– Eg kom for seint til øvinga i dag, så eg måtte ta med ein sånn unnskyld-sjokolade.

Bassist Morten Kvam byr på kaffi og sjokolade når eg møter kvartetten Jul i Nord på Biermannsgården på Sagene i Oslo. Kvartetten har nettopp gitt ut debutplata Jultråddokka, men det er alt fjerde året dei har førjulsturné.

Det var Hilde Fjerdingøy frå Helgeland som først tok initiativ til Jul i Nord.

– Det har jo liksom blitt ei greie i folkemusikkmiljøet å lage julekonsertar frå sin lokale heimstad, fortel ho. – Så då tok eg med meg Ingebjørg på Nasjonalbiblioteket og grov i opptak og notar ein heil dag.

Durspelar Fjerdingøy og songar Ingebjørg Lognvik Reinholdt fekk først med seg Hanna Andersson på fele. Sidan har også bassist Morten Kvam vorte med, og repertoaret er no frå både Telemark, Sverige og Trøndelag – «nord» i vid forstand, altså.

Hallvard Bruvoll har vikariert for Hanna Andersson medan ho har vore «koronafast» i heimlandet Sverige. Etter dette intervjuet vart gjort, fekk vi vite at Raymond Johansen forlenga tiltaka i Oslo til over nyttår. Så det vart berre éin konsert på årets juleturné – til gjengjeld var det på idylliske Nutheim gjestgiveri i Flatdal.

Det vil seie: Jul i Nord var kreative og inviterte òg til gå-forbi-konsert som erstatning for den avlyste konserten på Salt i Oslo. Dei spelte ut gjennom vindauget på Biermannsgården for folk som gjekk forbi.

«Kvifor korsar folk brødet og har granbar på døra? Det er så mykje rart ein gjer utan at ein kanskje veit kvifor.»

Hilde Fjerdingøy, Jul i Nord
Julemusikk heimanfrå
Jul i Nord, f.v. Morten Kvam, Hanna Andersson, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Hilde Fjerdingøy. (Foto: Gøthe Lasse Ellevsøy)

Jul for kvar ein smak

– Det skrikast jo litt etter nytt julerepertoar, gjer det ikkje? Men vi har jo teke med nokre schlægers, vi også, seier Morten Kvam.

Og, ja –«Nordnorsk julesalme» er sjølvsagt med.

Kan det ligge jul i sjølve musikken?

– Vi tilbyr kanskje noko alternativt til den oppskriftsmessige julestemninga, svarar Fjerdingøy. – Det er jo nok av dei som kan tilby det, og det er kjempefint, det også! Men eg håpar jo at noko av «sounden» likevel kan gi julestemning.

Dei har gått for det uslipte og nære. Plata blei spelt inn på den ærverdige herregarden Berby utanfor Halden i sommar.

– Når ein set på plata, så læt det som det er nokon som spelar i stova di, meiner Kvam. – Når vi har arrangert denne musikken, har vi nok gjort konkrete musikalske val som har eit spesielt julepreg over seg. Men ein må passe på at ein ikkje saltar grauten for mykje.

Og på Jultråddokka er det stor variasjon i tematikk, frå både kristen og heidensk julefeiring. Medlemene i kvartetten har forteljargleda og interessa for desse ulike tradisjonane til felles.

– Kvifor korsar folk brødet og har granbar på døra? Det er så mykje rart ein gjer utan at ein kanskje veit kvifor, seier Fjerdingøy.

Julestemning midtsommar

Tradisjonen med å lage «jultråddokke» finn ein fleire stader i landet, fortel ho vidare.

– Jultråd eller jultråddokke var ei forseggjort samling trådar av lin eller ull, hespa, surra eller fletta saman. Ugifte kvinner laga dei og gav dei til ungkarar som kom på besøk i romjula eller på nyåret. Viss du såg eit mannfolk med mange jultråddokker festa til jakka si, tydde det på at det var ein populær kar.

– Det finst lange tradisjonar for å reise på friarferd i juletider, legg Ingebjørg Lognvik Reinholdt til. – Det var då ein hadde fri til å gjere slikt.

– Det var travelt før, meiner Kvam. – Ein skulle ut og fri, gå julebukk, kaste oske over aksla og gjerne reise langt til kyrkja også. Medan no, no sit vi jo stort sett berre framfor TV-en.

