Ævestaden: om medlemmene

Kenneth Lien frå Lillehammer har to år bak seg på folkemusikkstudiet ved NMH. Nokon vil kjenne han att som vinnar av munnharpeklassa på Landskappleiken på Fagernes i 2017 og i Vågå 2019. Han fortel at den musikalske karrieren hans starta tidleg, alt på ungdomsskulen spela han gitar i eit black-metal-band. Dette har sett sine spor, og kanskje kan ein seie at måten han trakterer kraviklyra på er litt prega av gitarbakgrunnen hans.

På eit tidspunkt blei Kenneth med på eit byggekurs i Gjøvik spelemannslag og fekk bygd seg ei lyre. Det er denne han spelar på i Ævestaden, han brukar elektronikk og effektpedalar for å variere klangbiletet i instrumentet. Han nemner afrikansk griotmusikk som inspirasjonskjelde, men òg black-metal grupper som Enslaved og Satyicon, som han seier har ein type «urkraft» han dreg med seg litt av inn i Ævestaden.

Kenneth er sjølvlært på både munnharpe og kraviklyre, men har naturleg nok snappa opp ein del frå miljøet kring Gjøvik spelemannslag, som han representerer når han opptrer på kappleik. Kenneth er elles kunstmålar og har drive med dette lenge, han likar òg å skrive dikt og framfører eit nytt dikt for kvar ny konsert, får eg vita. Ved NMH går han i hardingfelelære hjå Håkon Høgemo – han er visst fan av Ævestaden.

Eir Vatn Strøm frå Oslo har studert folkemusikk ved NMH. Då Ævestaden starta opp, bygde far hennar ei kraviklyre som ho brukar på konsertane, med innebygd pickup som på ein gitar. Dette høver godt inn i den elektroniske delen av musikken som Eir er spesielt oppteken av. Ho ønsker å ta eit fjerde år ved NMH der ho fordjupar seg i faget som er kalla live-elektronikk. Denne måten å lage musikk på har ho fått interesse for i møte med andre musikkstudentar på NMH.

Eir fortel elles at ho er inspirert av ulik slags musikk, ho nemner blant andre popgruppa Highasakite. Av lærarar ho har hatt nemner ho jazzpianisten Morten Quenild. Ho har òg bak seg eitt år på Toneheim folkehøskule og fortel at song har ho alltid drive med. Det er Eir som snakkar mest om tekstane til Ævestaden, at dei blant anna er opptekne av døden og det triste, men òg kjærleiken.

Levina Storåkern er frå Mölndal i Västergötland og fann fram til folkemusikken då ho var 15. Ho gjekk landsline for folkemusikk på vidaregåande i Falun, der ho hadde læremeistrar som Per Gudmundsson og Ola Bäckström. Fyrste oppdrag i Noreg var sommarjobb på Folkemuseet på Bygdøy, der ho møtte Jon Hjellum Brodal og Tuva Færden, medlemmer av gruppa Vrang.

På Musikkhøgskolen begynte Levina og Eir samtidig. Dei to nemner både Unni Løvlid og Øyonn Groven Myhren som læremeistrar, lyrespelet til sistnemnde har nok òg inspirert. Levina har elles hatt både Andreas Bjørkås og Jarnfrid Kjøk som lærarar. At ho som dei to andre òg er oppteken av innhaldet i tekstane, har ført til at ho etter fullført studium på NMH har søkt og kome inn på Skrivekunstakademiet i Bergen. Å skrive songtekstar vil bli ein viktig del av dette studiet for hennar del, fortel ho.

Ævestaden: om medlemmene