I 2017 vart #metoo eit verdsomspennande fenomen. Frå mange land og miljø fortalde enkeltpersonar om ugreie erfaringar. I dag er terskelen senka for å varsla om seksuell trakassering. Ei rekke profilerte personar har måtta trekkja seg frå jobbar og verv, og tiltaket har truleg endra norma for korleis me ser på uynskt seksuell merksemd.

Men #metoo-songen har stadig fleire vers. Med jamne mellomrom syng enkeltmenneske og grupper ut – om endringar som ikkje kom. I november slo Agnes Ravatn fast i Aftenposten at trakassering i bokbransjen får skje utan at nokon står til ansvar. Då samla aktørar i folkemusikken og folkedansen seg for å skildra «ein tradisjon me for lenge sidan skulle ha avliva».

Å løfta ei sak med klokskap
Alle illustrasjonane til saka er teikna av Øyvind Torseter

Kvifor opprop no?

Mellom initiativtakarane bak oppropet var Berit Opheim.

– Nokre av oss las kronikken til Agnes Ravatn. Me snakka om at unge menneske i vårt miljø framleis opplever krenkande situasjonar, og at me ynskjer ei endring for denne generasjonen, fortel ho.

Ei veke etter var oppropet på trykk i Aftenposten, og 58 personar stilte seg bak. Med meir tid og plass ville signaturane ha vore fleire. Opheim fortel om eit fruktbart samarbeid.

– Det var sterkt å oppleva tilslutninga og diskusjonane om korleis ein skulle formulera seg. Teksten som til slutt vart publisert, var gjennom mange revideringar.

Men kvifor kjennest det så viktig å ropa – nettopp no?

– Etter #metoo finst eit større medvit om problemstillingane i miljøet vårt. Eg er samtidig overraska over at enkelte etter oppropet har sagt at dei ikkje har oppfatta slike situasjonar, seier Vegar Vårdal. I verksemda si som pedagog har han fått ei rådgjevande rolle i fleire vanskelege situasjonar.

– Det finst pedagogar, kurshaldarar og andre som trør over grenser i kontakt med unge og sårbare menneske. Alle må vita dette, og me må sjå på korleis me kan laga ein betre kultur, insisterer han.

– Det er stadig slik at kvinnelege frontfigurar automatisk er meir utsette enn menn for kommentarar om kropp og veremåte. Skal ein få fleire kvinner på scenen, er det avgjerande at dei opplever miljøet som trygt, seier Johanna-Adele Jüssi.

Risikofaktorar

Ein samtale om ukultur i miljøet er ynskt. Men korleis skal samtalen vera?

Foreininga Balansekunst arbeider for å førebyggja og handtera førekomsten av seksuell trakassering i kulturlivet. I kursa sine ser dei på risikofaktorar for at trakassering kan oppstå. Foreininga har definert slike faktorar generelt, men ynskjer at ulike miljø er med i definisjonsarbeidet.

– Agnes Ravatn skreiv om litteraturmiljøet at dei fleste er frilansarar. Slik er det også i vårt miljø, seier Opheim. – Då blir ansvaret uklart. I tillegg er konkurransen i kappleikane ein faktor. Inntrykket mitt er at di høgare konkurransementaliteten er, di meir ugrei oppførsel kan ein finna.

– Ein del kappleikar har ein livleg festkultur, seier Veslemøy Fjerdingstad. Ho var ikkje del av oppropet, men engasjerte seg under eit påfølgjande debattmøte i regi av Sff. Som leiar i Buskerud Folkemusikklag har ho reflektert mykje over kulturen mellom unge.

– Ungdomsleiarar er førebilete for andre, ørlite yngre personar, og så deltek eldre personar som dei unge ser opp til. I slike samanhengar kan det skje ting som ikkje skulle skjedd.

– Eg tenkjer det er ein risiko at tradisjonen i seg sjølv er konsentrert om heteronormative verdiar. Mannen fører, medan dama blir ført. Strukturen kan vera med på å skapa haldningar ein bør utfordra, seier Hans Hulbækmo.

Men han trur ikkje rollene er like svart-kvite når det gjeld maktstrukturar.

– Eg opplever ikkje at miljøet er så oppteke av formelle posisjonar. Det er meir prega av eit anna slags hierarki, der ein samstemt ser veldig opp til enkelte.

– Når me tildeler status på den måten, hender det me tillèt at ein opptrer på lite akseptable måtar. Enkelte unge kler kanskje på seg gamle mytar om korleis ein «verkeleg» folkemusikar skal vera, seier Opheim.

