Anders Lillebo: Velkommen til folkemusikkpodden, Johanna-Adele Jüssi og gitarist Bendik Lund Haanshus! De har premiere på Slåtter fra Gaupdalen, det må de fortelje litt om.

Johanna-Adele Jüssi: Gaupdalen! Kor skal eg byrje? Eg er fødd og oppvaksen i Estland, og har budd mange forskjellige plassar: Tyskland, Shetland, Sverige, Danmark, Finland – og Sør-, Midt- og Nord-Noreg. Eg spelar musikk frå mange ulike tradisjonar, og eg likar å komponere sjølv. Så eg har hatt litt trøbbel med å finne meg sjølv som folkemusikar. Særleg fordi, trur eg, at når ein bur i Noreg, er det mest legitimt å spele musikk frå der du kjem ifrå. Men kva med meg, då?

Lillebo: Nei, kvar kjem du eigentleg ifrå?

Jüssi: Ja. Men så drøymde eg ein draum med [Kalottspel-leiar] Nina Fjeldet, som eigentleg kjem frå Gausdal. I draumen fortalde ho meg om den fantastiske heimplassen hennar, Gaupdal! Og eg fall pladask for denne dalen, det var kjærleik frå første blikk, eller – frå første stund. Dit ville eg flytte! Og då eg vakna, hugsa eg ikkje lenger korleis Gaupdalen såg ut eller kvifor han var så bra. Men den kjensla var like sterk. Og då forstod eg at eg hadde funne svaret på mine vandringar: Musikken min kan komme derfrå.

Dalen i ditt indre
Bendik Lund Haanshus og Johanna-Adele Jüssi i samtale med Folkemusikkpodden på Kalottspel.
Dalen i ditt indre
F.v. Anders Lillebo (Folkemusikkpodden), Bendik Lund Haanshus, Johanna-Adele Jüssi (gøymd) og Christo Stangness.

Very Old and Traditional

Lillebo: Gaupdalen er altså eit fiktivt område, som eigentleg berre finst i draumen din. Då eg høyrde deg fortelje denne historia for første gongen, tenkte eg at det var ei veldig fin løysing på dette problemet! For eg har jo slite med noko av det same sjølv. Eg har ikkje vakse opp med nokon spesiell folkemusikktradisjon, men har spelt musikk litt herfrå og derfrå, med mål om å ha ein eigen identitet. Men du har altså tatt det eit skritt lenger, og laga deg eit eige tradisjonsområde som representerer din musikk?

Jüssi: Ja, og eg har etter kvart funne ut at Gaupdalen, det er meg sjølv.

Lillebo: Bra løsning, altså. Kva kan du seie om musikken i Gaupdalen?

Jüssi: Jo, det er … leikent. Og litt røft. Litt pent. Men særleg leikent, vonar eg.

Lillebo: Vil du seie det finst nokre element av estisk musikk der?

Jüssi: Ja, det kan du godt seie! I nedre del av dalen, den flate, der spelar dei mykje som liknar på very old and traditional estisk musikk.

Lillebo: Men så høyrest det ut som at dei ikkje er redde for å eksperimentere – dei er ikkje så konservative?

Jüssi: Nei då! I byen i Gaupdal, der er det litt jazz og galskap!

Leik med leik

Lillebo: Og du, Bendik, kva synest du om musikken i Gaupdal?

Bendik Lund Haanshus: Jo, eg har det faktisk heilt likeins. Eg har vakse opp rundt omkring i landet, og kom til Trøndelag då eg var ni år gammal. Så har eg vore mykje i Nord-Norge.

Lillebo: Og no er du distriktsmusikar her i Nord-Norge.

Haanshus: Ja, det stemmer. Men eg kjem ikkje frå ein spesiell plass, eg kjem på ein måte «frå Noreg». Så eg kjenner igjen følelsen, sjølv om eg ikkje er like internasjonal som Johanna. Johanna nemnte leik, og det blir mykje leik – «Leik» er forresten tittelen på den låten vi spelte her først [før intervjuet]. Så vi leiker oss mykje, det er veldig fritt og artig. Eg har aldri hatt med meg så mange gitarpedalar på ein folkemusikkonsert nokon gong!

