Annbjørg Lien 50 år

Det varme mennesket og den makelause felespelaren. Det er Annbjørg i eit nøtteskal. Eg skulle lika å sjå talet på unge jenter som har blitt inspirert til å begynne å spela hardingfele på grunn av Annbjørg Lien, sunnmørskvinna som har gått føre i mangt og mykje innafor folkemusikken vår.

Men sjølv har ho fleire enn ei gong uttrykt at det var fyrst då ho reiv seg laus frå det tradisjonelle folkemusikkmiljøet at ho blomstra, fekk fleire positive tilbakemeldingar og fekk luft under vengene. Ho seier at det var fyrst då at ho kjente at ho kunne vera likeverdig kvinne i musikken. Trass i dette viser det faktum at ho no står i spissen for Setesdalsfolk – dette unike Unesco-prosjektet som lyfter fram folkemusikk- og folkedans med røter langt tilbake – at det er i folkemusikken ho høyrer heime, at det er dette ho ynskjer arbeide med. På éin måte er det ein sirkel som no er slutta.

Karrieren har vore mangfaldig, mykje er prega av samspel med musikarar frå ulike sjangrar og ulike land. Folkemusikken har heile tida vore der, og nokre av hennar næraste samarbeidspartnarar har òg vore folkemusikkartistar: Arve Moen Bergset, Steinar Ofsdal, Sondre Bratland, Kirsten Bråten Berg og Catriona Macdonald, for å nemne nokon av dei viktigaste. Alder har elles aldri vore noka hindring for Annbjørg, ho trekkjer fram eit samarbeid med Erik Bye som eit døme på nettopp dét.

Samarbeidet med sambuar Bjørn Ole Rasch må òg nemnast, dei to har arbeidd både som duo og i gruppe. Dette ser me ikkje minst att i plateproduksjonane i Annbjørg Liens namn, der har Bjørn Ole bidrege som musikar, komponist, arrangør og produsent.

Etter ein periode med store problem med høyrselen på eine øyra, er Annbjørg no tilbake. Ho har nyleg gjennomført ein konsert med Bukkene Bruse og er innstilt på å halde nokre konsertar, men ikkje så mykje som før. Ho er ute med ein ny singel, og eit album kjem òg i februar.

Når ho ser seg tilbake og nøstar opp korleis det var å vera jente på kappleik med hardingfele, trekkjer ho fram at ho følte at ho måtte vera endå betre enn gutane for å nå fram, ho måtte bevise at ei jente òg kunne spela hardingfele på ei bra måte. Samtidig vil ho trekkje fram alle dei karane ho har hatt eit godt musikalsk samarbeid med, samt fleire meisterspelemenn som oppmuntra henne til å tru meir på seg sjølv.

Framover tenkjer ho at der er mange moglegheiter, og dette er ho takknemleg for. Det som var nytt med doktorgradsarbeidet, var at ho for fyrste gong måtte nøste opp alt ho hadde vore med på og finne ut kva reell kompetanse ho faktisk hadde. Dette hadde ho ikkje prioritert tidlegare. Det er difor ei litt anna kvinne som no tek fatt på det kreative musikarlivet att, samtidig som ho får brukt andre sider ved seg sjølv gjennom Unesco-jobben.

På Setesdalsmuseet held ho hus saman med blant andre folkemusikkarkivarane og spelemennene Harald B. Knutsen og Daniel Sandén-Warg. Det er nesten så ein blir litt misunneleg på dette sjeldne kontorfellesskapet.

Me gratulerer 50-årsjubilanten med vel overstått!

Perioden ho har bak seg har ført henne inn på andre spor. Det materielle har kome meir i bakgrunnen for det meir filosofiske, seier ho.

Annbjørg Lien 50 år
Frå framføringa av «Waltz with me» på festivalen Celtic Connections i Glasgow 2008 . Eit skikkeleg internasjonalt team: f.v. Mikael Marin (Sve), Christine Hanson (Canada/Skottland), Annbjørg og Bruce Molsky (USA). Dette var opphaveleg eit bestillingsverk på Telemarkfestivalen 2007.