Fjerdingstad er samd i at det er særleg viktig å definera makttilhøve i den frivillige delen av feltet.

– Mange har den same typen rolle som speidarleiaren, kordirigenten eller turntrenaren. Det er roller som gjev særskilt ansvar, men det er ikkje alltid regulert i tilsetjingsforhold med klåre retningslinjer, påpeikar ho.

«Eg tenkjer det er ein risiko at tradisjonen i seg sjølv er konsentrert om heteronormative verdiar. Mannen fører, medan dama blir ført.»

Hans Hulbækmo
Å løfta ei sak med klokskap

Ein augeopnar for medlemmene

Ein risikofaktor Balansekunst sjølv framhevar, er observatøreffekten, der mange veit, men ingen varslar.

Kvifor tok det så lang tid før miljøet samla seg i eit opprop?

– Heilt stille har det ikkje vore, innvender Jüssi. – Då #metoo kom, var det nokre lukka forum der folk delte erfaringar. Eg trur dette har vore ein modningsprosess der det har vakse fram eit behov for å visa at miljøet ikkje er beskytta fordi om me er så trivelege og spelar gamle slåttar og dansar med kvarandre.

– Ein har nok ynskt at organisasjonane skal løysa alt, seier Vårdal. – Men slik sett meiner eg oppropet like mykje er ein augeopnar for medlemmene. #metoo kan ikkje overlatast berre til leiarnivå.

Å løfta ei sak med klokskap

«Det er stadig slik at kvinnelege frontfigurar automatisk er meir utsette enn menn for kommentarar om kropp og veremåte. Skal ein få fleire kvinner på scenen, er det avgjerande at dei opplever miljøet som trygt.»

Johanna-Adele Jüssi

Politiattestar, transparens og tillit

Alle har ansvar, men FolkOrg burde gjort meir, ifølgje aktørane bak oppropet. Me er nyfikne på kva tiltak miljøet har ynskt seg – i tillegg til dei etiske retningslinjene frå 2013.

– Ein må sørga for transparente strukturar der alle veit korleis prosessen ved eit varsel er, og er trygge på at han vil skje rettferdig, seier Vegar Vårdal.

Han meiner òg at ein kan komma langt gjennom å formalisera ulike samarbeid.

– Arrangørar bør be om politiattest frå personar som skal ha ansvar for barn og unge. Det er korkje flautt eller tidkrevjande, og gjev ikkje uttrykk for mistanke, men snarare at arrangøren ynskjer det beste for ungdommane som deltek. Arrangørane må formidla at den som er på jobb for dei, er det heile tida.

Veslemøy Fjerdingstad kan fortelja at dette allereie er ein del av verksemda i Buskerud.

– Ved våre barne- og ungdomssamlingar er ansvaret som rollemodell skildra i kontrakten med instruktørane, og det vert drøfta ved starten av samlinga. Instruktørane er ofte unge, og korkje dei eller deltakarane får dra på fest utanom kursområdet, seier ho.

Både ho og Vårdal er opptekne av at samtalen kjem ned på medlemsnivå.

– Eg trur kunnskapen er tilstrekkeleg på leiingsnivå. Hovudansvaret til FolkOrg må vera å spreia kunnskapen til lokallag og medlemmer, seier Vårdal. – Før ein kappleik må alle vita korleis ein handterer ulike situasjonar. Urøynde arrangørar må vita kven dei kan kontakta om dei treng nødvendig rettleiing undervegs.

Ein splittande samtale?

Dei fleste saker har fleire sider. I denne saka har me prioritert å løfta fram stemmene som ynskjer ei drøfting av ukultur og trakassering. Men i samband med #metoo veit me om enkeltpersonar som har måtta bera ei større offentleg bør enn andre. Korleis ser kjeldene føre seg at det er mest hensiktsmessig å føra denne samtalen?

– For min del er det korkje nødvendig eller relevant å henta fram gamle historier, seier Opheim. – Me må ta lærdom av vissa om at somme personar utnyttar posisjonane sine, forstå at dette også kan skje i framtida, og drøfta korleis me kan verna personane i miljøet vårt.

– Personfokuset har vel komme i tilfelle der enkeltmiljø ikkje har blitt trudd, eller ein ikkje vil anerkjenna at problemstillinga eksisterer. Men det er fullt mogleg å snakka om dette utan å henta fram enkeltdøme, og måten både FolkOrg og Sff har møtt diskusjonen på, gjer meg optimistisk, seier Jüssi.

– Ja, for kva er målet med diskusjonen?