«Eg har aldri hatt med meg så mange gitarpedalar på ein folkemusikkonsert nokon gong!»

Bendik Lund Haanshus

Jüssi: Grunnen til at låten heiter «Leik», er at i Estland har vi ein låttype som blir kalla leik! Det er musikk spelt på stråkharpa, så «Leik» er ein låt skriven i stråkharpa-stilen. Leik er berre eit ord på estisk, eg tenkte ikkje på tydinga av ordet før eg kunne snakke norsk.

Lillebo: Slåtter fra Gaupdalen er bygd opp som ein trilogi – kan du seie noko meir om det?

Jüssi: Første del av trilogien er ganske trad estisk musikk, mykje solo fele og litt eigenkomponert i estisk stil. Andre del er mest nordtrøndersk tradisjonsmusikk – det er der eg har budd mest i Noreg. Eg har òg jobba tett med Geir Egil Larsen, leia Verdal Juniorspellmannslag saman med han. Der har vi spelt masse ulike slåtter, og eg kjenner at dei har blitt litt mine òg. Siste delen er vanskelegare å plassere i eit trad-landskap, og står difor litt for seg sjølv. Eg trur kanskje ein kan kalle det nordisk folkemusikk, mellom anna med nokre polska-aktige ting.

Landsdelsmusikken

Lillebo: Bendik, Du er landsdelmusikar her oppe. Eg prata med Nina [Fjeldet] og Terje [Foshaug] tidlegare om alt dei får til her, med Kalottspel, Folkemusikk Nord og anna. Kan du seie litt om korleis det er å vera landsdelsmusikar her?

Haanshus: Først og fremst er det ein veldig fin jobb. Eg jobbar mest med folkemusikktrioen Fotefar, og så reiser vi rundt og gjer ulike andre prosjekt, produksjonar i hovudsak i Nord-Noreg. Vi fekk jo plutseleg eit større fylke [Troms og Finnmark], og eit større nedslagsområde. Det handlar om store opplevingar på små stader, at det skal vere mogleg for små plassar å få tak i profesjonelle oppsetjingar utan at det skal koste skjorta. Så vi gjer så godt vi kan, og spelar så fin musikk vi får til og reiser rundt med det – det er i korte trekk det vi gjer!

Lillebo: Eg likar den tanken godt. Som du er inne på: Det er så fort gjort at ein snakkar om publikumstalet, men det er ikkje alltid kvantitet som tel. Kvaliteten på kulturopplevinga for dei som er der kan vere vel så viktig – òg om det er færre heller enn fleire i salen!

Haanshus: Det er jo misjonen vår, vil eg seie. Vi gjer jo òg litt større produksjonar av og til, slik som Makalaus, som vi hadde premiere på i går og skal til Riksscenen med i haust – ein stor produksjon med masse folk involvert. Nærast eit folkemusikkstorband med lyd, lys og full pakke. Der er målet å nå ut til større folkemengder. Samtidig er det viktig å ha desse mindre konsepta, og å kunne vere litt smidig.

Lillebo: Eg har sagt det mange gonger no, men: Her har andre landsdelar litt å lære, her skjer det bra ting! Skal de ut og turnere med Slåtter fra Gaupdal?

Jüssi: Eg jobbar med saka, så det er berre å ta kontakt! Vi skal spele i Estland no i haust, etter at vi alle har fått andre vaksinedose, og i februar skal vi på turné i regi av Kultur i Troms. Og no som vi har spelt inn musikken vår, skal eg prøve å nå ut til folk og fortelje at her er vi! Torsdag 7. oktober blir plata sleppt på Ta:lik, med konsert på Riksscenen.

Lillebo: Eg er fascinert over løysinga di på identitetsproblemet, og trur eg skal ta med meg litt av dette. Eg trur eg har min eigen dal langt baki der ein plass.

Haanshus: Alle har det!

Lillebo: Takk for at de kom på Folkemusikkpodden!

Transkribert og noko forkorta av Audun Stokke Hole. Heile intervjuet kan du høyre i Folkemusikkpodden 31.8.2021.

Dalen i ditt indre

«I byen i Gaupdal, der er det litt jazz og galskap!»

Johanna-Adele Jüssi
Dalen i ditt indre