Det «stygge» i jula er også med i Jul i Nord sin musikk. «Julgeitsonen» er ei skummel historie kjend frå mange plassar i Noreg, om ein gut som får besøk av djevelen fordi han ikkje er med i kyrkja, men sit heime og speler harpe eller fele. Og Fjøsnissen, som dei syng om i «Tomtehallingen», var jo ikkje berre god mot menneske som åt opp grauten hans, eller ikkje oppførte seg på anna vis.

Jul i Nord har brukt mykje tid på å arbeide grundig med stoffet, fortel Fjerdingøy: – Kva slags språk vi skal bruke, korleis vi skal gjere det i forhold til kjeldeopptaket, og så vidare. Vi har veldig stor respekt for tradisjonen, men vi vil samtidig gjere det på vår måte.

Dei har mykje materiale som ikkje kom med på plata, så ein skal ikkje sjå bort frå at det kjem meir frå den stova. Plata vart spelt inn midt på sommaren, men all musikken framkalla rikt med minne frå juleturneane i Nordland tidlegare år, fortel Fjerdingøy: Filt på doringen, mariusgenser rundt vinkartongen og stundom litt overdriven julepynt på husa.

– Og det gratis lydlandskapet vi fekk på Alstadhaug kyrkje når det bles rundt kyrkja! legg ho til. – Vi har køyrd rundt i alt dette vakre med nordlys og Sju søstre og slikt. Vi assosierer denne musikken med det – då treng vi ikkje koke graut i studio i tillegg!

Himmellengt

I 1999 gav Ryfylkemuseet ut boka Julesalmar frå arkivet. Den då 17 år gamle Åshild Vetrhus song desse grundig transkriberte songane inn på CD-en Den yndigste rose – julesalmar frå arkivet, som fylgde med boka.

– Sjølv om eg ikkje hadde funne ut den gongen at eg skulle bli musikar, har eg heile tida tenkt at eg ville gjere noko med dette materialet igjen.

Og i 2015 skulle Vetrhus arrangere ein julekonsert gjennom jobben hennar på Ryfylkemuseet. Då konserten vart avlyst på kort varsel, tenkte ho: – Jaja, eg får gjere det sjølv då!

Ho fekk med seg pianist Andreas Ulvo. Og sidan 2017 har Vetrhus, Ulvo og klarinettist Morten Barrikmo turnert med dette repertoaret, som no er utgitt på plata Frå høge himmel på Ta:lik.

I omslaget legg vi merke til ordet «mørke» – kan du fortelje litt om det mørke i jula?

– Dette er gamle tekstar, og ein del av tekstane blir stort sett ikkje brukte lenger. Ein kan jo prøve å setje seg inn i korleis livet var på 17- og 1800-talet. Det var hardare på mange måtar, ein hadde mindre. Og i somme tilfelle var livet så hardt at ein faktisk såg fram til at det skulle ta slutt – men òg såg fram til at det skulle kome noko betre etter livet.

Julemusikk heimanfrå
Trioen bak den ferske juleplata 'Frå høge himmel' spelar på Utstein kloster, desember 2019. F.v. Andreas Ulvo, Åshild Vetrhus og Morten Barrikmo. (Foto: Elisabeth Bjørkhaug)

«Det er også mykje som manar til at ein skal vere glad for det ein har, og at ein ikkje treng mykje. Det kjennest som evigvarande, generelle ting. Det handlar om dei små tinga.»

Åshild Vetrhus

Vetrhus meiner det er mykje i tekstane som gir meining å ta med seg inn i livet i dag også, utan at ein treng å vere religiøs:

– Det er også mykje som manar til at ein skal vere glad for det ein har, og at ein ikkje treng mykje. Det kjennest som evigvarande, generelle ting. Det handlar om dei små tinga.

Nokre av songane på plata er mindre kjende enn andre.

For eksempel «Vor Jesus kan ei noget Herberg finne», kjenner eg ikkje til, men det må då vere årets julesong!

– Ja, akkurat den er eg veldig interessert i å høyre om det er andre variantar av! Og den har jo ikkje så veldig tung tekst heller. Ein kunne lett ha modernisert språket i den, slik ein har gjort med mange. Det kan bli ein slager!

Gamle tonar, lokal identitet

Nokre julesalmar, som «Et Barn er født i Betlehem», finst det på si side ekstremt mange variantar av. Kva som gjer at det finst mange eller få versjonar av ein julesalme, burde kanskje nokon forska på, føreslår Vetrhus. Nettopp det å la songen vere slik han er, er viktig for ho, ho er oppteken av å ikkje jåle det til, av at det er fint nok slik det er.