– Målet må vera at alle arenaer kjennest trygge for alle. At ein skal kunna dansa saman med andre, uavhengig av alder og kjønn. Og at ein skal kunna seia frå om det skjer noko ein ikkje opplever er greitt, utan å skamma seg, seier Hulbækmo.

– At det er ein stadig refleksjon i miljøet om kva personar ein vel som førebilete, kva ein vil tillata personar å seia i offentlege forum, og kva ein gjer for å sikra seg gode førebilete, seier Vårdal.

– Målet må vera at ein ikkje gjev seg, men heile tida tryggjar romma der unge og gamle heilt naturleg kan vera saman, seier Fjerdingstad. – For er det noko eg ikkje vil mista, så er det dei særeigne møtepunkta mellom generasjonar i miljøet vårt.

– Nødvendig med tiltak

Manglande varsel kan vera eit teikn på at ein treng fleire tillitsskapande samtalar, meiner foreininga Balansekunst. No har både FolkOrg og Sff innleia prosessar for å ta Balansemerket.

– I FolkOrg løfta me saka i 2013 då me utarbeidde retningslinjene mot seksuell trakassering. Retningslinjene er sende ut fleire gonger, og me er medlem i Balansekunst, men prosessen med å ta Balansemerket vart forseinka då pandemien kom. Oppropet er ei påminning om at saka krev kontinuerleg merksemd, seier dagleg leiar Linda Dyrnes.

– Når nokon kjenner behov for å seia ifrå, må ein ta imot, seier direktør for Sff, Ellen Krageberg.

Begge organisasjonar har no sett i gang prosessar med Balansemerket, og Krageberg føreslår at dette kan vera eit tiltak miljøet målast på:

– Kor mange kurs har me arrangert, kor mange menneske har me nådd med kunnskap? Det tenkjer eg bør vera den overordna inngangen, seier ho.

«Oppropet peika på tydelege risikofaktorar: at folkemusikkmiljøet er prega av festar og ein særskild opplæringstradisjon – og at miljøet vert opplevd som positivt.»

Victoria Øverby Steinland, Balansekunst
Å løfta ei sak med klokskap

Kva tenkjer så Balansekunst om oppropet frå miljøet?

– Oppropet sette fingeren på mykje viktig, seier prosjektleiar Victoria Øverby Steinland. – Det peika på tydelege risikofaktorar for at seksuell trakassering kan skje, som at folkemusikkmiljøet er prega av festar og ein særskild opplæringstradisjon – og at miljøet vert opplevd som positivt. Den positive tilknytinga kan i seg sjølv gjera det vanskeleg å varsla.

Oppropet peikar på organisasjonane som ansvarlege for å setja i gang tiltak. Kva er dykkar syn på det?

– Ansvaret finst på ulike nivå. Ein interesseorganisasjon kan ha særskilt ansvar for å skapa medvit om problemstillinga. Ein arbeidsgjevar har eit juridisk ansvar for å førebyggja og handtera seksuell trakassering. Ikkje alle har kontraktfesta forhold, men både i ein frilanskontrakt og i frivillig arbeid har ein same vernet og retten til eit trygt arbeidsmiljø som fast tilsette. Viss for mange individ ikkje har ein naturleg arbeidsgjevar, bør ein vurdera å rydda i organisasjonskartet. På same måte er det viktig at det vert stilt krav til personane ein engasjerer. Utydelege grenser mellom jobb og privatliv er mellom risikofaktorane me ofte peikar på i kulturlivet.

Det har ikkje komme varsel til FolkOrg. Korleis tolkar du dette?

– Manglande varsel kan vera eit teikn på at ein treng fleire tillitsskapande samtalar. Det kan vera at ein ikkje har tort eller komme på at ein bør varsla. Di fleire som viser at dei vil snakka om emnet, di enklare blir det for andre å ta del.

I samband med #metoo har enkeltpersonar måtta bera mykje ansvar for ein generell ukultur. Korleis bør miljøet handtera enkelthistoriene?

– Å synleggjera erfaringar på eit generelt nivå er eit verktøy for å skapa høgare offentleg medvit. Men konkrete saker må ein handtera ryddig.

Når er miljøet der «det skal vera»?

– Eg trur dessverre aldri ein bør føla seg for trygg på at ein er i mål. Balansemerket tek høgd for dette, det vert gjeve for eitt år av gangen, og kvart år skal ein setja seg nye mål. Eit anna grep er å laga rutinar der emnet kan vera fast på aktuelle møte, så ein alltid snakkar om det.

Denne artikkelen er kortversjonen av ein lengre artikkel som du finn i Folkemusikk nr. 1/2021, som kom ut i veke 8. Bladet er i sal i nettbutikken til Tekstallmenningen.