre for oss som møtte opp utan stemt fele til øvingane i kantina på Vågå Bruk torsdagskveldane. Da fekk du grei beskjed, og så snart alt var i orden, fekk pipa og fela ein annan låt. Da gjekk spelinga som ein leik, i ordets rette forstand.

Å få realisert Rosita – portrett av ein bygdemusikar har vore ein omstendeleg prosess med mange involverte, bortimot 50 musikarar i alt frå mange ulike sjangrar, og attpå alt kom koronoaen og forkludra det heile. Det var meininga at det skulle vera ei 100-årsmarkering, med lanseringskonserten på den årvisse og populære Vågåtreffen i november. Det skar seg.

Trond-Ole Haug set uansett pris på ferdig produkt, sjølv om det er eit underskotsføretak reint økonomisk, i den digitale tida er ikkje distribusjon og sal av CD-ar all verda.

– Tenk at så mange gode musikarar fordelt på så mange ulike sjangrar ville stille opp. Alle sa ja på flekken og har etterpå takka inderleg for at dei fekk vera med, men det er nå vel eg som bør takke. Eg er svært glad for at vi får gjeve ut smakebitar av denne store musikkskatten. Og eg er verkeleg godt tilfreds, seier Haug til Folkemusikk etter å ha lytta grundig gjennom ferdig produkt, full av lovord om produsent Ronny Kjøsen. Lydmann Terje Hong og den lokale formgjevaren Ida Visdal Kolden får også gode skussmål.

«Alt med arrangement er spesielt tilpassa musikerne som skulle bruke det. Det er kunst, en kunst Harald Haug kunne til fingerspissene.»

Ronny Kjøsen i CD-omslaget
Portrett av ein stor tonekunstnar
Dei fire som har arbeidd mest med toneskatten etter Harald Haug: f.v. Hallgrim Ulvik Haug, Terje Gording Hong, Ronny Kjøsen og Trond-Ole Haug.

Ærefullt oppdrag

I ein eigen artikkel i CD-heftet med tittelen «Bygdakunstneren» gjev Kjøsen uttrykk for at det har vore eit ærefullt oppdrag. Han er imponert over Harald Haugs produksjon, over mengda, allsidigheita og over den melodiske og musikalske åra hans. Og ikkje minst imponert over kvaliteten. «Alt med arrangement er spesielt tilpassa musikerne som skulle bruke det. Det er kunst, en kunst Harald Haug kunne til fingerspissene», skriv Kjøsen.

Det han likevel har sett størst pris på i denne prosessen, er å høyre Hallgrim Haug spela bestefarens komposisjonar, i alt seks solonummer, pluss duett med Vegar Vårdal og samspel med gammaldansgruppa Sprell. Dobbelt-CD-en spenner frå trompethymne til tango og voggevise, men mest gammaldans og folkemusikk som Harald Haug etter kvart kjende eit spesielt ansvar for å vareta og vidareføre.

– Far komponerte mange bruremarsjar og reinlenderar, eg kunne vel ha gjeve ut ein dobbelt-CD berre med reinlenderar, skyt Trond-Ole inn. Utanom dei nemnde er sjølvsagt Vågå spelmannslag og Vågå trekkspelklubb, Mads Erik Odde, Leif Inge Schjølberg, Vegar Vårdal og trompetistnevø Leiv Skeidsvoll med på CD-ane som solistar.

Musikalsk nav

Harald Haug var eit musikalsk nav midt i Bygde-Noreg, som fornya og sette skule i lagspel på fele med harmoniseringar og stemmebruk som kledde melodien, og han kan med god grunn seiast å vera eit episenter for det rike, folkelege musikklivet i si samtid, skriv Rasmus Stauri frå Sør-Fron i innleiinga med tittelen «Smilets land». Eit uttrykk Harald Haug brukte mykje når han prata om musikk, kopla til komposisjonen av Franz Lehar, og lengten mot lykke og velstand for alle som ein.

– Det spesielle med far var at han skreiv i alle musikksjangrar, og det måtte denne innspelinga spegle. Han skreiv også ein del som er teknisk vanskeleg å gjennomføre, og eg tykkjer det er artig at vi har fått med eksempel på dette, så som galoppen «Mixmaster’n», komponert i 1978 til bruk i Vågåseksetten, her med Over Stok og Steen.

– Kva er din favoritt på dei to CD-ane?

– Eg er godt tilfreds med alt. Dette har vorte slik ein berre kunne drøyme om, slår Trond-Ole Haug fast.

Denne artikkelen er òg publisert i Folkemusikk nr. 1/2021, som er ute hos abonnentane og i sal i nettbutikken til Tekstallmenningen frå veke 8.