– Det skjer jo definitivt noko med overføringa til det sceniske. Eg prøvar å passe på at det er arrangementet som må tilpasse seg songen, og ikkje omvendt. At tonaliteten, rytmikken og fraseringen får sin rette plass, og ikkje blir pressa inn i metriske former. Dette synest eg Andreas og Morten er veldig gode til å forstå.

Barrikmo har på klarinetten den fordelen at han kan spele «utemperert», legg Vetrhus til. Ulvo, med sin bakgrunn som jazzmusikar, har også ein fleksibilitet med tanke på å finne andre måtar å spele til enn den vanlege «kompinga».

Ligg det noko «julete» i musikken, eller kjem det av tekstane, tenkjer du?

– Eg trur det er tekstane, for melodiane blir ofte brukt på andre tekstar. For eksempel er «Halleluja, vår strid er endt», siste verset på «I denne søte juletid», også brukt som liksalme på den same melodien, «Et lite barn så lystelig».

Eg reknar med det har vore annleis for dykk også med gjennomføring av julekonsertar i år?

– Det har først og fremst vore litt tungt å booke. Og det har vore forvirrande og litt vanskeleg fordi det har vore usikkert for arrangørane, dei har ikkje vore sikre på kva dei kan gjere til ei kvar tid. Det har forandra seg heile tida, og blitt eit vanvitig administrasjonsarbeid. Og så skal ein søke på alle slags ordningar og rapportere og halde orden på det. Og i tillegg går ein med ein liten klump i magen og er redd for om ein av oss skal vere nærkontakt, eller få vondt i halsen og hamne i karantene. Så det har eg kjent på mange netter.

Men turneen vart gjennomført også i år, alle konsertar så godt som éin. Konsertsalar og kyrkjer i Voss, Suldal, Sauda, Sola, Røldal og Utne fekk besøk av trioen.

– Litt av poenget med prosjektet er at dei som bur på plassane blir kjende med songane som er derfrå. Og eg likar ekstra godt å synge dei songane som er frå der eg er frå sjølv. Det handlar om ein identitet, eit feste til grunnen der du er. Vi vel ut dei mest lokale kjeldene der vi spelar og fortel om dei – då er det alltid nokon som kjem bort til meg og veit litt meir.

Får du til å legge vekk alt dette stresset rundt når du syng?

– Ja! Det er deilig å synge konsert, altså. Det har vore veldig gode opplevingar over alt. Arrangørane har vore flinke på smittevern, så ein føler seg heilt trygg – privilegert, eigentleg. Eg trur også publikum føler seg litt privilegerte når ein er ein av berre femti det er plass til. Og så er det i stor grad ein meditativ konsert, noko eg trur folk set pris på no.

Julemusikk heimanfrå

Ekstra stor interesse for julemusikk i år

Tekst: Audun Stokke Hole

– Julemusikken er viktig for norsk musikkbransje, og det ser ut til at han blir viktigare for kvart år. Merksemda kring nye juleutgivingar har vore ekstra stor i år, og eg trur aldri det har kome ut så mange nye julelåtar og juleplater, seier Maria Nergaard. Ho arbeider i Musikkoperatørene, eit distribusjonsselskap som handsamar dei fysiske utgivingane til mange norske plateselskap, mellom anna Ta:lik, som Vetrhus, Ulvo & Barrikmos plate Frå høge himmel er gitt ut på.

Det er nokre år sidan ei norsk juleplate kunne selje hundre tusen eksemplar, understreker Nergaard. Men det finst stadig ein stor marknad for julemusikk på CD og LP. November og desember er dei månadene det blir selt suverent mest fysisk musikk, og det er òg dei månadene folk flest kjøper julemusikk.

– Ei god juleplate vil kunne treffe eit stort publikum same kva sjanger artisten til vanleg høyrer heime i. Eit godt døme er Velkommen inn, juleplata til Hekla Stålstrenga frå 2017, gitt ut på Ta:lik. Plata tok alle litt på senga, og vart ei av dei største juleplatene det året.

Det som i vårt tusenår er blitt sjølve klassikaren innan julemusikk i Noreg, er òg ei slik plate som overraska alle: Bugge Wesseltofts lågmælte pianojuleplate It’s snowing on my piano frå 1997. Plata sel svært godt kvart år, fortel Nergaard. Den digitale lyttinga på julemusikk aukar jamt utover hausten, før det eksploderer i desember, avsluttar ho.

Meir julefolkemusikk her: Den beste jolefolkemusikken