Odin kikkar på oss med sitt eine auga frå programmet. Blikket er forskande. Kan henda er det han som eigentleg vil ha svar på kven vi er? Ja, for vi som har den norrøne gudelæra i soga vår, kan kjenna at det rykker i røtene når vi får henne formidla slik som her. Det er godt at skodespelar Paul-Ottar Haga fekk gjort alvor av planen han har gått med i fleire år – om å henta Odin, mytologiens allfader, fram i lyset.

Burlesk er godt

Godt er det òg at han har fått med seg eit så framifrå lag til å framføra stykket. Å kopla seg på tradisjonen frå Västanå Teater er eit val som høver perfekt.

Dette svenske fenomenet, som Leif og Inger Stinnerbom har utvikla til eit nordisk kraftsenter i Sunne i Värmland, har ei leikande form for teater. Skodespelarane skifter karakter med minimale kostymeskift for open scene når forteljaren driv handlinga fram, i tett kombinasjon med musikken, som er fullt integrert i framsyninga. Og den lett burleske stilen høver som hand i hanske med desse gamle segnene om Odin, Frøya og Sleipner.

Kraft i kropp og augo
Kven var Odin
  • Riksscenen, 20. mars 2022 (urpremieren var same stad 18. mars)
  • Regi: Leif Stinnerbom; manus: Eldgrim Springgaard; produsent: Margrethe Aaby
  • Koreografi: Ådne Kolbjørnshus; kostyme: Inger Stinnerbom; musikk: Thomas Eriksson
  • Allvitaren: Paul-Ottar Haga; fridansarar: Sikia Chi Masters Heien og Ådne Kolbjørnshus; musikarar: Thomas Eriksson, Tuva Færden

«Sanninga»

Det er tydeleg at framsyninga ynskjer å knyta band mellom den norrøne mytologien og historiske hendingar. Hovudpersonen (fridansaren Ådne Kolbjørnshus) har fleire roller gjennom stykket, men han byrjar som Attila – herskar over hunarane på 400-talet. Riket hans strekte seg frå nordsida av Kaukasus til Rhinen.

Men i framsyninga kjem han òg i nærkontakt med den mindre historiske Frøya. Gudinna høyrde til gruppa av gudar i den norrøne mytologien som vart kalla vanane – eller var ho kan henda berre eit ludder som gjorde vikingar desperate? Attila blir òg presentert som «allfader med mange namn».

Ein kan velja å la seg provosera av logiske snublesteinar her, eller ein kan vera med på leiken og la seg riva med i den utforskande forteljinga. I alle fall er det ein skjelmsk påstand allvitaren (Paul-Ottar Haga) kjem med i starten: «No skal de få veta det som sant er».

Humor og driv

Det plagar ikkje meg at handlinga er springande. Mytar er mytar, og har sitt verd som det. Eg vel å fylgje med på ferda i desse korte forteljingane knytt til persongalleriet vi får presentert.

Det fell lett, for framsyninga har godt driv. Her er mykje humor både i replikkar, handling og spel. Gamle visdomsord er henta ut frå Håvamål og lever frodig som ein del av forteljinga. Arketypiske fenomen som konkurrerande gutar og kåte menn som fell for kvinnelist, slår heller ikkje feil.

Sprang og snurr

Det som likevel ber framsyninga, er det intense spelet frå dei fem på scena. Koreografien som Ådne Kolbjørnshus har laga, er viktig for dette.

Mellom anna i scena der guden Trym er sprengkåt etter å koma seg i seng med den han trur er Frøya. Her oppstår ei intens spenning gjennom at Tuva Færden spelar Trym så aldeles på spranget, nærmast sitjande på huk, med ei lita harpe framfor seg. Det er kosteleg og så fullt av latent energi at ein berre må gje seg over.

Spenstige danseturar manglar det heller ikkje på. Det skaper driv og sume stader humor, som når Frøya let Attila snurra slik kvinnene snurrar i telespringar.

Mot eit større lende

Og så er det augo. Dette at musikarane (Thomas Eriksson og Tuva Færden) er så intenst til stades i det dansarane og allvitaren seier og gjer, skaper eit sug mot det som skjer på scena. Eit ekstra pluss for framsyninga er det dessutan at den eine dansaren har røter langt unna Hallingskarvet.

Sikia Chi Masters Heien kjem frå Stavanger, men har røter frå Vest-Afrika, Jamaica og USA. Ho spelar rollene sine i framsyninga grasiøst, ertande og med imponerande kraft. Og berre det at ho er mørkhuda og har svarte cornrow-fletter, gjer sitt til at framsyninga opnar seg mot eit større lende.

Og etterpå? Veit vi kven Odin var no? Nei, heldigvis. Men vi vil gjerne spekulera meir – for betre å forstå kvifor vi er slik vi er.